Alle kommunar
/ Osterøy
/ Heradsstyret
/ PS 77/24
Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
PS 77/24 Vedtak av reguleringsplan for Helldal småbåthamn og strandsone PlanID 4630_2022001
Sjå heile saksgangen for denne saka →
Framlegg 1
13–14 · falt
Tor Georg Hella (Høyre)
Vis heile framlegget
1. " Med heimel i plan- og bygningslova §12-12 vedtek Osterøy Heradsstyre forslaget til
reguleringsplan for
Helldal småbåthamn, PlanID 4630_2022001, med plankart datert 19.02.24, føresegner
datert 20.08.24 og
planskildring datert 20.02.24"
Utfall: falt · Presisjon: namneliste
· for: 13
· mot: 14
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
Parti Side Røyster Kjelde
FRP for
2
utleidd frå namn
H for
4
utleidd frå namn
KRF for
2
utleidd frå namn
SP for
3
utleidd frå namn
SV for
1
utleidd frå namn
V for
1
utleidd frå namn
AP mot
4
utleidd frå namn
FRP mot
4
utleidd frå namn
INP mot
2
utleidd frå namn
SP mot
4
utleidd frå namn
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
AVRØYSTING,
Røyster for: 13
Lars Fjeldstad (SP), Frode Flesland (SP), Janne Daltveit Tveit (SP),
Kurt Ove Øksnes (FRP), Ruben Nielsen (FRP),
Johannes O Borge (H), Roald Waldemar Martinsen (H), Tor Georg Hella (H), Atle Solberg
(H),
Bjarte Hammer Aarland (KRF), Jarle Skeidsvoll (KRF)
Renathe Tangen(V)
Roy Håkon Jenssen(SV)
Røyster mot: 14
Gerd Karin Njaastad (SP), Helge Valestrand Edvardsdal (SP), Kjellaug Hartveit (SP), Turid
Bjørndal Njåstad (SP),
Ann Helen Solberg (FRP), Ingunn Vedå (FRP), Kim Andre Hartveit (FRP), Ragnar J Tyssebotn
(FRP),
Alexander Thunestvedt (AP), Ann Kristin Borge (AP), Geir Olsen (AP), Herdis Helle (AP),
Roy Husebø (INP), Stian Torp (INP),
Framlegget fall!
Framlegg 2
14–13 · vedteke
Alexander Thunestvedt (Arbeiderpartiet)
Vis heile framlegget
Beskrivelse
I debatten då pku og heradsstyret handsama spørsmålet om å sende planen på 2. gongs
høyring, vart det stilt spørsmål ved om å legge til rette for ålmenta sin tilgang til sjø var eit
dekkande føremål med planen. Det vart like eins stilt spørsmål ved verknadane planen
hadde for fugleliv og naturmiljø, og etterlyst ei betre utgreiing av korleis merknadane var
imøtekomne.
I høyringa er det komne fleire merknader om dette. Vi har vanskar med å sjå om, og
eventuelt korleis, dei er tatt til fylgje i planframlegget slik det ligg føre no. Det er gjort ein
del endringar i planskildringa, men dei synest i liten grad fylgt opp i plankart og
reguleringsføresegner som er dei juridisk bindande delane av planen.
Etter å ha vore på synfaring i området er vi blitt meir urolege for omsynet til fuglelivet og
naturmiljøet i Havnen enn det vi var då vi berre såg
saksdokumenta. På staden får ein eit anna inntrykk av dimensjonar og topografi enn dei
som kjem fram på illustrasjonsbileta som er tatt inn i planen. Det gjeld særleg for inngrep
knytt til etablering av molo og badestrand, sanitærbygg, og anleggsveg/gangsti (beinveg) frå
p-plass til strand og molo. Vi synest ikkje karakteristikken, frå planskildringa, om at desse
tiltaka i all hovudsak er i samsvar med kommuneplanen er fullt ut dekkande. Det gjeld dei
tiltaka som ligg i område på land som er sett av til LNF-føremål.
Samla endrar tiltaka området sin karakter av LNF-område for mykje. Saman med ei
fleirdobling av talet på båtplassar – samanlikna med dei som ligg på dispensasjon i dag – vil
dette legge området til rette for ferdsel for folk frå heile kommunen og potensielt regionen,
både med bil, bubil og båt/kajakk. Vi er urolege for at dette vil forstyrre fuglelivet og eit
sårbart marint miljø for mykje. I tillegg vil det endre karakteren av eit tradisjonelt hamne- og
naustområde til eit tilrettelagt bade-/friluftsområde.
Vi meiner tiltaket bør reduserast for tal på båtplassar og reduserast for tiltak i LNF-området
som ikkje fell inn under dette føremålet. Det gjeld toalett/sanitæranlegg, molo, badestrand,
anleggsveg/gangveg (beinvegen), medrekna tilhøyrande inngrep i terreng som ville ha vore
naudsynt for å tilrettelegge for desse tiltaka. Særleg er vil urolege for den planlagde moloen
og sandstranda. For oss er det uklårt kor stor moloen vil verte, kvar den nøyaktig vert
plassert og kva innverknad den vil ha på karakteren av området, fugleliv og marint miljø. Vi
syner her til konsekvensutgreiinga i sjø- og strandsoneplanen som rår frå utfylling i sjø. Slik
vi tolkar vedtaket til heradsstyret for konsekvensutgreiinga, gjeld ikkje denne frårådinga
berre for fylling ved naust, men også utfylling i sjø for andre deler av hamna.
Slik vi ser det vil tjue båtplassar, parkering, tre fellesnaust og universell tilkomst via turveg til
desse tiltaka, legge godt til rette for hytteeigarar og noværande og framtidige huseigarar i
Hoshovde-området. Eit slik avgrensing, vil gje andre i lokalsamfunnet, enn dei som har
eigedommar og rettar i Havnen i dag, tilgang til båt- og sjøliv. Det er ei modernisering som
støttar opp gjennom ein ‘vern gjennom bruk’ tankegang for eit etablert og gamalt naust og
hamnemiljø. Det representerer også ei god balansering mellom natur- og miljøomsyn, og
omsynet til gode tiltak frå tiltakshavarar/forslagsstillarar for å vidareutvikle
Hoshovdeområdet med bustader og hytter.
Ei slik avgrensing av innregulerte tiltak stengjer heller ikkje ålmenta ute. Dei vil få høve til å
kome til området for å sjå og vere i eit vakkert og tradisjonelt, men levande, hamne og
naustmiljø. Etter vårt syn er det ikkje naudsynt å endre karakteren av området for å ivareta
den breiare ålmenta sine behov. Det er heller ikkje ynskjeleg å legge til rette området slik at
det blir ei stor tilstrøyming til området frå ålmenta. Til det er området for sårbart med tanke
på fugle-, dyreliv og natur.
Punkter1. 1) Heradsstyret sender saka/planframlegget attende til ny handsaming, jf. pbl §
12-12, første ledd, fjerde punktum.
2) Heradsstyret gjev fylgjande retningsliner for det vidare arbeidet med planen, jf. pbl § 12-
12, første ledd, femte punktum:
a) Vurdere å endre (hovud)føremålet i planføresegnene frå å vere ‘å leggje til rette for betre
tilgjenge for ålmenta til strandsona i bukta’ til å ‘leggje til rette for etablering av
småbåthamn, 3 fellesnaust og parkeringsplass’. ‘[M]olo med badestrand’ og ‘toalett-
sanitæranlegg’ må vurderast fjerna.
b) Vurdere å redusere flytebryggjeanlegg frå 40 til 30 båtplassar i reguleringsføresegn 6.1.2.
c) Vurdere å fjerne reguleringsføresegn 6.5.3 som gjev høve til å etablere
badestrand/sandstrand.
d) Vurdere å fjerne anleggsveg/gangsti (beinvegen) i reguleringsføresegn 8.1.1.
e) Vurdere å fjerne reguleringsføresegn 6.2.4 og 6.2.5 om molo.
f) Vurdere å endre reguleringsføresegna om rekkefylgjekrav i 5.1.1 ved å fjerne
sanitær/toalettbygg og molo.
g) Avklare om reguleringsføresegn 6.1.1, samt avgrensinga i plankart og
reguleringsføresegn/omsynssone, er i samsvar med grunneigar av denne
bustadeigedommen sine ynskje.
Utfall: vedteke · Presisjon: namneliste
· for: 14
· mot: 13
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
Parti Side Røyster Kjelde
AP for
4
utleidd frå namn
FRP for
4
utleidd frå namn
INP for
2
utleidd frå namn
SP for
4
utleidd frå namn
FRP mot
2
utleidd frå namn
H mot
4
utleidd frå namn
KRF mot
2
utleidd frå namn
SP mot
3
utleidd frå namn
SV mot
1
utleidd frå namn
V mot
1
utleidd frå namn
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
AVRØYSTING,
Røyster for: 14
Gerd Karin Njaastad (SP), Helge Valestrand Edvardsdal (SP), Kjellaug Hartveit (SP), Turid
Bjørndal Njåstad (SP),
Ann Helen Solberg (FRP), Ingunn Vedå (FRP), Kim Andre Hartveit (FRP), Ragnar J Tyssebotn
(FRP),
Alexander Thunestvedt (AP), Ann Kristin Borge (AP), Geir Olsen (AP), Herdis Helle (AP),
Roy Husebø (INP), Stian Torp (INP),
Røyster mot: 13
Lars Fjeldstad (SP), Frode Flesland (SP), Janne Daltveit Tveit (SP),
Kurt Ove Øksnes (FRP), Ruben Nielsen (FRP),
Johannes O Borge (H), Roald Waldemar Martinsen (H), Tor Georg Hella (H), Atle Solberg
(H),
Bjarte Hammer Aarland (KRF), Jarle Skeidsvoll (KRF)
Renathe Tangen(V)
Roy Håkon Jenssen(SV)
Framlegget vart vedteke!