Maskinelt utlese med KI frå Masfjorden sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
Saksgangen for arkivsak 25/642
Same arkivnummer går att i 4 handsaming(ar). Tittelen og
utfallet under er attgitt slik dei står i kvar einskild protokoll for seg — dei kan
skilje seg frå kvarandre mellom møta, og sida vel ikkje éi av dei som «rette» tittel.
PS 35/25
Formannskapet · 2025-04-29
Vedtekter for Masfjorden Ungdomsråd med retningsliner 2025
Vedtekter for Masfjorden Ungdomsråd med retningsliner 2025
Framlegg 1
vedtekeKariann Ekren (H)
Me ynskjer å sende saka tilbake til ungdomsrådet for gjennomgang. Ein legg ved det justerte forslaget i tilbakesendingen. Saka kjem opp igjen i kommunestyret i juni.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Masfjorden Ungdomsråd er eit rådgjevande organ oppnemnd med heimel i kommunelova § 512. Masfjorden Ungdomsråd har møte minst 2 gonger kvart halvår.
Ungdomsrådet skal arbeida for å skape best mogeleg ungdomsmiljø i Masfjorden kommune og fremje saker som ungdomsgruppene er opptatt av.
Ungdomsrådet skal ha jevnleg kontakt med elevråda ved skulane dei representerer.
Ungdomsrådet skal bestå av ungdommar busett i Masfjorden i alderen 13-20 år.
Ungdomsrådet har rett til å gje uttale i alle saker som gjeld ungdom og bør i tillegg ha fokus på saker som til dømes budsjett og kommunale planar. Rådet kan også ta opp saker på eige initiativ. Rådet skal representera og uttalar seg på vegne av alle ungdommar i kommunen. Rådet skal samarbeida med elevråda på skulane i Masfjorden.
Rådmannen skal sjå til at det vert etablert rutiner som sikrar at rådet mottek sakene på eit så tidleg tidspunkt i sakshandsaminga, at uttalane frå rådet har moglegheit til å påverka utfallet av sakene.
Rådet skal ikkje behandle saker som gjeld avgjersler overfor enkeltpersonar. Kommunestyret kan gje rådet mynde til å fordele bevillingar.
Ungdomsrådet har høve til å stilla med to representantar som har talerett i formannskap/kommunestyret
Reglement for folkevalde gjeld også for Masfjorden Ungdomsråd. Dette gjeld særleg innkalling og protokoll, møteleiing og møteplikt. Reglement for godtgjering til folkevalde gjeld også for ungdomsrådet.
Rådmannen skal sjå til at reglement for folkevalgte vert gjennomgått for alle valte representantar i ungdomsrådet.
§ 2. Samansetning og val
Masfjorden Ungdomsråd har 8 medlemmar og 5vara
Det er i tillegg ein politisk representant oppnemnd av kommunestyret og ein administrativ kontaktperson peika ut av rådmannen som møter fast i Ungdomsrådet. Desse representantane har ikkje røysterett i Ungdomsrådet.
Masfjorden ungdomsråd skal ha slik samansetjing: Kvar skule (Nordbygda, Matre, Sandnes) og vidaregåande skal til ein kvar tid være representert med minst 1 representant i ungdomsrådet, slik at ein ikkje risikerer at nokre skular ikkje er representert. Dette må ein kvalitetssikra under valeprosessen.
5 vararepresentantar i prioritert rekkefylgje. Der skal væra representantar frå alle krinsane.
Samansetjinga av Ungdomsrådet skal ivareta reglar om kjønnsbalanse.
Kommunestyret vedtar samansetjinga av ungdomsrådet etter innstilling frå rådmannen.
Ungdomsrådet har ein valperiode på 2 år der halvparten frå kvar skule/skulegruppe står på val årleg etter 2 år i utvalet. Representantane skal ikkje vera fyllt 19 år på valtidspunktet.
Ungdomsrådet konstituerer seg sjølv og vel sjølv sin leiar og nestleiar blant medlemma. Leiar og nestleiar utgjer ei arbeidsgruppe som har jamleg kontakt med kommunen sine kontaktpersonar.
Kommunestyret oppnemner politisk kontaktperson frå kommunestyret. Kontaktperson sine oppgåver er:
• Ha ansvar for kva saker som vert lagt fram for ungdomsrådet ilag med arbeidsgruppa
• Ha ansvar for søknad til Kraftfondet og andre som kan bevilge pengar som ungdomsrådet kan disponere, til dømes kurs
• Ungdomsfondet
• Ha ansvar for å melde tilbake til kommunestyret kva ungdomsrådet er opptatt av
• Ta del i organisering og gjennomføring av eventuelle studieturar
• Ha kontakt med skulane i Masfjorden i samband med val av nytt ungdomsråd
Rådmannen oppnemner administrativ kontaktperson frå administrasjonen. Kontaktpersonen sine oppgåver er:
• Laga retningslinjer for val av medlemmer til ungdomsrådet
• Laga retningslinjer for ungdomsfondet
• Hjelpa ungdomsrådet med å etablera kontakt med kommunale organ
• Sørge for at ungdomsrådet har tett dialog og samarbeid med frivillighetskoordinator
• Ha ansvar for kontinuitet i ungdomsrådet
• Ha ansvar for opplæring og informasjon
• Ha ansvar for at det vert utarbeidd budsjett og årsmelding
• Ha ansvar for at ungdomsrådet har jevnleg kontakt med skulane
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.