Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
PS 54/25 Gbnr 15/39 - Endra dispensasjonsvedtak for oppføring av lagerhall
vedtekealle medlemmer i plan- og kommunalteknisk utval
Vis heile framlegget
Plan og kommunalteknisk utval omgjer/opphevar tidlegare dispensasjonsvedtak i saka, av 27. 11. 2024 sak 83/24, og treff slikt nytt vedtak:
Kommunen gjev dispensasjon frå plankravet i kommuneplanføresegn punkt 1.2, jf. plan- og bygningslova §§ 11-6 og 11-9 nr. 1 til oppføring av ny lagerhall på gnr. 15 bnr. 39, jf. plan- og bygningslova § 19-2 på fylgjande vilkår:
* Det skal ikkje opnast for oppføring eller verksemd som kan gje avrenning eller andre negative verknader for vassdraget.
* Det skal gjennomførast førebyggande tiltak for å redusera tilsig av ureina vatn til vassdraget i anleggsperioden og etterfylgjande bruk av bygget. Førebyggande tiltak for anleggsperioden skal dokumenterast før igangsetjing. Førebyggjande tiltak for etterfylgjande bruk skal vere dokumentert gjennomført før det vert søkt om ferdigattest eller mellombels bruksløyve for tiltaket."
Grunngjeving:
Plan og kommunalteknisk utval meiner at omsyna bak regelen det er søkt om dispensasjon i frå og omsyna i føremålsreglane i lova ikkje vert vesentleg tilsidesett. Etter ei samla vurdering er fordelen med å gje dispensasjon større enn ulempene. Det skal ikkje gjerast inngrep som i ytterlegare grad byggjer ned kantvegetasjon langs vassdraget. Om søkt tiltak er ein plasthall/lagerhall som i hovudsak skal nyttast til mellomlagring av bilar og maskiner som i dag står i friluft, og at dette er innretningar som i all hovudsak kan flyttast ved eventuelle flaumar. Det har vore næringsaktivitet på industriområde sidan 1965 utan at flaum har vore noko problem. Maksimal utnyttingsgrad vert då 25% BYA.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak og vart sett opp mot fellesforslag.
Fellesforslag frå alle medlemmer i plan- og kommunalteknisk utval vart samrøystes vedteke.