Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar. Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte. Kor sikre tala er

Saksgangen for arkivsak 24/3548

Same arkivnummer går att i 6 handsaming(ar). Tittelen og utfallet under er attgitt slik dei står i kvar einskild protokoll for seg — dei kan skilje seg frå kvarandre mellom møta, og sida vel ikkje éi av dei som «rette» tittel.

RS 62/24

Heradsstyret · 2024-11-07

Status: Årsbudsjett 2025 og Økonomiplan 2025-2028

Ingen voteringar registrerte for denne handsaminga.

· Sjå heile saklistesaka →

PS 77/24

Formannskapet · 2024-11-20

Budsjett og Økonomiplan 2025 - 2028

Framlegg 1

5–2 · vedteke Alexander Thunestvedt (Ap)
Vis heile framlegget
  • • 500 000 til uventa kontrollarbeid vert kutta og avsett til disposisjonsfond
  • • Moglegheitsstudie Osterøy ungdomsskule vert tatt ut av investeringsbudsjettet
  • • Bokbuss vert tatt ut av investeringsbudsjettet

Utfall: vedteke · Presisjon: partifordeling · for: 5 · mot: 2

For 5

  • AP 2
  • H 1
  • SP 2

Mot 2

  • FRP 2

Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei. Opne protokollen (PDF)

PartiSideRøysterKjelde
APfor 2 eksplisitt
Hfor 1 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
SPfor 2 eksplisitt
FRPmot 2 eksplisitt

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Tilleggsforslag frå Alexander Thunestvedt (Ap) vart vedteke med 5 røyster for og 2 røyster
mot
Røyster for: 2 Ap, 2Sp, H
Røyster mot: 2 Frp

Votering — vedteke

Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes

Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke

blanda: tal frå protokollen og utleidd frå totalen · Sjå heile saklistesaka →

PS 115/24

Heradsstyret · 2024-12-05

Budsjett og Økonomiplan 2025 - 2028

Framlegg 1

8–19 · falt Kim Andre Hartveit (Frp)
Vis heile framlegget
  • Budsjettforslag frå Osterøy FrP
  • Nok eit budsjett stramt budsjett skal vedtakast Med kommunen sin økonomiske situasjon,
  • og stadig knappare rammer frå regjeringa, i forhold til konsumprisindeks, er det naudsynt å
  • ta grep som gjev verknad.
  • Me er likevel ueinige i ein del av dei kuttforslaga som administrasjonen har lagt inn, og gjer
  • om på dei då verknaden vil verte uakseptabel. Me vidarerfører også tidlegare vedtekne kutt.
  • Det er ein del postar som har vorte neglisjert i budsjettarbeid i lang tid. Både av oss, men og
  • av administrasjonen. Dette gjeld vedlikehald av bygg og vegar. Me prioriterer derfor å å få
  • rusta opp kommunale vegar litegrann, då mange av desse vegane er i så dårleg forfatning at
  • det er fare for skade på bilar når folk ferdast langs vegane. Det er og eit skrikande behov for
  • å auke midlar til normalt vedlikehald av kommunale bygg, og aukar ramma litt til dette.
  • Denne posten skulle vore større, men skal folk kunne bu i kommunen, må dei også komme
  • til og frå husa sine. Difor må me ta vegane først.
  • Me snur og om på ein del av dei skisserte kuttforslaga i sektorane. I helse og omsorg er det
  • eit behov for å endre på ein del ting, men nokre av dei foreslåtte endringane er me ueinige i
  • og snur om på. Skal me ha vekst i barnetal, må me nesten kunne tilby ei jordmor.
  • Difor går me ikkje med på å kutte i det.
  • Det er og lagt opp til ein del kutt i oppvekstsektoren som ikkje er i tråd med vedtekne mål
  • for barn og unge. Ein del av desse snur me difor heilt eller delvis.
  • Me vel og å prioritere å få bygd vegen frå Kleiveland til Stokken. Dette er eit ope sår frå
  • gamal tid, som det er på høg tid å få avslutta. Dette må byggast som spleiselag mellom
  • kommunen og grunneigarane.
  • Kommunedirektøren sitt framlegg til budsjettvedtak vert vedteke med følgande endringar i
  • forhold til kunngjorte dokument:
  • - Utval for levekår vert avvikla med årseffekt frå og med 1.1 2025. Oppgåvene til utvalet vert
  • lagt attende til formannskapet/heradstyret. Innsparing 150 000
  • - Det vert teke ein full gjennomgang av programlisensar og abonnement til kommunen.
  • Innsparing vert sett til 2 millionar kroner. Dette er ei sak som kommunedirektøren har tatt
  • til orde for, og som er ei fornuftig sak å få sett på dagsorden. Summen som er sett, er
  • oppnåeleg, men tala kan og verte høgare.
  • - Det vert ikkje oppretta ny marknadsstilling . Endring i sum er 850 000 kr
  • - Avdelingsleiarstilling Omsorgsteam vert oppretta som ei 40% stilling inntil vidare. Sum
  • endring kr 588 000.
  • - Familiekoordinatorstillinga vert oppretta som ei 50% stilling inntil vidare. Endring kroner
  • 425 000 Alle stillingar bør være 100% stillingar om oppgåvene tilseier det. Men, når
  • alternativet er å slette stillingane heilt, meiner me dette er ei betre løysing gi noko. Dei
  • resterande prosenta til ei full stilling må då naturleg nok kombinerast saman med anna
  • arbeid/stilling som allereie ligg inne i rammene slik at den tilsette får så stor stilling som
  • ønskt eller full stilling.
  • I dokumentet ligg det og inne ein post der administrasjonen foreslår å reversere tidligare
  • vedtekne innsparingar. Dei innsparingane som tidlegare er vedtekne, må sjølvsagt
  • gjennomførast om det skal være noko poeng i å vedta innsparingar i det heile. Dermed:
  • - Tidlegare vedtekne innsparingar i sektor for Helse, Omsorg og sosial vert ikkje reverserte.
  • Sum endring 5.779 000 kroner
  • - Tidlegare vedtekne innsparingar i Sektor for oppvekst, undervisning og kultur vert ikkje
  • reverserte. 3.697 000 kroner.
  • - Tidlegare vedtekne uspesifiserte innsparingstiltak i kommunedirektør og stabsseksjonar
  • vert ikje reverserte. 684 000 kroner.
  • Sum til fordeling etter endring er 14 173 000 kroner
  • Følgande endringar i driftsbudsjett vert lagt inn i høve til framlegg frå kommunedirektøren:
  • - Kutt av 4 årsverk barnehage vert endra til kutt av 2 årsverk. Kostnad 550 000 kr
  • - Føreslege kutt av individuell tilrettelegging/ spesped barnehage vert halvert og endra til
  • 225 000 kroner.
  • - Det vert ikkje redusert innkjøp av undervisningsmateriell. Kostnad 200 000 kr
  • - Det vert ikkje kutta 4 årsverk i skulen. Dette vert endra til 2 årsverk. Kostnad 750 000 kr.
  • - Det vert lagt opp til barnehageopptak heile året for barnehagar med ledig kapasitet.
  • Kostnad med dette er rekna som innsparing i drift – kutt i vikarbruk og går mot einannan
  • jamfør døme frå kommunedirektøren i budsjettframlegget, og tidlegare presenterte
  • kostnadskalkylar på dette frå tidlegare år.
  • - Det vert ikkje reduksjon av jordmorstilling. Kostnad kr 400 000
  • - Det vert sett av kroner 750 000 kroner til veg Kleiveland Stokken
  • - Det vert sett av kroner 10 000 000 til vedlikehald og asfaltering av kommunale vegar
  • - Det vert sett av kr 173 000 til riving av gamle Tysse skule.
  • - Det vert sett av kroner 1 000 000 til vedlikehald av kommunale bygg.
  • Sum er dermed diponert likelydande disponible midlar.
  • Ny ramme for sektorane vert dermed sett slik:
  • - Helse, omsorg og sosial: 262 249 000 kroner.
  • - Oppvekst, undervisning og kultur: 237 946 000 kroner
  • - Kommunedirektør og stabsseksjonar: 49 177 000 kroner. Merk at innsparing i
  • abonnementskostnader er lagt her. Om desse skal fordelast meir sektorvis får
  • kommunedirektøren fullmakt til å endre dette.
  • Alle vakante stillingar i alle sektorar vert trekte tilbake. Å halde stillingar vakante meiner me
  • gjer at organisasjonen ikkje vert tilpassa til faktum. Dermed vert ikkje oppgåvene delegerte
  • vidare slik dei må. Det meiner me er uheldig. Difor vert dette gjort, og stillingane må heller
  • opprettast på nytt seinare når økonomien tillet det.
  • Endringar i investeringsbudsjett:
  • - Samtlege tiltak sjølvkost vert sett på vent til oppdatert VA plan er vedteke. Det er ikkje
  • fornuftig å vedta ein auke i rammene for sjølvkost på 38 millionar kroner utan at det føreligg
  • ein plan på at desse investeringane er ønskt eller påkrevd. Det vert opna for revisjon av
  • postane undervegs i driftsåret om plan eller anna dokumentasjon vert framlagt.
  • - Kjøp og innløysning av grunn vert endra til kroner 0. midlar til dette vert sett av frå sak til
  • sak av formannskapet eller Heradstyret (etter kva fullmakter som gjeld) Investeringsramme
  • for Samfunnsutvikling vert dermed endra frå 41300 til 38300.
  • - Bokbussen vert fjerna frå investeringsplanen. Dette konseptet er ikkje ei god løysing for
  • framtida, og tenesta vert oppmoda om å tenkje på andre løysingar som likevel sikrar skular
  • med meir eit godt boktilbod. investeringsramme for Oppvekst, undervisning og kultur vert
  • endra til 2 mill.
  • Samla investeringsramme for 2025 inklusive sjølvkost er dermed justert ned frå 91.550 til
  • 49.550 millionar.
  • Andre tiltak: Kommunale eigedomar og bygg som ikkje er naudsynt for kommunal
  • tenesteyting, kulturverdiar og kulturminne, eller inngår i strategiske utviklingplanar for
  • kommunen skal avhendast. Dette gjeld og skogteigar, landbrukseigedomar med meir.
  • Dei budsjettmessige endringane som er foreslått i dette budsjettet er enten vore på høyring
  • allereie, eller vedtekne. Forslaget løyser dermed ikkje ut trong for ein ny høyringsrunde.

Utfall: falt · Presisjon: partifordeling · for: 8 · mot: 19

For 8

  • FRP 6
  • INP 2

Mot 19

  • AP 4
  • H 4
  • KRF 2
  • SP 7
  • SV 1
  • V 1
PartiSideRøysterKjelde
FRPfor 6 eksplisitt
INPfor 2 eksplisitt
APmot 4 eksplisitt
Hmot 4 eksplisitt
KRFmot 2 eksplisitt
SPmot 7 eksplisitt
SVmot 1 eksplisitt
Vmot 1 eksplisitt

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Framlegget til Kim Andre Hartveit (Frp) falt med 8 røyster for og 19 røyster mot
Røyster for: 6 Frp, 2 Inp
Røyster mot: 7 Sp, 4 Ap, 4 H, 2 Krf, Sv, V,

Framlegg 2

8–19 · falt Kim Andre Hartveit (Frp)

verbalpunkt- osterøy går ikkje inn i kulturverns tjenesto besparelse 90-160 k

Utfall: falt · Presisjon: partifordeling · for: 8 · mot: 19

For 8

  • FRP 6
  • INP 2

Mot 19

  • AP 4
  • H 4
  • KRF 2
  • SP 7
  • SV 1
  • V 1
PartiSideRøysterKjelde
FRPfor 6 eksplisitt
INPfor 2 eksplisitt
APmot 4 eksplisitt
Hmot 4 eksplisitt
KRFmot 2 eksplisitt
SPmot 7 eksplisitt
SVmot 1 eksplisitt
Vmot 1 eksplisitt

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Tilleggsforslag 1 frå Kim Andre Hartveit (Frp) falt med 8 røyster for og 19 røyster mot
Røyster for: 6 Frp, 2 Inp
Røyster mot: 7 Sp, 4 Ap, 4 H, 2 Krf, Sv, V,

Framlegg 3

8–19 · falt Kim Andre Hartveit (Frp)

Utfall: falt · Presisjon: partifordeling · for: 8 · mot: 19

For 8

  • FRP 6
  • INP 2

Mot 19

  • AP 4
  • H 4
  • KRF 2
  • SP 7
  • SV 1
  • V 1
PartiSideRøysterKjelde
FRPfor 6 eksplisitt
INPfor 2 eksplisitt
APmot 4 eksplisitt
Hmot 4 eksplisitt
KRFmot 2 eksplisitt
SPmot 7 eksplisitt
SVmot 1 eksplisitt
Vmot 1 eksplisitt

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Tilleggsforslag 2 frå Kim Andre Hartveit (Frp) falt med 8 røyster for og 19 røyster mot
Røyster for: 6 Frp, 2 Inp
Røyster mot: 7 Sp, 4 Ap, 4 H, 2 Krf, Sv, V,

Framlegg 4

7–20 · falt Høyre
Vis heile framlegget
  • Høgre sitt alternative budsjett for Osterøy kommune 2025
  • Innleiing
  • Osterøy Høgre er ikkje samd med alle formannskapet sine tiltak og prioriteringar som
  • vedteke av posisjonen 20. november 2024, og presenterer derfor i dette dokumentet eit
  • alternativt framlegg til kommunen sitt budsjett for året 2025.
  • Høgre meiner at kommunen si bemanning i sentrale tenester allereie er blitt så låg at den
  • går ut over dei tilsette si helse, og at vidare kutt derfor ikkje er forsvarleg. Dette er knytt til
  • det første overordna målet i Kommuneplanen sin samfunnsdel: Berekraftig forvaltning av
  • livsgrunnlaget.
  • Me meiner også at det er viktig å skjerma våre barn og unge – kommunen si framtid – i
  • større grad for nye kraftige kutt. Dette er grunna det andre overordna målet i
  • Samfunnsplanen: Gode levekår og attraktive lokalsamfunn.
  • Me vil også prioritera næringsutvikling for å skapa eit håp om betre økonomiske tider på
  • sikt, med fleire innbyggjarar og arbeidstakarar, som igjen styrkjer kommunen sitt
  • inntektsgrunnlag. Dette heng saman med det tredje og siste overordna målet i
  • Samfunnsplanen: Framtidsretta og mangfaldig næringsliv.
  • Budsjettframlegget
  • Osterøy Høgre sitt budsjettframlegg er basert på kommunedirektøren sitt opphavlege
  • framlegg til formannskapet, med følgjande endringar:
  • Driftsbudsjett
  • Eining Endring Skildring
  • Kommunedirektør og stabseksjonar
  • Politisk - Adm sekretariat -150.000 Nedlegging av Levekårsutvalet frå 1. januar 2025
  • Kontrollutvalet sin post «Uføresett kontrollarbeid»
  • Politisk - Adm sekretariat -474.000
  • vert heldt uendra på 50’.
  • Service, dokumentasjon - Endring av 400 brukarlisensar frå Office 365 E5 EEA til
  • og informasjon 1.600.000 Microsoft 365 F3
  • Eining Endring Skildring
  • Oppvekst, undervisning og kultur
  • +1.100 Reversering av «4 årsverk barnehage nedtrekk
  • Barnehage
  • 000 grunnbemanning samt redusert foreldrebetaling»
  • Reversering av «Reduksjon individuell
  • Barnehage +450.000 tilrettelegging/spesped barnehage hausten 2025 1,45
  • årsverk»
  • Reversering av «Redusere tal kontaktlærar
  • Skule +125.000
  • ungdomsskulen»
  • +1.500
  • Skule Reversering av «4 årsverk nedtrekk skule haust 2025»
  • 000
  • - Halvering av vikarbudsjett frå 2,5 mil til 1,25 mil
  • Skule
  • 1.250.000 grunna 4 årsverk «redda»
  • Skule +200.000 Reversering av «Redusert undervisningsmateriell»
  • Kultur og mangfald +90.000 Medlemskap i Kulturverntenesta i Nordhordland.
  • Familiens hus +400.000 Reversering av «Reduksjon av jordmortenesta»
  • Reversering av «Reduksjon i kjøp frå staten»
  • Familiens hus +150.000
  • Helse, omsorg og sosial
  • Heimeteneste -490.000 Avdelingsleiar Omsorgsteam omgjort til 50% stilling
  • NAV sosial -850.000 Ny marknadsstilling ikkje oppretta i 2025
  • Samfunnsutvikling
  • Driftstilskott til Osterøy Utvikling sitt arbeid med
  • Miljø og teknikk +799.000
  • næringsutvikling i kommunen
  • Balanse: 0
  • Investeringsbudsjett
  • Investeringsprosjekt 2025 2026 2027 Skildring
  • Sjølvkost
  • Utsett til Kommunedelplan for vassforsyning er
  • Høgdebasseng Hauge 0 0 0 presentert og gjennomgått i heradsstyret, som
  • etterlyst i HS 97/24
  • Tiltak avlaup Tysse 0 0 0 Manglar grunngjeving i økonomiplanen
  • Samfunnsutvikling
  • Moglegstudie Ikkje aktuelt grunna omfattande oppussing av
  • 0 0 0
  • Ungdomsskule OUS
  • Bokbuss 0 0 0 Ikkje aktuelt
  • Helse, omsorg og sosial
  • Ombygging Reigstad - Allereie dekka av Samfunnsutvikling: Bustader
  • 0 0 0
  • samenslåing Reigstad
  • Ein generell merknad til investeringsbudsjettet er at mange prosjekt er lite skildra og
  • grunngjeve. Det gjer at det vert ei utfordring for Osterøy Høgre si gruppe å «gå god for»
  • budsjettet og vera ansvarlege for det når det er utydeleg kva kommunen sine planar er. Me
  • ynskjer at kommunen sin administrasjon beskriv betre når investeringane løper på fleire tital
  • millionar i lån kvart år i innbyggjarane sitt namn. Under er døme på postar me synst er
  • problematiske:
  • • Oppgradering VA avlastning: Nødvendig investering for å få åpnet opp stengt del av
  • Osterøy Avlastning. 750.000,-
  • Kva og kvar er «Osterøy Avlastning» og kva del er stengt som no må opnast, kvifor er
  • det nødvendig å opna denne delen, kvifor var den stengt i utgangspunktet, og kva er
  • det som gjer at det skal kosta så mykje å opna den opp?
  • • Sovehus barnehage: Gjeld nye sovehus til barnehagene. Ulik standard på
  • sovehusene og inkluderer nybygg på dei barnehagane med dårligst standard og
  • utbedring av sovehusene på 2 barnehager. 1.200.000,-
  • Ikkje alle veit kva eit «sovehus» er. Er dei mykje meir enn eit ope grindbygg for
  • barnevognar? Kvar skal dei nye byggjast, kvar skal dei eksisterande vølast, og kvifor
  • er dei så ekstremt dyre?
  • • Kjøp legeutstyr Valestrand: Midler til å kjøpe utstyr til Valestrand legekontor.
  • 250.000,-
  • Kva utstyr er dette? Er det ei utskifting av defekt eller utdatert utstyr, eller grunna
  • nye behov?
  • • Ombygging Reigstad - samenslåing: Samanslåing av to leilegheiter for å få meir
  • optimal drift i Bu og Avlastningstenesten. 500.000,-
  • Er ikkje dette dei same leiligheitene som er ført opp i Samfunnsutvikling «Bustader
  • Reigstad»? Kvifor forventar ein at det vil kosta ein halv million å slå saman to
  • leiligheiter? Kvifor og korleis gir det «meir optimal drift»?
  • • Osterøytunet - investeringer
  • Kva er grunnen til at denne posten er ført opp under Samfunns- utvikling i 2027, men
  • i Helse, omsorg og sosial alle andre år?
  • • Peraplassen oppgradering: Nødvendig oppgradering og tilpassingar av Peraplassen.
  • 2.500.000,-
  • Som i første investeringspost på denne lista er heller ikkje denne tilfredsstillande
  • skildra: Kva har ført til at noko uspesifisert er nødvendig å oppgradera og tilpassa på
  • Peraplassen? Kva nye føresetnader gjeld no som ikkje gjaldt tidlegare?
  • • Vassleidning Tråæ-Votlo: Rehabilitering av vassleidning Votlo-Tråæ. Planlagt
  • oppstart av prosjektet i 2026. 750.000,-
  • Kvifor er ikkje denne investeringa del av Sjølvkost?
  • Andre innspel til budsjettet
  • Innspela under kjem for seint for å påverka neste års budsjett, men for å utvikla eit betre
  • budsjett for 2026 kan Osterøy kommune dra nytte av følgjande forslag, basert på dialogen
  • mellom dei politiske partia og administrasjonen før handsaminga av 2025-budsjettet, og
  • tilgjengelege ressursar som KOSTRA-data pluss kommunen sine eigne prioriteringar:
  • 1. Bruk av KOSTRA-data for samanlikning
  • • Sammenlikn ressursbruken i Osterøy med andre kommunar i same kategori for å
  • finna område med potensiale for effektivisering. Til dømes kan funksjon 120
  • (administrasjon) analyserast for å vurdera om organiseringa kan forbetrast.
  • 2. Betre konsekvensutgreiing av tiltak
  • • Mange av dei føreslegne budsjettkutta manglar grundige skildringar av
  • konsekvensane for tilsette og brukarar (t.d. innan oppvekst og barnehage). Sørg for
  • at alle tiltak vert vurderte opp mot dei langsiktige måla for tidleg innsats og
  • førebygging, som prioritert i Kommuneplanen sin samfunnsdel.
  • 3. Styrking av tidleg innsats
  • • Bruk det reduserte barnetalet som ein sjanse til å prioritere tidleg innsats. Ved å
  • investere i førebyggande tiltak, som TIBIR og BTI, kan langsiktige kostnader innan
  • barnevern og spesialundervisning reduserast.
  • 4. Effektivisering og digitalisering
  • • Undersøk moglegheitene for ytterlegare digitalisering av tenester, spesielt i
  • administrasjonen, for å redusere manuelle oppgåver. Gjennomgang av eksisterande
  • fagsystem kan vere ein del av dette.
  • 5. Rekruttering og oppbemanning i kritiske stillingar
  • • For å redusere overtidskostnader og sjukefråvær bør kommunen vurdere auka
  • grunnbemanning i helse- og omsorgssektoren. Dette kan finansierast ved å redusera
  • bruken av vikartenester.
  • 6. Langsiktige investeringar og vedlikehald
  • • Evaluering av investeringsprosjekt som bilparken og VA-prosjekt bør ta omsyn til
  • langsiktige innsparingar.
  • 7. Samarbeid med nabokommunar
  • • Utvid interkommunalt samarbeid innan barnevern, NAV og teknisk forvaltning. Dette
  • kan redusere kostnadane og samstundes oppretthalde eller auke kvaliteten på
  • tenestene grunna sterkare fagmiljø.
  • 8. Gjennomgang av vikarpool-ordningar
  • • Ordninga med vikarpool i barnehagane har vist seg effektiv, men kan ho skalerast
  • eller nyttast i andre sektorar som helse eller skule? Ein pilot for dette bør vurderast.
  • 9. Budsjettarbeid og kommunikasjon
  • • Engasjer politikarar og innbyggjarar endå tidlegare i budsjettprosessen med opne
  • diskusjonar og tydeleggjering av prioriteringar. Dette kan bidra til breiare støtte for
  • naudsynte tiltak.
  • 10. Kartlegging av eigedommar og sal av unytta kapasitet
  • • Om kommunen hadde hatt ein vedlikehaldsplan for kommunale bygg kunne ein etter
  • ein gjennomgang av eigedomsporteføljen selt unna aktiva som ikkje er i bruk, eller er
  • overflødige. Alternativt vurdera meir effektiv bruk eller utleige.
  • 11. Regelmessig gjennomgang av lisensar
  • • Har Digitalisering rutinar på jamleg gjennomgang av kommunen sin bruk av
  • programvarelisensar?
  • • Brukar kommunen alle system / digitale tenester den betalar for?
  • • Finst det rimelegare alternativ? («Me har alltid brukt det» er ikkje eit argument!)
  • • Finst det gratis programvare som kan brukast i staden for betalt programvare? (Til
  • dømes GIMP i staden for Adobe Photoshop)
  • • Finst det tilsette som har «feil» lisens (og soleis driv kostnadane unødvendig)?
  • • Har (mellom)leiarar rutinar for å varsla Digitalisering eller tenesteleverandør når ein
  • person sluttar, og konto skal avsluttast (og lisens frigjerast)?
  • • Er mellomleiarar ansvarlege for å følgja med på bruk av spesial-programvare, og om
  • slike lisensar enno er i bruk?
  • 12. Utprøving av LEAN-metodikk
  • • Å nytta LEAN-metodikk i Osterøy kommune kan bidra til betre ressursutnytting, meir
  • effektive arbeidsprosessar og auka verdi for innbyggjarane. For å lukkast med LEAN,
  • bør kommunen:
  • 1. Kartleggje arbeidsprosessar: Involver tilsette for å kartleggje dagens praksis og
  • identifisere forbetringsområde.
  • 2. Setja tydelege mål: Prioritera tiltak som har størst påverknad på brukarar og
  • ressursbruk.
  • 3. Gi opplæring: Sikra at leiarar og tilsette forstår og kan nytta LEAN-verktøy som
  • «tavlemøte,» «verdistrømsanalyse» og «kontinuerlege forbetringar.»
  • Måla resultat: Overvake forbetringar og justera tiltak basert på erfaring.

Utfall: falt · Presisjon: partifordeling · for: 7 · mot: 20

For 7

  • H 4
  • INP 2
  • V 1

Mot 20

  • AP 4
  • FRP 6
  • KRF 2
  • SP 7
  • SV 1
PartiSideRøysterKjelde
Hfor 4 eksplisitt
INPfor 2 eksplisitt
Vfor 1 eksplisitt
APmot 4 eksplisitt
FRPmot 6 eksplisitt
KRFmot 2 eksplisitt
SPmot 7 eksplisitt
SVmot 1 eksplisitt

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Fellesforslag fra Høyre falt med 7 røyster for og 20 røyster mot.
Stemmer for: V, 4 H, 2 Inp
Stemmer mot: 7 SP, 6 Frp, 4 Ap, 2 Krf, Sv
1. Høgre sitt alternative budsjett for Osterøy kommune 2025

Framlegg 5

14–13 · vedteke Alexander Thunestvedt (Ap), Roy Håkon Jenssen (Sv), Bjarte Hammer Aarland (Krf), Turid Bjørndal Njåstad (Sp)
Vis heile framlegget
  • Kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett vert vedteke med fylgjande endringar:
  • Drift:
  • Kutt:
  • Økonomisk rådgjevarstilling halverast: 425 000
  • Marknadsstilling halverast: 425 000
  • Kontrollutvalet budsjett: 500 000
  • Sjukefråverbudsjett helse og omsorg: 451 000
  • Ferievikarbudsjett Helse og omsorg: 549 000
  • Avdelingsleiar omsorgsstilling halverast: 490 000
  • Totalt: 2 840 000
  • Kommunedirektøren får fullmakt til mindre justeringar på kutta så lenge dette er innafor
  • rammene, der det kan visast til at dette er naudsynt. Evt endringar på spesifiserte kutt i
  • endringsframlegget skal rapporterast på i tertialrapportane.
  • Styrkingar:
  • Reduserte eigenandel til aktivitet for låginntektsfamilier: 175 000
  • Ferievikarar barnehage: 300 000
  • Kontaktlærarar i ungdomsskulen: 125 000
  • Vårinntak barnehageplass i 1. barnehage: 410 000
  • Prøveprosjekt økt bemanning særskilte oppg. Barnehage: 330 000
  • Jordmortenesta vert behaldt på dagens nivå: 400 000
  • Utstyr til heimesjukepleie (Ytterklede): 100 000
  • Til disposisjonsfond: 1 000 000
  • Investering:
  • Posten bokbuss på 1 000 000 vert stroke
  • Posten moglegstudie Osterøy Ungdomsskule på 1 000 000 vert stroke.
  • Verbalframlegg:
  • I statsbudsjett løyver regjeringa 1 618 000 kr ekstra til auka bemanning i SFO og Barnehage.
  • Desse midlane var ukjente då budsjettet for 2025 vart lagt. Om desse midlane kan brukast til
  • satsinga heradsstyret har lagt inn på ferievikarar og vårinntak barnehage ynskjer
  • heradsstyret at overskytande midlar frå satsing på prøveprosjekt og vårinntak omfordelast
  • slik:
  • 200 000 til reversing av kutt driftsmidlar skule.
  • 540 000 til vedlikehald av kommunale vegar.
  • I forbindelse med tertialrapport skal det leggast fram ei oversikt over
  • organisasjonsstrukturen med stillingsbeskrivelse og antall stillingar i Osterøy kommune frå
  • topp til bunn. Heradsstyret ynskjer også rapport frå arbeidet med organisasjonsstruktur som
  • kommunedirektøren er i gang med når dette er ferdig.
  • I forbindelse med 1. tertialrapport skal det leggast fram oversikt over moglege innsparingar
  • på lisensar og konsekvensane av innsparingsforslaga.
  • Kommunedirektøren skal prøve å unngå innleige fra bemanningsbyrå. All innleige av
  • sjukepleiarar og helsefagarbeidarar fra bemanningsbyrå skal avtalast skrifteleg med
  • fagforeining med innstillingsrett etter arbeidstvistlova for den arbeidstakarkategorien
  • innleiga gjeld. Unntak frå kravet om skrifteleg avtale gjeld om man ikkje kan løyse lovleg
  • forsvarleg bemanning utan.
  • Undersøke mulighetar til å få ned vikarbruk i kommunen gjennom fleire faste, heile
  • stillingar. Rapportering til administrasjonsutvalet 5. Kommunedirektøren undersøker om dei
  • tilsette i barnehagane over 55 år kan få høve til å ta tre samanhengande ferieveker om
  • sommaren og få høve til å velje å avvikle dei to siste ferievekene i vinterhalvåret
  • (Seniortiltak). Eit slikt tiltak vil medverke til innsparing i vikarbudsjettet sommar og haust.
  • Tilsettingsstopp i mellomleiarstillingar og administrative stillingar vidareførast. Vi ber om at
  • kommunedirektøren så langt som råd unngår nytilsettingar i denne typen stillingar. Nye
  • personalbehov må så langt som råd løysast ved omdisponering av eksisterande
  • personalressursar, anten innanfor kommunedirektøren sin styringsrett eller gjennom
  • endringsoppseiingar. Ved naturleg avgang må det vurderast nøye om personalbehovet dette
  • utløyser kan dekkast gjennom omdisponering heller enn å tilsette ny for den som går av.
  • Kommunedirektøren undersøker om det er mogleg å få til eit samarbeid med helseføretaket
  • om ei delt jordmorstilling med 50% som kommune jordmor og 50% stilling på fødeavdelinga
  • Haukeland
  • I løpet av 2025 og seinast før budsjetthandsaminga for budsjett 2026 skal
  • kommunedirektøren greie ut ei sak om langsiktig og berekraftig finansiering av Osterøy
  • Utvikling. Dette må sjåast i samanheng med ein evt. framtidig næringsstragi for Osterøy. I
  • tillegg skal saka innehalda tilråding for kva ein skal gjere med bygningsmassen som ligg i
  • selskapet som kommunen i dag leiger.

Utfall: vedteke · Presisjon: partifordeling · for: 14 · mot: 13

For 14

  • AP 4
  • KRF 2
  • SP 7
  • SV 1

Mot 13

  • FRP 6
  • H 4
  • INP 2
  • V 1
PartiSideRøysterKjelde
APfor 4 eksplisitt
KRFfor 2 eksplisitt
SPfor 7 eksplisitt
SVfor 1 eksplisitt
FRPmot 6 eksplisitt
Hmot 4 eksplisitt
INPmot 2 eksplisitt
Vmot 1 eksplisitt

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Tilleggsforslag frå Alexander Thunestvedt (Ap), Roy Håkon Jenssen (Sv), Bjarte Hammer
Aarland (Krf), Turid Bjørndal Njåstad (Sp) vart vedteke med 14 røyster for og 13 røyster
mot
Stemmer for: 7Sp, 4Ap, 2Krf, Sv
Stemmer mot: 6Frp, 4H, 2 Inp, V

Votering — vedteke

Utfall: vedteke · Presisjon: partifordeling · for: 14 · mot: 13

For 14

  • AP 4
  • KRF 2
  • SP 7
  • SV 1

Mot 13

  • FRP 6
  • H 4
  • INP 2
  • V 1
PartiSideRøysterKjelde
APfor 4 eksplisitt
KRFfor 2 eksplisitt
SPfor 7 eksplisitt
SVfor 1 eksplisitt
FRPmot 6 eksplisitt
Hmot 4 eksplisitt
INPmot 2 eksplisitt
Vmot 1 eksplisitt

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Innstilling frå formannskapet vart vedteken med 14 røyster for og 13 røyster mot.
Stemmer for: 7Sp, 4Ap, 2Krf, Sv
Stemmer mot: 6Frp, 4H, 2 Inp, V

tal frå protokollen · Sjå heile saklistesaka →

RS 10/25

Formannskapet · 2025-06-04

Osterøy kommune - budsjett 2025 og økonomiplan 2025 - 2028

Vi har ikkje eit uttrekk for denne handsaminga.

· Sjå heile saklistesaka →

RS 34/25

Heradsstyret · 2025-06-19

Osterøy kommune - budsjett 2025 og økonomiplan 2025 - 2028

Vi har ikkje eit uttrekk for denne handsaminga.

· Sjå heile saklistesaka →

PS 83/25

Heradsstyret · 2025-10-16

Revidert investeringsbudsjett 2025

Votering — vedteke

Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes

Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke.

· Sjå heile saklistesaka →