Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
Revidert årsbudsjett vert godkjent med fylgjande endringar:
Meirinntekter frå sentrale postar med kroner 6 300 000,- skal setjast av til disposisjonsfondet/til å dekke meirforbruk frå 2024 og 2025,
Kommunedirektøren får fullmakt til å fordele lønsramma ut i frå lønsoppgjeret i kvar sektor.
Grunngjeving:
For å sikre økonomisk handlerom og unngå å hamne på Robek, er det viktig at vi får betalt ned meirforbruk frå 2024 og 2025.
Då er det ikkje rom for å bruke alle meirinntektene til å auke budsjettrammene.
Kommunen har for høg aktivitet/brukar for mykje penger i høve til inntektene.
Det blir ikkje lettare å ta ned aktiviteten neste år og det er viktig å kome i gang med innsparingstiltak allereie frå hausten for at slike skal få effekt.
‘Meirforbruk’ så langt i år, må difor søkast dekka inn av sektorane innanfor gjeldande budsjettrammer.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Fellesforslag frå formannskapet og tilleggsforslag frå Kim Andre Hartveit(Frp) vart samrøystes vedteke.
Framlegg 2
vedtekeKim Andre Hartveit(Frp)
Vis heile framlegget
Vurdere innsparingstiltak inneverande år fram mot heradstyret 18 juni.2026
Avvikle levekårsutvalet frå august 2026
Tilsette fleire i heimetenesta og på Osterøytunet for å redusere bruk av vikarbyrå og ha tilstrekkeleg med tilsette til å møte ei aldrande befolkning som treng fleire heimetenester
Kutte eitt årsverk i kulturskulen frå august 2026, pga redusert barnetal
Kutte eitt årsverk på helsestasjonen, pga redusert barnetal
Undersøke om talet på årsverk på Lonevåg skule kan reduserast som fylgje av lågare elevtal. Opne for at elevar i den tidlegare Haugekrinsen kan søke og få skuleplass på Lonevåg for å få til ei effektiv klassedeling og jamnare elevfordeling mellom Lonevåg og Valestrand.
Redusere talet på flyktningar kommunen tek i mot i inneverande budsjettår dersom dette er mogeleg
Vidareføre ‘tilsetjingsstopp’ i administrative stillingar og leiarstillingar. Det bør ikkje tilsetjast i den nye innkjøparstillinga som er utlyst før kommunedirektøren veit om heradsstyret vil gå vidare med Omsorg Pluss i den forma og det omfanget som er ute på anbud.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.