Alle kommunar
/ Alver
/ Saksgang 25/2499
Maskinelt utlese med KI frå Alver sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
Saksgangen for arkivsak 25/2499
Same arkivnummer går att i 2 handsaming(ar). Tittelen og
utfallet under er attgitt slik dei står i kvar einskild protokoll for seg — dei kan
skilje seg frå kvarandre mellom møta, og sida vel ikkje éi av dei som «rette» tittel.
PS 94/25
Utval for areal, plan og miljø · 2025-09-03
Klage på vedtak - 345/140 - Stekkevikvegen 31 - Etablering av flytebrygge
Framlegg 1
vedteke
Yngve Walaker- FRP
Synfaring ved neste høve.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Samrøystes.
– · Sjå heile saklistesaka →
PS 104/25
Utval for areal, plan og miljø · 2025-10-15
Klage på vedtak - 345/140 - Stekkevikvegen 31 - Etablering av flytebrygge
Framlegg 1
vedteke
Leif Taule-SP
Vis heile framlegget
Alver kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå føresegn 3.1.7 bokstav c for
oppføring av flytebryggje. Vedtaket har heimel i plan- og bygningslova § 19-2.
Alver kommune godkjenner søknad om løyve til etablering av flytebryggje. Vedtaket er
heimla i plan- og bygningslova §§§20-1, 20-2 og 11-6.
Heimel for vedtaket er forvaltningslova § 33.
Grunngjeving for vedtaket:
Tiltaket er i samsvar med arelføremålet, og det er god plass til fleire og større flytebryggjer
innanfor føremålet.
Det vert her vist til at det i tidlegare Meland kommune, vart gjeve løyve til tiltak utan
plankrav, med ei litt anna plassering, som ikkje vart gjennomført grunna naboprotestar. Den
nye søknaden har ei langt betre plassering.
Tiltaket støttar opp om måla om å gjera kystområda meir tilgjengeleg, spesielt for barn,
unge og personar med nedsett funksjonsevne.
Dette vil leggja meir til rette for auka fysisk aktivitet, sosialt fellesskap og psykisk helsearbeid
for personar med nedsett funksjonsevne.
Tiltaket har stor samfunnsverdi ved å tilby barn og unge i skular og idrettslag trygge rammer
for trening, opplæring og aktivitet.
Tiltaket imøtekjem også eit ønskje om fleire båtplassar, areal for båtopptrekk og opnar
strandsona for breiare allmenn bruk.
BUA er etablert på kaiområdet med m.a. eit stor moglegheit for utlån av kajakkar og
området ligg i tilknyting til ro- og kajakkløyper, jf. fylkesplanen.
Tiltaket støttar opp om Vikebø som lokalsenter i Alver kommune.
Utvalet har vore på synfaring og kan ikkje sjå at omsyna til helskapleg planlegging i
strandsona vert vesentleg tilsidesett i denne saka.
Vilkår for godkjenninga:
Tiltaket vert universelt utforma med tanke på tilgang til sjø.
Området vert ope for ålmenta.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Framlegget vart samrøystes vedteke.
Votering — falt
Utfall: falt · Presisjon: samroystes
· for: 0
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Kommunedirektøren sitt framlegg fekk ingen røyster og fall.
– · Sjå heile saklistesaka →