Framlegg 1
3–2 · vedteke
Ap, Frp og Sp
Vis heile framlegget
- 1) Gjeldande forskrift vert vidareført, men skal reviderast innan fristen neste år.
- 2) Kommunedirektøren får fullmakt til å forskriftsfeste at: «Fellingsavgifta for hjort vert
- sett til maksimal sats fastsett av Stortinget. Kommunen fakturerer fellingsavgift etter
- avslutta jaktår, basert på innsendt fellingsrapport.»
- 3) Kommunedirektøren får fullmakt til å forskriftsfeste at: « Kommunen kan vedta
- redusert fellingsavgift for ein avgrensa periode eller dersom særlege omsyn tilseier at ein
- reduksjon er naudsynt for å ivareta ei forsvarleg og berekraftig forvaltning av
- viltressursane.»
- 4) Fellingsavgifta skal ikkje aukast i jaktåret 2026.
- 5) Forvaltningsmåla og tiltaka for å nå dei (fastsett i punkt 6 og 7 under) skal leggast til
- grunn for neste forskriftsrevisjon, årleg tildeling av fellingsløyve og vidare oppfylging av
- hjorteforvaltninga.
- 6) Dei nye forvaltningsmåla for hjort i Osterøy kommune, jf . § 3 i forskrift om
- forvaltninga av hjortevilt for perioden 2026-2027, skal vere:
- Hovudmål:
- Forvaltninga av hjortebestanden i Osterøy kommune skal vere basert på kunnskap om
- biologi og økosystemet. Hjortebestanden skal forvaltast slik at naturen sin produktivitet og
- artsrikdom vert teken vare på. Innanfor desse rammene og naturgjeven beitetilgang skal
- bestanden forvaltast til gode for samfunnet og landbruksnæringa.
- Delmål:
- a) Hjortebestanden i kommunen skal søkast stabilisert på eit nivå der den estimerte
- vinterbestanden er omlag 1100 dyr.
- Grunngjeving:
- Før 2022 var hjortebestanden i kommunen alt for høg i høve til beitegrunnlaget. Det var
- også store arealkonfliktar knytt til jord- og skogbruk og hjortepåkøyringar. Det er ikkje
- ynskeleg med ei ny og større auke i bestanden med nytt konflikt- og skadepotensiale til
- fylgje.
- b) Sikre ei sunn og berekraftig hjortestamme med auka slaktevekter og god kondisjon
- Grunngjeving:
- Ei for høg bestandstettleik over tid fører til hard beitekonkurranse og redusert kondisjon hjå
- dyra. Forvaltninga skal difor rette seg mot ein bestand som er tilpassa beitegrunnlaget, slik
- at dyra får betre tilgang på næring. Auka slaktevekter og god kondisjon er sentrale
- indikatorar på ei berekraftig forvaltning og vil samstundes bidra til meir robuste dyr og betre
- dyrevelferd.
- c) Byggje opp ei betre alders- og kjønnssamansetning i bestanden
- Grunngjeving:
- Ein skeiv alders- og kjønnsstruktur, med få eldre hanndyr og for unge koller, svekkjer både
- reproduksjon og bestandskvalitet. Forvaltninga skal arbeide for å auke alderen i bestanden,
- særleg eldre hanndyr, mellom anna ved at hovudtyngda av uttaket vert retta mot kalv og
- ungdyr. Det er også ynskjeleg at kollene får høgre gjennomsnittsalder. Ei meir balansert
- samansetjing vil bidra til tidlegare og meir synkronisert brunst, betre kalveproduksjon og
- meir stabile bestandar. Fylgjande måleparameter:
- *) Sett kolle pr. bukk skal vere maks 1,5
- **) Sett spissbukk per bukk bør på sikt vere på eit stabilt nivå under 0,35
- ***) Sett kalv pr kolle bør vere på minst 0,65
- ***) Auke snittalder på bukkar og koller over 2,5 år
- d) Ta vare på viktige trekkvegar og leveområde
- Grunngjeving:
- Hjorten nyttar store område gjennom året, og mange av trekkrutene går på tvers av vald- og
- kommunegrenser. Forvaltninga skal ta omsyn til kjende trekkvegar, vinterbeite og
- leveområde, både i hjorteviltforvaltninga og i kommunen si arealplanlegging. Ivaretaking av
- desse områda er viktig for ei naturleg og berekraftig forvaltning.
- e) Redusere skader på jord- og skogbruk (arealbrukskonfliktar)
- Grunngjeving:
- Skadar på innmark, beite og skog representerer ei av dei største utfordringane knytt til hjort
- i Osterøy kommune. Forvaltninga skal prioritere tiltak som reduserer beitepresset i utsette
- område, særleg der hjorten oppheld seg gjennom vinter- og vekstsesongen. Målet er å
- redusere økonomiske tap for jord- og skogbruket og sikre betre sameksistens mellom
- hjortevilt og næringsinteresser.
- f) Redusere talet på hjortepåkøyringar (arealbrukskonflikt)
- Grunngjeving:
- Hjortepåkøyringar medfører både dyreliding, samfunnsmessige kostnader og risiko for
- alvorlege skader på personar og materiell. Det er ein klar samanheng mellom
- bestandstettleik og talet på påkøyringar. Forvaltningsmåla skal difor bidra til å redusere
- påkøyringar gjennom bestandsregulering i kombinasjon med målretta uttak i område med
- høg ulykkesfrekvens.
- g)Fellingsprosenten skal vere på minimum 80 % i kommunen.
- Grunngjeving:
- For å kunne nå forvaltningsmåla er det viktig med høg fellingsprosent, Sidan fleire av valda i
- kommunen ikkje feller noko, grunna for liten jaktinnsats eller vanskeleg jakt i
- utmarksområde, er det likevel lite realistisk med ein så høg fellingsprosent som det dagens
- nivå ligg på.
- h)Kommunen og valda skal til ei kvar tid ha best mogeleg oversyn over hjortebestanden.
- Offentlege vedtak skal vere basert på vitskapleg grunnlag.
- Grunngjeving:
- For å sikre ei forvaltning som legg til rette for god dyrevelferd, forsvarleg jaktuttak og
- mindre arealbrukskonfliktar, er det sentralt å ha oversyn over bestanden og oppdatert
- kunnskap om kondisjon og levemåtar.
- i)Arbeide for å redusere talet på vald og auke bestandsplansamarbeidet.
- Grunngjeving:
- For å få ei grunneigarstyrt jakt og mindre detaljregulering frå den kommunale
- viltstyresmakta, er det føremålstenleg om hjorten blir forvalta av større einingar og gjennom
- fleirårige planar. Då er det også lettare å konsentrere jakta om område med større
- beiteskadar og auke fellingsprosenten.
- 7) Dei viktigaste tiltaka for å nå forvaltningsmåla for hjort i Osterøy kommune for
- perioden 2026-2027 skal vere:
- a) Tilpasse fellingsløyva etter tilgjengeleg kunnskap om bestandsutvikling. Retningsliner
- for tildeling:
- *) Eldre hanndyr 8%
- **) Spissbukk 17%
- ***) Vaksen kolle 20%
- ****) Kvigekolle 20%
- *****) Kalv 35%
- b) Unngå ny auke i hjortebestanden slik at det ikkje blir for stor konkurranse om
- beitegrunnlaget og auka arealkonflikter.
- c) Sett hjort og sett og skutt må brukast og nyttast aktivt for å korrigere bestandsplanar
- og tildeling/totaluttak. Det skal ikkje fokuserast einsidig på det som blir sett i utmark, sidan
- det meste av jakta, og dermed observasjonanen, i kommunen skjer på innmark.
- d) Sikre tilstrekkeleg kontrolltiltak for å få riktig rapportering. Minst 10 % av felte dyr skal
- kontrollerast.
- e) Aktiv bruk av differensiert minsteareal for å legge til rette for tilstrekkeleg uttak der
- skadepresset og fellingsprosenten er høgst.
- f) Fram til eventuell ny forskrift om minsteareal ligg føre, kan 50% regelen nyttast for å
- justere fellingskvotar opp eller ned innanfor einskilde vald. Bruken av regelen skal vere
- målretta og føreseieleg og enkeltvedtak skal, så vidt mogeleg, treffast i så god tid at vedtak
- kan påklagast og klage ferdighandsamast før jakta. Enkeltvedtak skal, som hovudregel, ikkje
- nyttast til å redusere tildelinga til vald som har fellingsprosent på 80 eller meir.
- g) Løyve til felling av eldre hanndyr vert, så langt lovverket opnar for det, berre tildelt
- vald som deltek i bestandsplansamarbeid. Føremålet er å stimulere til deltaking i slike for å
- oppnå ei betre forvaltning.
- h) Redusere hjortepåkøyringar gjennom tett samarbeid mellom kommunen, valda og
- vegstyresmaktene. Bestandsregulering i utsette område er hovudtiltaket, supplert med
- systematisk registrering av påkøyringar og vurdering av lokale avbøtande tiltak (gjerde,
- skilting og lys).
- i) Kommunen skal nytte det kommunale viltfondet aktivt til:
- *) tiltak som aukar den vitskaplege kunnskapen om hjorteforvaltninga, medrekna
- ein NINA-rapport som kartlegg dagens hjortebestand i kommunen
- **) tiltak som stimulerer til samarbeid mellom vald og utarbeiding av
- bestandsplanar
- ***) tiltak som reduserer arealkonfliktar
- ****) kartlegging av beiteskadar på skog og innmark, medrekna ein rapport frå NIBIO
- som kartlegg beiteskadar på innmark i ulike område i kommunen og som er basert på både
- første og andre slått.
- 8) Det skal vedtakast ein ny forvaltningsplan med nye forvaltningsmål for hjortevilt før
- 2028-jakta tek til. Den skal leggast fram for plan- og kommunalteknisk utval så tidleg at den
- rekk ei skikkeleg høyringsrunde før vedtak og kan danne grunnlag for ny forskrift om
- minsteareal innan tidsfristen for 2028-jakta.
Utfall: vedteke · Presisjon: blanda
· for: 3
· mot: 2
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
| Parti | Side | Røyster | Kjelde |
| H | mot |
1 |
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet |
| U | mot |
1 |
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet |
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak vart sett opp mot fellesforslaget.
Fellesforslaget vart vedteke med 3 røyster for og 2 røyster(H, U) for kommunedirektøren sitt framlegg.