Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar. Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte. Kor sikre tala er

Saksgangen for arkivsak 25/668

Same arkivnummer går att i 5 handsaming(ar). Tittelen og utfallet under er attgitt slik dei står i kvar einskild protokoll for seg — dei kan skilje seg frå kvarandre mellom møta, og sida vel ikkje éi av dei som «rette» tittel.

PS 31/25

Formannskapet · 2025-06-04

Økonomirapport 1.tertial 2025

Vi har ikkje eit uttrekk for denne handsaminga.

· Sjå heile saklistesaka →

PS 55/25

Heradsstyret · 2025-06-19

Økonomirapport 1.tertial 2025

Framlegg 1

vedteke Ann Kristin Borge(Ap) og Bjarte Aarland(Krf)
Vis heile framlegget
  • Heradsstyret ber kommunedirektøren om å få framlegg til kutt på første eller andre heradsstyremøte etter sommarferien.
  • Saksutgreiinga skal synleggjere konsekvensar av føreslåtte tiltak, gjerne samanstilt. Tiltaka skal frå administrativt hald vere prioriterte.

Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes

Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Innstilling frå Formannskapet, tilleggsforslag frå Ann Kristin Borge(Ap) og Bjarte Aarland(Krf) vart samrøystes vedteke.

· Sjå heile saklistesaka →

PS 84/25

Heradsstyret · 2025-10-16

Reduksjon av driftskostnader 2025

Votering — vedteke

Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes

Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke.

· Sjå heile saklistesaka →

PS 43/25

Formannskapet · 2025-10-29

Økonomirapport 2.tertial 2025

Votering — vedteke

Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes

Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke.

· Sjå heile saklistesaka →

PS 105/25

Heradsstyret · 2025-11-06

Økonomirapport 2.tertial 2025

Framlegg 1

9–17 · falt Herdis Helle (Ap), Geir Olsen (Ap) og Frp
Vis heile framlegget
  • Bakgrunn
  • Tertialrapporten syner at budsjettet på nokre punkt ikkje har vore realistisk og at vi har budsjettert med for lågt overskot.
  • Sjølv om inntektene ligg over budsjett og at dei fleste sektorane har hatt god budsjettdisiplin, går vi mot eit driftsunderskot også i år.
  • Heradsstyret har likevel ikkje fått seg framlagt forslag til reviderte budsjett.
  • Situasjonen er alvorleg. Vi har eit udekka meirforbruk frå i fjor og disposisjonsfondet er tomt.
  • For å unngå å kome i ein tilsvarande situasjon i neste budsjettår, når den økonomiske situasjonen blir enno strammare grunna dei enorme investeringane eit fleirtal i heradsstyret vil gjennomføre, må vi alt no ta grep for å redusere driftsutgiftene.
  • Fleire tiltak vil ikkje få verknad før eit godt stykke inn i neste budsjettår, fordi det tek tid å gjennomføre omstillingane.
  • Framlegg til vedtak:
  • 1. Når heradsstyret får lagt fram tertialrapportane neste år, skal kommunedirektøren samstundes legge fram forslag til revidert budsjett.
  • 2. Kommunedirektøren skal starte arbeidet med å gjennomføre fylgjande innsparingstiltak:
  • a) Avvikle frivilligsentralen. Arbeidet med utstyrssentralen/utstyrsbiblioteket skal søkast vidareført, eksempelvis ved hjelp av andre deler av kultursektoren/Smia. Kommunedirektøren skal undersøke om det er anna passande arbeid i kommunen å tilby tilsette som eventuelt blir overtalige.
  • b) I feriane skal det vere felles SFO på ein av dei kommunale skulane, om dette gjev innsparingar
  • c) Kutte to årsverk i kulturskulen. Heradsstyret er innforstått med at dette vil leie til mindre breidde i tilbodet og kan gå ut over kvaliteten på undervisninga. Kommunedirektøren skal undersøke om det er anna passande arbeid i kommunen å tilby tilsette som eventuelt blir overtallige, gjerne innan den ordinære skulen for å styrke kompeansen knytt til praktiske og estetiske fag, som det er varsla at skal få ein større plass der
  • d) Undersøke om talet på årsverk på Lonevåg skule kan reduserast med minst to, sidan elevtalet der går ned, samt opne for at elevar i den tidlegare Haugekrinsen kan søke skuleplass på Lonevåg for å få ei jamnare elevfordeling mellom Valestrand og Lonevåg
  • e) Utgreie etablering av ein forsterka skuleavdeling i Lonevåg. Føremålet er å gje eit betre kvalitativt tilbod til elevar med omfattande og særskilde behov, og få til innsparingar og betre fagmiljø gjennom å samle ressurskrevjande tiltak på ein skule med ny og god bygningsmasse. Tilbodet skal vere søknadsbasert og frivillig. Etter opplæringslova har barn rett til å gå på nærskulen sin om dei ynskjer det. Det gjeld også barn med særskilde behov. Mange foreldre ynskjer imidlertid eit betre tilbod enn det som det er mogeleg å få til på kvar einskild skule. Ein del kommunar sikrar dette gjennom å opprette sentraliserte og forsterka skuleavdelingar.
  • f) Det er vanskeleg å få tak i nok pedagogar i skulen. For å sikre at vi beheld dei vi har og får tak i eit tilstrekkeleg tal nye, bør kommunedirektøren prøve å skjerme desse gruppene for merkantilt arbeid og arbeid som miljøarbeidarar kan gjere og prøve og få slike yrkesgrupper (fagarbeidar handel og kontor, miljøarbeidar/miljøterapeut, vernepleiar, pedagogiske assistentar) inn for å avlaste det pedagogiske personalet med oppgåver som ikkje er knytt til undervisning. Dette kan også spare lønskostnader fordi det er rimelegare å tilsette fagarbeidarar enn å tilsette pedagogar.
  • g) Kommunedirektøren skal undersøke om vi kan få midlar til å opprette VTO-arbeidsplassar for tilsette som er i eller på veg ut i uføretrygd. Desse kan ha ein pedagogisk kompetanse som kan nyttast til å avlaste pedagogisk personalet og skule-/barnehageleiing. Også i helsesektoren kan det vere tilsette som har for dårleg helse til å stå i ordinært arbeid, men har ei restarbeidsevne og ressursar som kan kome til stor nytte der, samt avgrense behovet for nye, ordinære stillingsheimlar.
  • h) Barnehage bør så langt som råd skjermast frå kutt. Dette er ein hardt pressa sektor, som på trass av arbeidspresset har klart å halde sjukefråværet så vidt lågt som 4%. For dei 310520 kronene regjeringa har gitt for å styrke bemanninga i barnehagane, skal kommunedirektøren vurdere om dei kan nyttast til å opprette VTO-arbeidsplassar for tilsette i barnehagane som er på veg ut i, eller er komne i, uføretrygd. Mange av desse er verdifulle ressursar og har ei restarbeidsevne dei kan ynskje å utnytte på sin gamle arbeidsplass, til glede og nytte både for seg sjølv og arbeidsgjevar.
  • i) Starte med å selje kommunale eigedommar som det ikkje er konkrete planar med for å få inntekter til investeringsbudsjettet, samt spare driftsutgifter med bygg og eigedommar som ikkje er i bruk. Det er dårleg forvaltning å ha ei stor ubrukt eigedomsportefølje. Det gjeld både for bygg og for kommunale landbruks-/skogeigedommar.
  • j) Avvikle/rekomunalisere Osterøy Utvikling AS. Prosessen skal søkast gjennomført som ein virksomhetsoverdragelse med det føremål å behalde dagleg leiar som næringskonsulent som skal sortere under sektor for samfunnsutvikling, for det tilfellet ho er interessert og motivert for ei slik ordning.

Utfall: falt · Presisjon: namneliste · for: 9 · mot: 17

For 9

  • AP 2
  • FRP 6
  • INP 1

Mot 17

  • AP 2
  • H 4
  • KRF 2
  • SP 7
  • SV 1
  • V 1

Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei. Opne protokollen (PDF)

PartiSideRøysterKjelde
APfor 2 utleidd frå namn
FRPfor 6 utleidd frå namn
INPfor 1 utleidd frå namn
APmot 2 utleidd frå namn
Hmot 4 utleidd frå namn
KRFmot 2 utleidd frå namn
SPmot 7 utleidd frå namn
SVmot 1 utleidd frå namn
Vmot 1 utleidd frå namn

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Felles tilleggsframlegg frå Herdis Helle (Ap), Geir Olsen (Ap) og Frp: fikk 9 røyster for og 17 røyster mot.
Røyster for: Geir Olsen (AP), Herdis Helle (AP), Ann Helen Solberg (Frp), Ingunn Vedå (Frp), Kim Andre Hartveit (Frp), Ragnar J. Tyssebotn (Frp), Sigmund Arve Faugstad (Frp), Trygve Tønnessen (Frp), Roy Husebø (INP).
Røyster imot: Alexander Thunestvedt (AP), Ann Kristin Borge (AP), Johannes O Borge (H), Roald Martinsen (H), Sebastian Andre Haugland (H), Tor Georg Hella (H), Bjarte Hammer Aarland (KrF), Jarle Skeidsvoll (KrF), Frode Flesland (Sp), Gerd Karin Njaastad (Sp), Helge Valestrand Edvardsdal (Sp), Janne Daltveit Tveit (Sp), Johannes Haugland (Sp), Lars Fjeldstad (Sp), Turid Bjørndal Njåstad (Sp), Synne Thunestvedt (SV), Renathe Tangen (V).

Votering — vedteke

Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes

Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Innstilling frå Formannskapet vart samrøystes vedteke.

utleidd frå namn · Sjå heile saklistesaka →