Alle kommunar
/ Osterøy
/ Heradsstyret
/ PS 115/24
Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
PS 115/24 Budsjett og Økonomiplan 2025 - 2028
Sjå heile saksgangen for denne saka →
Framlegg 1
8–19 · falt
Kim Andre Hartveit (Frp)
Vis heile framlegget
Budsjettforslag frå Osterøy FrP
Nok eit budsjett stramt budsjett skal vedtakast Med kommunen sin økonomiske situasjon,
og stadig knappare rammer frå regjeringa, i forhold til konsumprisindeks, er det naudsynt å
ta grep som gjev verknad.
Me er likevel ueinige i ein del av dei kuttforslaga som administrasjonen har lagt inn, og gjer
om på dei då verknaden vil verte uakseptabel. Me vidarerfører også tidlegare vedtekne kutt.
Det er ein del postar som har vorte neglisjert i budsjettarbeid i lang tid. Både av oss, men og
av administrasjonen. Dette gjeld vedlikehald av bygg og vegar. Me prioriterer derfor å å få
rusta opp kommunale vegar litegrann, då mange av desse vegane er i så dårleg forfatning at
det er fare for skade på bilar når folk ferdast langs vegane. Det er og eit skrikande behov for
å auke midlar til normalt vedlikehald av kommunale bygg, og aukar ramma litt til dette.
Denne posten skulle vore større, men skal folk kunne bu i kommunen, må dei også komme
til og frå husa sine. Difor må me ta vegane først.
Me snur og om på ein del av dei skisserte kuttforslaga i sektorane. I helse og omsorg er det
eit behov for å endre på ein del ting, men nokre av dei foreslåtte endringane er me ueinige i
og snur om på. Skal me ha vekst i barnetal, må me nesten kunne tilby ei jordmor.
Difor går me ikkje med på å kutte i det.
Det er og lagt opp til ein del kutt i oppvekstsektoren som ikkje er i tråd med vedtekne mål
for barn og unge. Ein del av desse snur me difor heilt eller delvis.
Me vel og å prioritere å få bygd vegen frå Kleiveland til Stokken. Dette er eit ope sår frå
gamal tid, som det er på høg tid å få avslutta. Dette må byggast som spleiselag mellom
kommunen og grunneigarane.
Kommunedirektøren sitt framlegg til budsjettvedtak vert vedteke med følgande endringar i
forhold til kunngjorte dokument:
- Utval for levekår vert avvikla med årseffekt frå og med 1.1 2025. Oppgåvene til utvalet vert
lagt attende til formannskapet/heradstyret. Innsparing 150 000
- Det vert teke ein full gjennomgang av programlisensar og abonnement til kommunen.
Innsparing vert sett til 2 millionar kroner. Dette er ei sak som kommunedirektøren har tatt
til orde for, og som er ei fornuftig sak å få sett på dagsorden. Summen som er sett, er
oppnåeleg, men tala kan og verte høgare.
- Det vert ikkje oppretta ny marknadsstilling . Endring i sum er 850 000 kr
- Avdelingsleiarstilling Omsorgsteam vert oppretta som ei 40% stilling inntil vidare. Sum
endring kr 588 000.
- Familiekoordinatorstillinga vert oppretta som ei 50% stilling inntil vidare. Endring kroner
425 000 Alle stillingar bør være 100% stillingar om oppgåvene tilseier det. Men, når
alternativet er å slette stillingane heilt, meiner me dette er ei betre løysing gi noko. Dei
resterande prosenta til ei full stilling må då naturleg nok kombinerast saman med anna
arbeid/stilling som allereie ligg inne i rammene slik at den tilsette får så stor stilling som
ønskt eller full stilling.
I dokumentet ligg det og inne ein post der administrasjonen foreslår å reversere tidligare
vedtekne innsparingar. Dei innsparingane som tidlegare er vedtekne, må sjølvsagt
gjennomførast om det skal være noko poeng i å vedta innsparingar i det heile. Dermed:
- Tidlegare vedtekne innsparingar i sektor for Helse, Omsorg og sosial vert ikkje reverserte.
Sum endring 5.779 000 kroner
- Tidlegare vedtekne innsparingar i Sektor for oppvekst, undervisning og kultur vert ikkje
reverserte. 3.697 000 kroner.
- Tidlegare vedtekne uspesifiserte innsparingstiltak i kommunedirektør og stabsseksjonar
vert ikje reverserte. 684 000 kroner.
Sum til fordeling etter endring er 14 173 000 kroner
Følgande endringar i driftsbudsjett vert lagt inn i høve til framlegg frå kommunedirektøren:
- Kutt av 4 årsverk barnehage vert endra til kutt av 2 årsverk. Kostnad 550 000 kr
- Føreslege kutt av individuell tilrettelegging/ spesped barnehage vert halvert og endra til
225 000 kroner.
- Det vert ikkje redusert innkjøp av undervisningsmateriell. Kostnad 200 000 kr
- Det vert ikkje kutta 4 årsverk i skulen. Dette vert endra til 2 årsverk. Kostnad 750 000 kr.
- Det vert lagt opp til barnehageopptak heile året for barnehagar med ledig kapasitet.
Kostnad med dette er rekna som innsparing i drift – kutt i vikarbruk og går mot einannan
jamfør døme frå kommunedirektøren i budsjettframlegget, og tidlegare presenterte
kostnadskalkylar på dette frå tidlegare år.
- Det vert ikkje reduksjon av jordmorstilling. Kostnad kr 400 000
- Det vert sett av kroner 750 000 kroner til veg Kleiveland Stokken
- Det vert sett av kroner 10 000 000 til vedlikehald og asfaltering av kommunale vegar
- Det vert sett av kr 173 000 til riving av gamle Tysse skule.
- Det vert sett av kroner 1 000 000 til vedlikehald av kommunale bygg.
Sum er dermed diponert likelydande disponible midlar.
Ny ramme for sektorane vert dermed sett slik:
- Helse, omsorg og sosial: 262 249 000 kroner.
- Oppvekst, undervisning og kultur: 237 946 000 kroner
- Kommunedirektør og stabsseksjonar: 49 177 000 kroner. Merk at innsparing i
abonnementskostnader er lagt her. Om desse skal fordelast meir sektorvis får
kommunedirektøren fullmakt til å endre dette.
Alle vakante stillingar i alle sektorar vert trekte tilbake. Å halde stillingar vakante meiner me
gjer at organisasjonen ikkje vert tilpassa til faktum. Dermed vert ikkje oppgåvene delegerte
vidare slik dei må. Det meiner me er uheldig. Difor vert dette gjort, og stillingane må heller
opprettast på nytt seinare når økonomien tillet det.
Endringar i investeringsbudsjett:
- Samtlege tiltak sjølvkost vert sett på vent til oppdatert VA plan er vedteke. Det er ikkje
fornuftig å vedta ein auke i rammene for sjølvkost på 38 millionar kroner utan at det føreligg
ein plan på at desse investeringane er ønskt eller påkrevd. Det vert opna for revisjon av
postane undervegs i driftsåret om plan eller anna dokumentasjon vert framlagt.
- Kjøp og innløysning av grunn vert endra til kroner 0. midlar til dette vert sett av frå sak til
sak av formannskapet eller Heradstyret (etter kva fullmakter som gjeld) Investeringsramme
for Samfunnsutvikling vert dermed endra frå 41300 til 38300.
- Bokbussen vert fjerna frå investeringsplanen. Dette konseptet er ikkje ei god løysing for
framtida, og tenesta vert oppmoda om å tenkje på andre løysingar som likevel sikrar skular
med meir eit godt boktilbod. investeringsramme for Oppvekst, undervisning og kultur vert
endra til 2 mill.
Samla investeringsramme for 2025 inklusive sjølvkost er dermed justert ned frå 91.550 til
49.550 millionar.
Andre tiltak: Kommunale eigedomar og bygg som ikkje er naudsynt for kommunal
tenesteyting, kulturverdiar og kulturminne, eller inngår i strategiske utviklingplanar for
kommunen skal avhendast. Dette gjeld og skogteigar, landbrukseigedomar med meir.
Dei budsjettmessige endringane som er foreslått i dette budsjettet er enten vore på høyring
allereie, eller vedtekne. Forslaget løyser dermed ikkje ut trong for ein ny høyringsrunde.
Utfall: falt · Presisjon: partifordeling
· for: 8
· mot: 19
Parti Side Røyster Kjelde
FRP for
6
eksplisitt
INP for
2
eksplisitt
AP mot
4
eksplisitt
H mot
4
eksplisitt
KRF mot
2
eksplisitt
SP mot
7
eksplisitt
SV mot
1
eksplisitt
V mot
1
eksplisitt
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Framlegget til Kim Andre Hartveit (Frp) falt med 8 røyster for og 19 røyster mot
Røyster for: 6 Frp, 2 Inp
Røyster mot: 7 Sp, 4 Ap, 4 H, 2 Krf, Sv, V,
Framlegg 2
8–19 · falt
Kim Andre Hartveit (Frp)
verbalpunkt- osterøy går ikkje inn i kulturverns tjenesto besparelse 90-160 k
Utfall: falt · Presisjon: partifordeling
· for: 8
· mot: 19
Parti Side Røyster Kjelde
FRP for
6
eksplisitt
INP for
2
eksplisitt
AP mot
4
eksplisitt
H mot
4
eksplisitt
KRF mot
2
eksplisitt
SP mot
7
eksplisitt
SV mot
1
eksplisitt
V mot
1
eksplisitt
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Tilleggsforslag 1 frå Kim Andre Hartveit (Frp) falt med 8 røyster for og 19 røyster mot
Røyster for: 6 Frp, 2 Inp
Røyster mot: 7 Sp, 4 Ap, 4 H, 2 Krf, Sv, V,
Framlegg 3
8–19 · falt
Kim Andre Hartveit (Frp)
verbalpunkt- landbruk vert lagt ned og rådmann får mynde til å søke til nærligande
kommunar om kjøp av tjenester der, eksempelvis alver
Utfall: falt · Presisjon: partifordeling
· for: 8
· mot: 19
Parti Side Røyster Kjelde
FRP for
6
eksplisitt
INP for
2
eksplisitt
AP mot
4
eksplisitt
H mot
4
eksplisitt
KRF mot
2
eksplisitt
SP mot
7
eksplisitt
SV mot
1
eksplisitt
V mot
1
eksplisitt
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Tilleggsforslag 2 frå Kim Andre Hartveit (Frp) falt med 8 røyster for og 19 røyster mot
Røyster for: 6 Frp, 2 Inp
Røyster mot: 7 Sp, 4 Ap, 4 H, 2 Krf, Sv, V,
Framlegg 4
7–20 · falt
Høyre
Vis heile framlegget
Høgre sitt alternative budsjett for Osterøy kommune 2025
Innleiing
Osterøy Høgre er ikkje samd med alle formannskapet sine tiltak og prioriteringar som
vedteke av posisjonen 20. november 2024, og presenterer derfor i dette dokumentet eit
alternativt framlegg til kommunen sitt budsjett for året 2025.
Høgre meiner at kommunen si bemanning i sentrale tenester allereie er blitt så låg at den
går ut over dei tilsette si helse, og at vidare kutt derfor ikkje er forsvarleg. Dette er knytt til
det første overordna målet i Kommuneplanen sin samfunnsdel: Berekraftig forvaltning av
livsgrunnlaget.
Me meiner også at det er viktig å skjerma våre barn og unge – kommunen si framtid – i
større grad for nye kraftige kutt. Dette er grunna det andre overordna målet i
Samfunnsplanen: Gode levekår og attraktive lokalsamfunn.
Me vil også prioritera næringsutvikling for å skapa eit håp om betre økonomiske tider på
sikt, med fleire innbyggjarar og arbeidstakarar, som igjen styrkjer kommunen sitt
inntektsgrunnlag. Dette heng saman med det tredje og siste overordna målet i
Samfunnsplanen: Framtidsretta og mangfaldig næringsliv.
Budsjettframlegget
Osterøy Høgre sitt budsjettframlegg er basert på kommunedirektøren sitt opphavlege
framlegg til formannskapet, med følgjande endringar:
Driftsbudsjett
Eining Endring Skildring
Kommunedirektør og stabseksjonar
Politisk - Adm sekretariat -150.000 Nedlegging av Levekårsutvalet frå 1. januar 2025
Kontrollutvalet sin post «Uføresett kontrollarbeid»
Politisk - Adm sekretariat -474.000
vert heldt uendra på 50’.
Service, dokumentasjon - Endring av 400 brukarlisensar frå Office 365 E5 EEA til
og informasjon 1.600.000 Microsoft 365 F3
Eining Endring Skildring
Oppvekst, undervisning og kultur
+1.100 Reversering av «4 årsverk barnehage nedtrekk
Barnehage
000 grunnbemanning samt redusert foreldrebetaling»
Reversering av «Reduksjon individuell
Barnehage +450.000 tilrettelegging/spesped barnehage hausten 2025 1,45
årsverk»
Reversering av «Redusere tal kontaktlærar
Skule +125.000
ungdomsskulen»
+1.500
Skule Reversering av «4 årsverk nedtrekk skule haust 2025»
000
- Halvering av vikarbudsjett frå 2,5 mil til 1,25 mil
Skule
1.250.000 grunna 4 årsverk «redda»
Skule +200.000 Reversering av «Redusert undervisningsmateriell»
Kultur og mangfald +90.000 Medlemskap i Kulturverntenesta i Nordhordland.
Familiens hus +400.000 Reversering av «Reduksjon av jordmortenesta»
Reversering av «Reduksjon i kjøp frå staten»
Familiens hus +150.000
Helse, omsorg og sosial
Heimeteneste -490.000 Avdelingsleiar Omsorgsteam omgjort til 50% stilling
NAV sosial -850.000 Ny marknadsstilling ikkje oppretta i 2025
Samfunnsutvikling
Driftstilskott til Osterøy Utvikling sitt arbeid med
Miljø og teknikk +799.000
næringsutvikling i kommunen
Balanse: 0
Investeringsbudsjett
Investeringsprosjekt 2025 2026 2027 Skildring
Sjølvkost
Utsett til Kommunedelplan for vassforsyning er
Høgdebasseng Hauge 0 0 0 presentert og gjennomgått i heradsstyret, som
etterlyst i HS 97/24
Tiltak avlaup Tysse 0 0 0 Manglar grunngjeving i økonomiplanen
Samfunnsutvikling
Moglegstudie Ikkje aktuelt grunna omfattande oppussing av
0 0 0
Ungdomsskule OUS
Bokbuss 0 0 0 Ikkje aktuelt
Helse, omsorg og sosial
Ombygging Reigstad - Allereie dekka av Samfunnsutvikling: Bustader
0 0 0
samenslåing Reigstad
Ein generell merknad til investeringsbudsjettet er at mange prosjekt er lite skildra og
grunngjeve. Det gjer at det vert ei utfordring for Osterøy Høgre si gruppe å «gå god for»
budsjettet og vera ansvarlege for det når det er utydeleg kva kommunen sine planar er. Me
ynskjer at kommunen sin administrasjon beskriv betre når investeringane løper på fleire tital
millionar i lån kvart år i innbyggjarane sitt namn. Under er døme på postar me synst er
problematiske:
• Oppgradering VA avlastning: Nødvendig investering for å få åpnet opp stengt del av
Osterøy Avlastning. 750.000,-
Kva og kvar er «Osterøy Avlastning» og kva del er stengt som no må opnast, kvifor er
det nødvendig å opna denne delen, kvifor var den stengt i utgangspunktet, og kva er
det som gjer at det skal kosta så mykje å opna den opp?
• Sovehus barnehage: Gjeld nye sovehus til barnehagene. Ulik standard på
sovehusene og inkluderer nybygg på dei barnehagane med dårligst standard og
utbedring av sovehusene på 2 barnehager. 1.200.000,-
Ikkje alle veit kva eit «sovehus» er. Er dei mykje meir enn eit ope grindbygg for
barnevognar? Kvar skal dei nye byggjast, kvar skal dei eksisterande vølast, og kvifor
er dei så ekstremt dyre?
• Kjøp legeutstyr Valestrand: Midler til å kjøpe utstyr til Valestrand legekontor.
250.000,-
Kva utstyr er dette? Er det ei utskifting av defekt eller utdatert utstyr, eller grunna
nye behov?
• Ombygging Reigstad - samenslåing: Samanslåing av to leilegheiter for å få meir
optimal drift i Bu og Avlastningstenesten. 500.000,-
Er ikkje dette dei same leiligheitene som er ført opp i Samfunnsutvikling «Bustader
Reigstad»? Kvifor forventar ein at det vil kosta ein halv million å slå saman to
leiligheiter? Kvifor og korleis gir det «meir optimal drift»?
• Osterøytunet - investeringer
Kva er grunnen til at denne posten er ført opp under Samfunns- utvikling i 2027, men
i Helse, omsorg og sosial alle andre år?
• Peraplassen oppgradering: Nødvendig oppgradering og tilpassingar av Peraplassen.
2.500.000,-
Som i første investeringspost på denne lista er heller ikkje denne tilfredsstillande
skildra: Kva har ført til at noko uspesifisert er nødvendig å oppgradera og tilpassa på
Peraplassen? Kva nye føresetnader gjeld no som ikkje gjaldt tidlegare?
• Vassleidning Tråæ-Votlo: Rehabilitering av vassleidning Votlo-Tråæ. Planlagt
oppstart av prosjektet i 2026. 750.000,-
Kvifor er ikkje denne investeringa del av Sjølvkost?
Andre innspel til budsjettet
Innspela under kjem for seint for å påverka neste års budsjett, men for å utvikla eit betre
budsjett for 2026 kan Osterøy kommune dra nytte av følgjande forslag, basert på dialogen
mellom dei politiske partia og administrasjonen før handsaminga av 2025-budsjettet, og
tilgjengelege ressursar som KOSTRA-data pluss kommunen sine eigne prioriteringar:
1. Bruk av KOSTRA-data for samanlikning
• Sammenlikn ressursbruken i Osterøy med andre kommunar i same kategori for å
finna område med potensiale for effektivisering. Til dømes kan funksjon 120
(administrasjon) analyserast for å vurdera om organiseringa kan forbetrast.
2. Betre konsekvensutgreiing av tiltak
• Mange av dei føreslegne budsjettkutta manglar grundige skildringar av
konsekvensane for tilsette og brukarar (t.d. innan oppvekst og barnehage). Sørg for
at alle tiltak vert vurderte opp mot dei langsiktige måla for tidleg innsats og
førebygging, som prioritert i Kommuneplanen sin samfunnsdel.
3. Styrking av tidleg innsats
• Bruk det reduserte barnetalet som ein sjanse til å prioritere tidleg innsats. Ved å
investere i førebyggande tiltak, som TIBIR og BTI, kan langsiktige kostnader innan
barnevern og spesialundervisning reduserast.
4. Effektivisering og digitalisering
• Undersøk moglegheitene for ytterlegare digitalisering av tenester, spesielt i
administrasjonen, for å redusere manuelle oppgåver. Gjennomgang av eksisterande
fagsystem kan vere ein del av dette.
5. Rekruttering og oppbemanning i kritiske stillingar
• For å redusere overtidskostnader og sjukefråvær bør kommunen vurdere auka
grunnbemanning i helse- og omsorgssektoren. Dette kan finansierast ved å redusera
bruken av vikartenester.
6. Langsiktige investeringar og vedlikehald
• Evaluering av investeringsprosjekt som bilparken og VA-prosjekt bør ta omsyn til
langsiktige innsparingar.
7. Samarbeid med nabokommunar
• Utvid interkommunalt samarbeid innan barnevern, NAV og teknisk forvaltning. Dette
kan redusere kostnadane og samstundes oppretthalde eller auke kvaliteten på
tenestene grunna sterkare fagmiljø.
8. Gjennomgang av vikarpool-ordningar
• Ordninga med vikarpool i barnehagane har vist seg effektiv, men kan ho skalerast
eller nyttast i andre sektorar som helse eller skule? Ein pilot for dette bør vurderast.
9. Budsjettarbeid og kommunikasjon
• Engasjer politikarar og innbyggjarar endå tidlegare i budsjettprosessen med opne
diskusjonar og tydeleggjering av prioriteringar. Dette kan bidra til breiare støtte for
naudsynte tiltak.
10. Kartlegging av eigedommar og sal av unytta kapasitet
• Om kommunen hadde hatt ein vedlikehaldsplan for kommunale bygg kunne ein etter
ein gjennomgang av eigedomsporteføljen selt unna aktiva som ikkje er i bruk, eller er
overflødige. Alternativt vurdera meir effektiv bruk eller utleige.
11. Regelmessig gjennomgang av lisensar
• Har Digitalisering rutinar på jamleg gjennomgang av kommunen sin bruk av
programvarelisensar?
• Brukar kommunen alle system / digitale tenester den betalar for?
• Finst det rimelegare alternativ? («Me har alltid brukt det» er ikkje eit argument!)
• Finst det gratis programvare som kan brukast i staden for betalt programvare? (Til
dømes GIMP i staden for Adobe Photoshop)
• Finst det tilsette som har «feil» lisens (og soleis driv kostnadane unødvendig)?
• Har (mellom)leiarar rutinar for å varsla Digitalisering eller tenesteleverandør når ein
person sluttar, og konto skal avsluttast (og lisens frigjerast)?
• Er mellomleiarar ansvarlege for å følgja med på bruk av spesial-programvare, og om
slike lisensar enno er i bruk?
12. Utprøving av LEAN-metodikk
• Å nytta LEAN-metodikk i Osterøy kommune kan bidra til betre ressursutnytting, meir
effektive arbeidsprosessar og auka verdi for innbyggjarane. For å lukkast med LEAN,
bør kommunen:
1. Kartleggje arbeidsprosessar: Involver tilsette for å kartleggje dagens praksis og
identifisere forbetringsområde.
2. Setja tydelege mål: Prioritera tiltak som har størst påverknad på brukarar og
ressursbruk.
3. Gi opplæring: Sikra at leiarar og tilsette forstår og kan nytta LEAN-verktøy som
«tavlemøte,» «verdistrømsanalyse» og «kontinuerlege forbetringar.»
Måla resultat: Overvake forbetringar og justera tiltak basert på erfaring.
Utfall: falt · Presisjon: partifordeling
· for: 7
· mot: 20
Parti Side Røyster Kjelde
H for
4
eksplisitt
INP for
2
eksplisitt
V for
1
eksplisitt
AP mot
4
eksplisitt
FRP mot
6
eksplisitt
KRF mot
2
eksplisitt
SP mot
7
eksplisitt
SV mot
1
eksplisitt
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Fellesforslag fra Høyre falt med 7 røyster for og 20 røyster mot.
Stemmer for: V, 4 H, 2 Inp
Stemmer mot: 7 SP, 6 Frp, 4 Ap, 2 Krf, Sv
1. Høgre sitt alternative budsjett for Osterøy kommune 2025
Framlegg 5
14–13 · vedteke
Alexander Thunestvedt (Ap), Roy Håkon Jenssen (Sv), Bjarte Hammer Aarland (Krf), Turid Bjørndal Njåstad (Sp)
Vis heile framlegget
Kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett vert vedteke med fylgjande endringar:
Drift:
Kutt:
Økonomisk rådgjevarstilling halverast: 425 000
Marknadsstilling halverast: 425 000
Kontrollutvalet budsjett: 500 000
Sjukefråverbudsjett helse og omsorg: 451 000
Ferievikarbudsjett Helse og omsorg: 549 000
Avdelingsleiar omsorgsstilling halverast: 490 000
Totalt: 2 840 000
Kommunedirektøren får fullmakt til mindre justeringar på kutta så lenge dette er innafor
rammene, der det kan visast til at dette er naudsynt. Evt endringar på spesifiserte kutt i
endringsframlegget skal rapporterast på i tertialrapportane.
Styrkingar:
Reduserte eigenandel til aktivitet for låginntektsfamilier: 175 000
Ferievikarar barnehage: 300 000
Kontaktlærarar i ungdomsskulen: 125 000
Vårinntak barnehageplass i 1. barnehage: 410 000
Prøveprosjekt økt bemanning særskilte oppg. Barnehage: 330 000
Jordmortenesta vert behaldt på dagens nivå: 400 000
Utstyr til heimesjukepleie (Ytterklede): 100 000
Til disposisjonsfond: 1 000 000
Investering:
Posten bokbuss på 1 000 000 vert stroke
Posten moglegstudie Osterøy Ungdomsskule på 1 000 000 vert stroke.
Verbalframlegg:
I statsbudsjett løyver regjeringa 1 618 000 kr ekstra til auka bemanning i SFO og Barnehage.
Desse midlane var ukjente då budsjettet for 2025 vart lagt. Om desse midlane kan brukast til
satsinga heradsstyret har lagt inn på ferievikarar og vårinntak barnehage ynskjer
heradsstyret at overskytande midlar frå satsing på prøveprosjekt og vårinntak omfordelast
slik:
200 000 til reversing av kutt driftsmidlar skule.
540 000 til vedlikehald av kommunale vegar.
I forbindelse med tertialrapport skal det leggast fram ei oversikt over
organisasjonsstrukturen med stillingsbeskrivelse og antall stillingar i Osterøy kommune frå
topp til bunn. Heradsstyret ynskjer også rapport frå arbeidet med organisasjonsstruktur som
kommunedirektøren er i gang med når dette er ferdig.
I forbindelse med 1. tertialrapport skal det leggast fram oversikt over moglege innsparingar
på lisensar og konsekvensane av innsparingsforslaga.
Kommunedirektøren skal prøve å unngå innleige fra bemanningsbyrå. All innleige av
sjukepleiarar og helsefagarbeidarar fra bemanningsbyrå skal avtalast skrifteleg med
fagforeining med innstillingsrett etter arbeidstvistlova for den arbeidstakarkategorien
innleiga gjeld. Unntak frå kravet om skrifteleg avtale gjeld om man ikkje kan løyse lovleg
forsvarleg bemanning utan.
Undersøke mulighetar til å få ned vikarbruk i kommunen gjennom fleire faste, heile
stillingar. Rapportering til administrasjonsutvalet 5. Kommunedirektøren undersøker om dei
tilsette i barnehagane over 55 år kan få høve til å ta tre samanhengande ferieveker om
sommaren og få høve til å velje å avvikle dei to siste ferievekene i vinterhalvåret
(Seniortiltak). Eit slikt tiltak vil medverke til innsparing i vikarbudsjettet sommar og haust.
Tilsettingsstopp i mellomleiarstillingar og administrative stillingar vidareførast. Vi ber om at
kommunedirektøren så langt som råd unngår nytilsettingar i denne typen stillingar. Nye
personalbehov må så langt som råd løysast ved omdisponering av eksisterande
personalressursar, anten innanfor kommunedirektøren sin styringsrett eller gjennom
endringsoppseiingar. Ved naturleg avgang må det vurderast nøye om personalbehovet dette
utløyser kan dekkast gjennom omdisponering heller enn å tilsette ny for den som går av.
Kommunedirektøren undersøker om det er mogleg å få til eit samarbeid med helseføretaket
om ei delt jordmorstilling med 50% som kommune jordmor og 50% stilling på fødeavdelinga
Haukeland
I løpet av 2025 og seinast før budsjetthandsaminga for budsjett 2026 skal
kommunedirektøren greie ut ei sak om langsiktig og berekraftig finansiering av Osterøy
Utvikling. Dette må sjåast i samanheng med ein evt. framtidig næringsstragi for Osterøy. I
tillegg skal saka innehalda tilråding for kva ein skal gjere med bygningsmassen som ligg i
selskapet som kommunen i dag leiger.
Utfall: vedteke · Presisjon: partifordeling
· for: 14
· mot: 13
Parti Side Røyster Kjelde
AP for
4
eksplisitt
KRF for
2
eksplisitt
SP for
7
eksplisitt
SV for
1
eksplisitt
FRP mot
6
eksplisitt
H mot
4
eksplisitt
INP mot
2
eksplisitt
V mot
1
eksplisitt
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Tilleggsforslag frå Alexander Thunestvedt (Ap), Roy Håkon Jenssen (Sv), Bjarte Hammer
Aarland (Krf), Turid Bjørndal Njåstad (Sp) vart vedteke med 14 røyster for og 13 røyster
mot
Stemmer for: 7Sp, 4Ap, 2Krf, Sv
Stemmer mot: 6Frp, 4H, 2 Inp, V
Votering — vedteke
Utfall: vedteke · Presisjon: partifordeling
· for: 14
· mot: 13
Parti Side Røyster Kjelde
AP for
4
eksplisitt
KRF for
2
eksplisitt
SP for
7
eksplisitt
SV for
1
eksplisitt
FRP mot
6
eksplisitt
H mot
4
eksplisitt
INP mot
2
eksplisitt
V mot
1
eksplisitt
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Innstilling frå formannskapet vart vedteken med 14 røyster for og 13 røyster mot.
Stemmer for: 7Sp, 4Ap, 2Krf, Sv
Stemmer mot: 6Frp, 4H, 2 Inp, V