Maskinelt utlese med KI frå Masfjorden sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
Saksgangen for arkivsak 25/1713
Same arkivnummer går att i 2 handsaming(ar). Tittelen og
utfallet under er attgitt slik dei står i kvar einskild protokoll for seg — dei kan
skilje seg frå kvarandre mellom møta, og sida vel ikkje éi av dei som «rette» tittel.
PS 98/25
Formannskapet · 2025-10-21
Oppfølging av plansaker som legg opp til nedbygging av myr og natur - høyringsak
Framlegg 1
vedtekeukjend
Rådmannen får fullmakt til å utarbeide framlegg til vedtak fram mot kommunestyret basert på diskusjonen i formannskapet og innkomne innspel frå partia.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Oppfølging av plansaker som legg opp til nedbygging av myr og natur - høyringsak
Framlegg 1
vedtekeRådmannen
Vis heile framlegget
Masfjorden kommune ser med stor uro på at Miljødirektoratet har sendt ut eit forslag til endring i plan- og bygningslova om generelt forbod mot bygging i områder med myr. Landskapet på Vestlandet er varierande, og eit generelt byggjeforbod i område der myr føre kjem vil få store konsekvensar for utviklinga i distriktskommunane på Vestlandet. Masfjorden kommune støttar difor ikkje framlegget mot nedbygging av myr slik det no ligg føre. Ein er samd i føremålet om å ta vare på myrområde av omsyn til natur og klima, men ein meiner dette kan gjerast i medhald av eksisterande verkemiddel, lovverk og planretningslinjer.
Kommunane har god lokal kunnskap om kva myrområde som er eigna til vern, og kva område som har større verdi for vidare utbygging til næringsområde eller andre føremål.
Masfjorden kommune vil peika på at målkonfliktar mellom klima, natur, samfunnskritisk infrastruktur, næringsutvikling og grøn omstilling må løysast i gode planprosessar som tek omsyn til lokalt handlingsrom og kommunalt planskjøn.
Eit eventuelt forbod må etter Masfjorden kommune si vurdering ikkje få tilbakeverkande kraft på godkjente reguleringsplanar, og formuleringa i § 1-8 a siste ledd der det står følgjande bør gå ut: Slik plan kan bare vedtas dersom en klar overvekt av interesser taler for det. Denne setninga meiner kommunestyret vil medføra at det vert ein høgare terskel for at kommunen gjennom reguleringsplan skal kunne opna for nedbygging av myr enn for anna arealbruk, og opnar for ein ny og strengare statleg kontroll av reguleringsplanar i desse områda. Eit krav om klar overvekt av interesser inneberer og ei innstramming frå det som elles følgjer av plan- og bygningslova og difor ei innstramming av det kommunale sjølvstyret. Masfjorden kommune meiner at målet om å beskytta myr kan ivaretakast gjennom eksisterande verkemidlar for statleg styring, utan at det må innførast eit generelt skjerpa vilkår for unntak for nedbygging av myr.
Vert det likevel innført eit forbod bør dette avgrensast til myr djupare enn 1 meter, og til myrer som har ein storleik på minimum 5 dekar. Mindre flekkar av myr «lappetepper» må ikkje takast med i forbodet. Det må vere eit krav at eit eventuelt myrforbod får ei klar definisjon av storleiken av myra og djupna av denne, og at denne typen myrområde vert klarlagt og kartlagt i statleg regi.
Masfjorden kommune oppmodar til slutt at det vert vurdert ei ordning med tilskot til frivillig vern av myrareal, slik det vert gjort med skogsareal. Det vil gjere det mindre interessant å byggja ned verdifulle myrareal.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.