Alle kommunar
/ Osterøy
/ Plan- og kommunalteknisk utval
/ PS 83/24
Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
PS 83/24 Gbnr 15/39 - Søknad om dispensasjon for oppføring av lagerbygg
Sjå heile saksgangen for denne saka →
Framlegg 1
vedteke
Johannes Haugland (Sp)
Vis heile framlegget
"Kommunen gjev dispensasjon frå plankravet i kommuneplanføresegn punkt 1.2, jf. plan- og
bygningslova §§ 11-6 og 11-9 nr. 1 til oppføring av ny lagerhall på gnr. 15 bnr. 39, jf. plan- og
bygningslova § 19-2."
Grunngjeving: Plan og kommunalteknisk utval meiner at omsyna bak regelen det er søkt om
dispensasjon i frå og omsyna i føremålsreglane i lova ikkje vert vesentleg tilsidesett. Etter ei
samla vurdering er fordelen med å gje dispensasjon større enn ulempene. Det skal ikkje
gjerast inngrep som i ytterlegare grad byggjer ned kantvegetasjon langs vassdraget. Det skal
og gjennomførast førebyggande tiltak for å redusera tilsig av ureina vatn til vassdraget i
anleggsperioden og etterfylgjande bruk av bygget. Om søkt tiltak er ein plasthall/lagerhall
som i hovudsak skal nyttast til mellomlagring av bilar og maskiner som i dag står i friluft, og
at dette er innretningar som i all hovudsak kan flyttast ved eventuelle flaumar. Det har vore
næringsaktivitet på industriområde sidan 1965 utan at flaum har vore noko problem.
Maksimalutnyttelsegrad vert då 25% BYA
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Forslag frå Johannes Haugland vart sett opp mot forslaget til kommunedirektøren
Johannes Haugland sitt forslag til vedtak vart samrøystes vedteke