Maskinelt utlese med KI frå Masfjorden sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
Driftsbudsjett 2026 vert justert i samsvar med vedlagte bevillingsoversyn drift.
Stordalen skisenter tilskot med kr. 250.000 (av tidlegare løyving på 400.000, kor berre 150.000 vart nytta)
Masfjordsambandet – vedtak arb.gr. og tildeling av oppdrag endring av reg.plan bru, netto 2,1 mill.kr. – finansiert med bruk av brufondet
Investeringsbudsjett 2026 vert justert i samsvar med vedlagte bevillingsoversyn investering, med følgjande endringar. Kommunestyret ber om at desse punkta vert utgreidd fram mot revidert budsjett.
Posten oppgradering av innvendig skular vert auka til 1,4 mill. kroner i revidert budsjett. Auken må sjåast i samanheng med komande sak i april, om oppgradering og praksis i skulane.
Overskotet til sal av datasenterareal skal settast på investeringsfond. Formål skal vera å å bruke dette i Indrefjorden til samfunnsnyttige formål som tener beredskap- og levekår i området som vert belasta av etableringa.
Posten støtte til samfunnshusa må tilsaman bli 90.000,- i 2026.
Ei grundig gjennomgang av tilstanden på bruene i kommunen, samt ein langsiktig plan for vedlikehald og finansiering. Målet må vere å unngå uforutsette omdisponeringar frå andre prioriterte tiltak.
Ei utgreiing av behovet for styrkt bemanning i teknisk avdeling, med ei vurdering av korleis auka kapasitet kan bidra til betre prosjektgjennomføring og meir effektiv ressursbruk.
Utgreiinga skal òg synleggjere behovet for ei eventuell vaktmeisterordning med sosialfagleg bakgrunn/erfaring ved skulane, og vurdere om ein slik ressurs delvis kan nyttast i samarbeid med oppvekstsektoren. Me ber og om at denne utgreiinga og vurderer behovet for ei stilling som miljøarbeidar / vaktmeister+
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.