Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
Saksgangen for arkivsak 23/5090
Same arkivnummer går att i 4 handsaming(ar). Tittelen og
utfallet under er attgitt slik dei står i kvar einskild protokoll for seg — dei kan
skilje seg frå kvarandre mellom møta, og sida vel ikkje éi av dei som «rette» tittel.
66/1 - Klage på avslag etter søknad om omdisponering av overflatedyrka jord til hus nr.2
Framlegg 1
3–2 · vedtekeRagnar Tyssebotn, FRP, på vegne av FRP, KRF og H
Vis heile framlegget
"Administrativt vedtak i sak 266/23 vert gjort om. Klagen vert teke til følgje og det vert gjeve løyve som omsøkt. Tidsavgrensing som er sett i tidlegare vedtak etter plan og bygningslova i saka vert oppheva.
Grunngjeving:
Bruket har i dag ein generasjonsbustad, der brukar med familie bur saman med kårfolket. Kårfolket er aldrande, og brukaren har trong for bistand til drifta på bruket gjennom året. Slik situasjonen på garden er i dag, er det ikkje husvære nok til å få dette til. Dermed er det vorte søkt om tiltaket, slik at ein lettare kan få naudsynt hjelp i drifta på eit bratt og tungdrive Vestlandsbruk. Plan- og kommunalteknisk utval har tidlegare gjeve løyve etter plan og bygningslova. Tidsavgrensinga gjeve i tidlegare løyve vert oppheva med same grunngjeving som i denne saka.
Bruket er bratt og vert drive med låg mekaniseringsgrad. Det er få slik bruk att i drift på Vestlandet, og det er endå færre slike bruk som har så unge brukarar som det me finn her. Det er difor viktig at me som kommune legg til rette for drift på slike bruk på ein god måte som kan bidra til å sikre vidare drift. Me må heie fram slik gardsdrift som ivaretar ein variert bruksstruktur, og ikkje freiste å stoppe det. Dette er og heilt i tråd med Jordlova §1, føremål, samt Rundskriv M2/2021Kap2.1.1 Kommunens oppgaver, siste avnsitt.
Omsøkte tiltak, er plassert slik at det ligg lengst mogleg unna driftssenter, når ein tek omsyn til dei naturgitte farene i området og utan å måtte drive omfattande anleggsarbeid som vil skade dyrka mark. Vegen er lagt slik i terrenget, at det gjev særs god nytte for å ta ut skogen i lia ned mot sjøen og vika. Den vert og ei god hjelp i gjødsling og hausting av innmarka. Ei løysing med veg på tvert av terreng ville koste svært mykje dyrka mark og såleis skade driftsgrunnlaget på eigedomen meir enn naudsynt. Som vist i nyttekalkulatoren, har vegen slik den er plassert no, høg uttellling som landbruksveg.
Tiltaket, slik det er omsøkt, vil ikkje påverke produksjonsgrunnlaget på bruket i nokon grad då det er lite dyrka eller dyrkbart som vert berørt. Det er positivt at tiltaket er plassert i randsona mot skogen, og gjev nytte både mot innmarka, men også eit svært bratt skogterreng. Omsøkte område der sjølve tiltaket er plassert er i hovudsak berg i dagen og ein steindunge etter ei vegutbygging. Arealet er ikkje nyttbart til som jordbruksland og er heller ikkje dyrkbart då det er utan jordlag.
For drifta på denne garden er det svært positivt at ei slik løysing kan gje grunnlag for å sikre drifta også inn i framtida. Ved å gje løyve som omsøkt er det vår vurdering at lova sine føremålsreglar ikkje på nokon måte vert sett til sides. Vilkåra i Jordlova §9 er og oppfylde, då det vil føre til ei «drifts eller miljømessige ulemper for landbruket i området, kulturlandskapet» dersom ein ikkje gjev løyve til omdisponering i denne saka. PÅ samme måte er vilkåra i jordlova §12 , tredje ledd oppfylt.
For å trygge drifta på bruket mest mogleg for framtida, er det naudsynt å oppheve tidsavgrensinga i saka då dette vil gje ei driftsmessig god løysing for bruket."
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
Parti
Side
Røyster
Kjelde
FRP
for
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
H
for
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
KRF
for
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
AP
mot
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
SP
mot
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet