Maskinelt utlese med KI frå Masfjorden sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
Saksgangen for arkivsak 24/901
Same arkivnummer går att i 2 handsaming(ar). Tittelen og
utfallet under er attgitt slik dei står i kvar einskild protokoll for seg — dei kan
skilje seg frå kvarandre mellom møta, og sida vel ikkje éi av dei som «rette» tittel.
PS 99/25
Formannskapet · 2025-10-21
Høyringsuttale frå Masfjorden kommune kring evt. grensejustering mellom Alver og Modalen, alt. Masfjorden kommune
Framlegg 1
vedtekeukjend
Saka vert lagt fram for drøfting i kommunestyret.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Høyringsuttale frå Masfjorden kommune kring evt. grensejustering mellom Alver og Modalen, alt. Masfjorden kommune
Framlegg 1
vedtekeGruppeleiarmøtet
Vis heile framlegget
Masfjorden kommune har mottatt innbyggjarundersøkinga om grensejustering i Alver for bygdene Romarheim og Vikanes med interesse. Masfjorden kommune forstår det slik at valet synes å stå mellom grensejustering med Modalen eller å fortsette i Alver for bygdene Romarheim og Vikanes. Masfjorden kommune ynskjer sjølvsagt nye innbyggjarar velkommen til vår kommune, også når det gjeld ei evt. grensejustering som i dette tilfellet.Masfjorden kommune vil kunne ivareta innbyggjarane i desse to bygdene på ein god måte, både med tanke på oppvekstvilkåra, arbeidsplassar og helse- og omsorgstenester.
I første omgang vil barnehage kunne løysast ved Matre barnehage.Barne- og ungdomsskule vil vi kunne tilby ved Matre skule, ca. 20-30 min. bussavstand frå desse bygdene. Matre skule har gode fasilitetar på basseng og idrettsanlegg. Det same gjeld fritidsaktivitetar der.
Masfjorden kommune har eit godt undervisningsopplegg i den kommunale kulturskulen og eit idrettsskuletilbud for barne- og mellomtrinnet, der det alltid er god kapasitet. Kommunen har gode idrettsfasilitetar ved skulane. Kommunen har også starta opp reguleringsarbeid for ein fleirbrukshall ved Nordbygda skule. Det er dessutan skisenter med moglegheit for alpin, og preparerte langrennsløyper i Stordalen.
Masfjorden kommune arbeider tett med Gulen kommune om næringsutvikling gjennom GMU. Dei fleste private arbeidsplassane ligg derfor like over grensa til Gulen, i Sløvåg og Skipavika. For å utvide arbeidsmarknaden for desse næringsområda arbeider Masfjorden med å etablere Masfjordsambandet som fast samband mellom Masfjordnes og Duesund. For tida arbeider kommunen med å leggje til rette for etablering av eit datalagringssenter på Matre. Dette vil vere arbeidsplassar i kort kjøretid frå bygdene Romarheim og Vikanes.
Masfjorden kommune sitt helse- og omsorgssenter er lokalisert på Hosteland med legekontor, fysioterapi, sjukeheim og NAV kontor.Sjukeheimen arbeider tett med heimetenesta som er godt rigga for å kunne bu heime lengst råd er. Masfjorden kommune har også eit godt støtteapparat for dei som bur i tilrettelagte bustader ved MBA. Alt i kort avstand frå legekontor, sjukeheim, skule og idrettsanlegg. Masfjorden kommune har også investert i omsorgsbustader i bygdene Haugsvær og Matre og har starta eit forprosjekt for vidare utbygging ved Masfjorden sjukeheim.
Masfjorden kommune ynskjer innbyggjarane i bygdene Romarheim og Vikanes velkomne om det vert valgt ei grensejustering som går mot Masfjorden. Det vil då vere naturleg å få dette avklara i samband med kommunen sin komande samfunnsplan som for tida er på høyring og føreståande arbeid med arealplanlegginga i Masfjorden.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.