Maskinelt utlese med KI frå Masfjorden sine offentlege møteprotokollar. Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte. Kor sikre tala er
Sjå heile saksgangen for denne saka →
Kommunestyret vedtek oppstart av forprosjekt for fleirbrukshall på Hosteland. Det vert løyvd krone 500.000,- til arbeid med forprosjektet, finansiert med fondsmidlar. Kommunestyret opnar for at ein søkjer om fylkeskommunale midlar knytt til stønadsordninga «nyskapande aktivitetsanlegg» med frist november 2024 samt prosjektilskot hjå fylkeskommunen. Forprosjektet skal omfatte ein mulighetsstudie som synleggjer alternative løysingar både for tradisjonell hallaktivitet og nyskapande aktivitet. Arbeidet med forprosjektet skal vera gjort ferdig innan sommaren 2025, men avklaringar rundt behov for reguleringsplan skal avklarast snarast mogleg. Rådmannen oppnemner tilsette frå ulike einingar som skal vere med i arbeidsgruppa saman med representantar oppnevnt av idrettsrådet. Viktige brukargrupper skal involverast i arbeidet som t.d. repr. for personar med nedsett funksjonsevne samt dei kommunale råda og rådsorgana ved skulane og barnehagane. Formannskapet vert styringsgruppe for arbeidet.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)
Framlegg til vedtak sett fram i møtet vart samrøystes vedteke.