Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
PS 27/24 Politisk styringsstruktur og reglement - fastsetting av reglement for kommunevalsperiode 2023-2027
1. Heradsstyret vedtek endringar allereie innarbeidd i reglementet av administrasjonen
2. §5 Deltaking i møte for andre enn valde medlemmer:
Nytt tredje avsnitt: Leiar i Eldrerådet, Råd for menneske med nedsett funksjonsevne og Ungdomsrådet har møte og talerett i Heradsstyret og har høve til å teikna seg til eit innlegg i starten av kvar sak. Innlegget bør vera avklart med ordførar før møtestart.
3. Nedst på s. 12: Stryk: «svært kort, maks 2 minutt, og vere»
4. §22 om Deputasjonar: Stryk
5. §27 om Eventuell ny behandling av avgjort sak: Stryk
6. §28 om «Legalitetskontroll»: Stryk
7. «Reglement for delegering av mynde frå heradsstyret til kommunedirektør – oversyn»: 2.10 andre punkt: bytte ut ordet «formannskapet» med «plan- og kommunalteknisk utval». 3 sjette ledd: bytte ut ordet «fylkesmannen» med «statsforvaltar»
8. Kommunedirektøren får fullmakt til å innarbeide dei vedteke endringsforslaga og gjere mindre språklege justeringar utan å endre innhald.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.