Maskinelt utlese med KI frå Masfjorden sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
PS 25/24 Klage på vedtak i teknisk utval - deling av grunneigedom til fritidsbustad -gbnr. 12/3
Det er etter utvalet si vurdering fleire positive sider enn negative sider ved å gje dispensasjon etter plan- og bygningslova sin § 19-2.
Utvalet legg vekt på at frådelinga vil styrke folketalet i området og at ein ikkje kan sjå at nasjonale eller regionale interesser vert vesentleg tilsidesett. Utvalet meiner vidare at fordelane ved å gje dispensasjon er klart større enn ulempene på omsøkt stad, jf. plan- og bygningslova (pbl.) § 19-2 andre ledd
Teknisk utval godkjenner søknaden om dispensasjon frå planføremålet i kommuneplanen sin arealdel i medhald av plan- og bygningslova sin § 19-2, og godkjenner med heimel i plan- og bygningslova § 26-1, jf. §§ 20-1, bokstav m, 20-2 og 20-4, bokstav d oppretting av ny grunneigedom på gbnr. 12/3 til omsøkt bustadføremål.