Maskinelt utlese med KI frå Austrheim sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
Sak PS 78/25 - revidert framlegg om tillegg til vedtak:
5. Formannskapet ber om at kommunedirektøren straks går i dialog med NAV Fensfjorden med tanke på å finna løysingar som reduserer kommunen sine utgifter til sosiale ytingar både på kort og lang sikt.
I tillegg ber me om at følgjande tiltak blir sette i verk:
Presenter kommunale bustadtomter til sals på kommunen si heimeside. For bustadareal som kommunen eig på Kaland (gards- og bruksnummer 131/fleire) får administrasjonen løyve til å inngå avtale med utbyggjarar om å overta dette arealet vederlagsfritt, med eigne vilkår gjeldande frist for igangsetting med meir
Gjer det same med kommunale næringseigedommar som er til sals
Legg listene som viser kor mange hus det kan byggjast i arealplanperioden i kvar bygd ut på heimesida
Kommunen må klaga på Mattilsynet sitt vedtak om å nekta etablering av eit oppdrettsanlegg ved Senoksen i tråd med felles plan for sjøareal i Nordhordland.
Til neste møte i kommunestyret ønskjer me ei orientering om kor mykje pengar kommunen har brukt på konsulentar i saka om nytt helsetun og ei liste over kva konsulentselskap kommunen har nytta seg av i dette arbeidet.
Me må også få ei orientering om kor mange det er som vert råka av nedskjeringane i timetalet for fritidskontakt, samt kor store reduksjonar det er snakk om for den enkelte brukar. Kor mykje vil kommunen spara på dette tiltaket? Ønskjer ei orientering om dette i kommunestyret 1. oktober.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.