Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
PS 95/23 62/6 - Haus - Sal av eigedom - Hetlevikhuset - Klage på heradsstyret sitt vedtak 069/23
Klagen vert ikkje tatt til følge, hetlevik huset vert solgt til mjelde bygg, rådmannen får myde til å forhandle om pris og komma attende til heradstyret for endelig avgjerd.
Torp, INP, sitt framlegg fell - 3 røyster (2INP, 1FRP (Øksnes)) mot 24 røyster
Framlegg 3
24–3 · vedtekeTurid Njåstad, SP
Vis heile framlegget
Heradsstyret avviser klaga frå HLT, datert 22.09.2023 med ref. 2692.
Grunngjeving:
Heradsstyret sitt vedtak 069/23 er ikkje å rekne som eit enkeltvedtak som kan påklagast etter fvl. Kap IV.
Heradsstyret gjer samtidig nytt vedtak i saka og endrar difor vedtak i HS-sak 069/23 til:
«Heradsstyret gjev kommunedirektøren mynde til å selje eigedomen 62/6 til Mjelde Bygg AS og til å forhandle om vilkåra for sal.
Heradsstyret set som vilkår at sal av eigedomen skal bidra til å realisere «Haus sentrum sør – PlanID 46302020002» og forutset at salet vil skje innafor gjeldande regelverk.
Heradsstyret opnar for at det kan forhandlast om klausul om forkjøpsrett til kommunal bustad, men at evt. innløysing av denne skal handsamast politisk av heradsstyret.
Grunngjeving:
Heradsstyret vedtok samrøystes «Haus sentrum sør – PlanID 46302020002» 10.05.23 og set difor vilkår at avhending av kommunal eigedom innafor plangrensene kun skal skje der dette bidreg til realisering av denne.»