Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
PS 56/24 Retningslinjer for etablering av flyktningar
Osterøy kommune har sagt seg villige til å verna og å vareta eit visst talet på flyktningar, og det er frå statleg hald ei forventning om at me skal få desse flyktningane ut i arbeid innan rask tid. Då må me som kommune gi dei så gode føresetnader som mogleg for å kunna tileigna seg dette arbeidet. Stønadssatsane desse flyktningane får er lågare enn det me definerer som låginntekt i Noreg, og då er det naturleg at dei vil prioritera andre ting enn tannhelse og syn når dei får inn pengar. Dette er prioriteringar som kan forverra eksisterande tilstandar over tid og som kan senka livskvalitet betrakteleg. Det er ikkje i denne saka gitt tal på kor mykje kommunen forventar å spara på dette tiltaket, men etter det me kan sjå frå årsrekneskapen var dette ein budsjettpost som i stor grad gjekk i balanse i fjor, men der ein forventar å ha meirforbruk som følgje av ventestønader i år. Me kan ikkje sjå det tilstrekkeleg grunngav frå sakspapira at dette er nødvendige kutt og at kutta ikkje vil vera til hindring for integreringsarbeidet eller moglegheitene flyktningane vil ha til å kunna byggja seg gode kvardagar og å tileigna seg arbeid. Me veit heller ikkje kor lenge krigen i Ukraina kjem til å vara, og det verkar for oss mogleg at dette forslaget vil påverka folks kvardag og livskvalitet over fleire år dersom det går gjennom.
Foreslått endring: Dagens rett til stønad til optikar og tannlegehjelp for flyktningar med kollektivt vernebehov blir halden ved like.