Alle kommunar
/ Osterøy
/ Heradsstyret
/ PS 116/24
Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
PS 116/24 Planstrategi 2024 - 2027
Sjå heile saksgangen for denne saka →
Framlegg 1
11–16 · falt
Herdis Helle (Ap)
Vis heile framlegget
Planstrategi for Osterøy kommune vert vedteke slik han ligg føre med fylgjande unntak:
1. Det som står om Hauge på s. 22 til 23 blir tatt ut. Det som står om Hauge på side 3
blir endra til at : ‘Avsnittet som var tatt inn om Hauge i høyringsdokumentet er
fjerna. Kommunen ser det ikkje som aktuelt å utarbeide ny områderegulering for
Hauge i planperioden. Spørsmålet om det er aktuelt med revisjon av
kommunedelplanen for Hauge eller om den bør takast ut frå kommunen sitt
planverk, vil verte drøfta i samband med den politiske handsaminga av KPAen.*
2. På side 26 vert det i siste setning sett punktum etter endra. Delsetninga ‘dersom
privat reguleringsplan for Lonaneset med framlegg om miljøprioritert
gjennomfartsveg i Gjerstadvegen blir vedteke’ blir fjerna.
3. Under avsnittet Trafikksikring på side 27 vert siste setning om Lonaneset og
miljøprioritert gjennomfartsveg i Gjerstadvegen blir tatt inn i handlingsdelen til
trafikksikringsplanen når han skal reviderast fjerna.
2. Grunngjeving:
• Hauge
Det er uheldig at planprogrammet – for Hauge sitt vedkomande – føregrip den politiske
handsaminga av både komande og neste KPA.
For komande KPA er heradsstyret samd med kommunedirektøren i at det ikkje vil vere
tenleg med ny områdeplan for Hauge. Heradsstyret er derimot ikkje klare til å ta stilling til
om kommunedelplan for Hauge bør opphevast eller reviderast. Vi veit pt ikkje kva for
føringar og føresegner kommunedelplanen som er foreslått vidare i KPAen. Det er heller
ikkje drøfta i saksframlegget om det kan vere tenleg å revidere KPAen med tanke å få sett av
areal og legge føringar for infrastrukturen på Hauge. I samband med etablering av Omsorg
pluss og planlagd daglegvareforretning, er det behov for å planlegge situasjonen for mjuke
trafikkantar betre. I dagens planverk er det planlagt for vidareføring av gang- og sykkelveg
langs fylkesvegen frå sjukeheimen og i retning mot krysset ved gamlebutikken. Det er
mogeleg revidert kommunedelplan for Hauge kan vere eit tenleg reiskap for å få dette til.
Dette er det naturleg å drøfte i samband med den politiske handsaminga av KPAen og
planvasken som skal gjerast i den forbindelse, ikkje i planprogrammet.
Planstrategien for 2024 – 2027 er heller ikkje ein tenleg plass for å legge føringar på arbeidet
med neste KPA ved å gje tilslutnad til at ‘det er ønskeleg at areal som i dag ligg som
næringsområde på Hauge blir gjort om til sentrumsføremål’. Vi antar at dette relaterer seg
til arealet der BiR, Systemtrafikk og Haugland Automobil ligg i dag. Vi har ikkje registrert
ynskje korkje frå bedriftene eller politisk hald om at desse næringsverksemdene skal måtte
flytte frå næringsarealet på Oksadrepet og flytte til Espevoll eller Oddalsmyra for å
gjereplass til eit større sentrum på Hauge. Vi veit heller ikkje om det vil være plass til desse
næringsverksemdene på Espevoll eller Oddalsmyra når KPAen skal reviderast neste gong.
• Områderegulering Lonevåg – miljøprioritert gjennomfartsveg Gjerstadvegen.
Det er usikkert om reguleringsplanen for Lonaneset vil verte vedteken slik han ligg føre.
Plan- og kommunalteknisk utval uttrykte sterk skepsis til løysinga med miljøprioritert
gjennomfartsveg då det vart treft vedtak om å legge planen ut på førstegongs høyring og
trefte slikt samrøystes vedtak:
«Plan for Lonaneset blir lagt ut på høyring med merknad om at foreslått trafikal løysing må
endrast ned til Lonevåg sentrum. Innsnevring av eksisterande kjørebane vil medføre for
store utfordringar for transport til industrien sør om området. K. Lerøy/Osterøy
Transport/Solberg Mekaniske/Lts Maskin og andre har behov for å komme forbi med stor bil
og dette må tas hensyn til.»
Utfall: falt · Presisjon: blanda
· for: 11
· mot: 16
Mot
16
FRP 6 H 4 INP 2 KRF 2 SP 1 V 1
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
Parti Side Røyster Kjelde
AP for
4
eksplisitt
SP for
6
utleidd frå namn
SV for
1
eksplisitt
FRP mot
6
eksplisitt
H mot
4
eksplisitt
INP mot
2
eksplisitt
KRF mot
2
eksplisitt
SP mot
1
utleidd frå namn
V mot
1
eksplisitt
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Framlegg frå Herdis Helle (Ap) falt med 11 røyster for og 16 røyster mot.
Røsyter for: 4 Ap, Sv, Lars Fjeldstad (Sp), Kjellaug Hartveit (Sp), Johannes Haugland (Sp),
Helge Valestrand Edvardsdal (Sp), Gerd Karin Njaastad (Sp), Frode Flesland (Sp),
Røyster mot: Turid Bjørndal Njåstad (Sp), 6 Frp, 4 H, 2 Krf, 2 Inp, V
Framlegg 2
25–2 · vedteke
Sebastian Haugland (H)
Vis heile framlegget
Tabell 4-2 Prioriterte planar for perioden 2024-2027, side 25, dei to siste punkta i seksjon
«Samfunnsutvikling»: «Områdereguleringsplan for Valestrandfossen» og
«Områdereguleringsplan for Lonevåg» går ut.
Grunngjeving: Dette arbeidet har kommunen ikkje kapasitet til i noverande periode, grunna
pågåande arbeid med Kommuneplanen sin arealdel, Kommunedelplan kulturmijø, og
Naturmangfaldsplan.
Utfall: vedteke · Presisjon: blanda
· for: 25
· mot: 2
For
25
AP 4 FRP 6 H 4 INP 2 KRF 2 SP 6 SV 1
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
Parti Side Røyster Kjelde
AP for
4
eksplisitt
FRP for
6
eksplisitt
H for
4
eksplisitt
INP for
2
eksplisitt
KRF for
2
eksplisitt
SP for
6
utleidd frå namn
SV for
1
eksplisitt
SP mot
1
utleidd frå namn
V mot
1
eksplisitt
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Tilleggsforslag 2 frå Sebastian Haugland (H) vart vedteken med 25 røyster for og 2 røyster
mot
Røsyter for: 6 Frp, 4 H, 4 Ap, 2 Krf, 2 Inp, Sv, Lars Fjeldstad (Sp), Kjellaug Hartveit (Sp), Turid
Bjørndal Njåstad (Sp), Helge Valestrand Edvardsdal (Sp), Gerd Karin Njaastad (Sp), Frode
Flesland (Sp),
Røyster mot: V, Johannes Haugland (Sp)
Framlegg 3
vedteke
Sebastian Haugland (H)
Vis heile framlegget
Tabell 4-2 Prioriterte planar for perioden 2024-2027, side 25, punkt 4 «Kommuneplanen sin
samfunnsdel 2021-2031» blir endra til oppstart i 2027.
Grunngjeving: Kommuneplanen sin samfunnsdel er premissgjevar for alt arbeid i kommunen
og bør arbeidast med like etter at eit nytt heradsstyre tek til for å gjenspegla nye
prioriteringar. Det er det ikkje grunn til i inneverande periode.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Tilleggsforslag 1 frå Sebastian Haugland (H) vart samrøystes vedteken
Votering — vedteke
Utfall: vedteke · Presisjon: blanda
· for: 26
· mot: 1
For
26
AP 4 FRP 5 H 4 INP 2 KRF 2 SP 7 SV 1 V 1
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
Parti Side Røyster Kjelde
AP for
4
eksplisitt
FRP for
5
eksplisitt
H for
4
eksplisitt
INP for
2
eksplisitt
KRF for
2
eksplisitt
SP for
7
eksplisitt
SV for
1
eksplisitt
V for
1
eksplisitt
FRP mot
1
utleidd frå namn
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Innstilling frå Formannskapet vart vedteke med 26 røyster for og 1 røyst mot.
Røyster for: 7 Sp, 5 Frp, 4 H, 4 Ap, 2 Krf, 2 Inp, V. Sv
Røyster mot: Ann Helen Solberg (Frp)