Maskinelt utlese med KI frå Austrheim sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
Saksgangen for arkivsak 24/1841
Same arkivnummer går att i 4 handsaming(ar). Tittelen og
utfallet under er attgitt slik dei står i kvar einskild protokoll for seg — dei kan
skilje seg frå kvarandre mellom møta, og sida vel ikkje éi av dei som «rette» tittel.
PS 10/25
Formannskapet · 2025-01-30
«KS Debatthefte 2025. Frå forventning til verkelegheit – om forventningsgapet»
Votering — vedteke
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
«KS Debatthefte 2025. Frå forventning til verkelegheit – om mellomoppgjeret 2025 og strategisk utvikling av avtaleverket»
Framlegg 1
vedtekePer Lerøy (Ap)
Vis heile framlegget
Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak vert støtta, men kommunestyret ber om at merknadane frå Utdanningsforbundet Austrheim vert tekne med i vedtaket:
Nasjonale myndigheiter: «Her ønsker KS også innspill og eksempler på hva som utfordrer handlingsrommet lokalt, herunder lovkrav/ forskrifter, rundskriv/veiledere, normer/kompetansekrav, tilsyn/kontroll, ny ansvarsfordeling mellom kommune/fylkeskommune/stat, kompetanse og kapasitetsstøtte og lignende.»
Det er dette som kan få alvorlege følgjer for barna og ungdomane i Austrheim kommunen.
Konsekvensar av å fjerne normer/kompetanse:
· Mindre pengar frå Staten. Med å fjerne normer/kompetansekrav vil ein truleg få mindre pengar overført frå Staten til kommunen, fordi ein då står friare til å redusera lønsutgiftene. Me veit at det “ikkje-lovpålagte-oppgåver” som ryk først i ein pressa økonomisk situasjon.
· Svekka læringsmiljø og større forskjellar: Større klassar og mindre individuell oppfølging vil særleg ramme elevar som treng ekstra støtte. I Austrheim har me fleire trinn som har parallellar.
· Høgare arbeidspress og sjukefråvær: Allereie høgt sjukefråvær blant tilsette i oppvekstsektoren kan forverrast med redusert bemanning, noko som kan føre til utbrentheit og lærarflukt. Høgare arbeidspress påverkar også kvaliteten på undervisninga i barnehage og skule.
· Svekka rekruttering: Lågare bemanning og større borne- og elevgrupper vil gjere det mindre attraktivt å bli lærar i barnehage og skule, noko som kan føre til endå større mangel på kvalifiserte lærarar i framtida.
Langsiktige utfordringar:
• Dårlege kutt på sikt: Reduksjon i lærartalet kan gi kortsiktige økonomiske innsparingar, men føre til større kostnader på lengre sikt gjennom enda svakare læringsutbytte og større behov for spesialundervisning.
Bekymringar frå Utdanningsforbundet:
Utdanningsforbundet åtvarar mot at dagens situasjon allereie er kritisk. Bemanningsnormene sikrar eit minimum av kvalitet og ressursar i skule og barnehage, men desse er allereie låge. Kunnskapen utdanning gir vaksne om born og danning, er avgjerande for å utdanna framtidige robuste og deltakande medborgarar.
Oppsummering
Normene for lærartettleik og bemanning er avgjerande for å sikre barna våre ein trygg og god oppvekst. Å svekke desse normene vil ramme kvaliteten på opplæringa, det kan øydelegge for ei likeverdig utdanning og svekke tilliten til skulesystemet. Me oppmodar politikarane i Austrheim til å stå opp for barna våre og sørgje for at kvaliteten i skule og barnehage ikkje blir svekka ytterlegare.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.