Maskinelt utlese med KI frå Masfjorden sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
PS 117/25 Nye prinsipp og retningslinjer for klasseturar i Masfjorden kommune
1. Klasseturen i 10.klasse vert organisert i samarbeid mellom elevar, klassekontakt og foreldre.
2. Turen kan gå både innanlands og til utlandet. Klassekasse og tidsbruk til førebuing og gjennomføring set rammene for turen.
3. Kommunen dekker reisekostnader med inntil kr 4000,- pr elev og søkjer i tillegg om kr 1000,- i støtte per elev frå UDIR. Denne summen må følgje prisvekst.
4. Kommunen dekkjer kostnader for lærarar / tilstrekkelege ressursar pr. skule til å ivareta det faglege innhaldet i turen.
5. For elevar som har vedtak om eigen assistent, dekkjer kommunen kostnader for assistentar til å ivareta eleven på turen.
6. Kostnader utover det kommunen dekkjer, må klassane sjølv skaffe gjennom felles dugnad.
7. Turen skal vare i maksimalt fem dagar med overnattingar.
8. Klasseturen skal arrangerast etter haustferien og elles tilpassast slik at det ikkje kjem i konflikt med store prøvar og eksamen.
9. Som hovudregel bør klasseturen vera ein fellestur for alle skulane, men det er ikkje eit krav.
10. Det er eit krav om at alle turane må innehalde eit fagleg program
11. Elevar som av gyldige grunnar ikkje kan delta på tur, skal følgje eit undervisningsopplegg ved sin eigen skule i den perioden klasseturen varer.
12. Gjeldande ordensreglar for skulane gjeld også under klasseturar.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.