Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
Framlegget om endra eigarskap må utgreiast meir før det kan handsamast av heradsstyret. Fråsegn frå første gongs høyring manglar i saka. I tillegg manglar høringsinnspill fra idrettslagene. Det vil vere eit viktig grunnlag for vurderingane til heradsstyret. Vi ber kommunedirektøren om å gå i direkte dialog med idrettslaga om dagens eigarskap og ei eventuelle endring i eigarskap.
De økonomiske konsekvensane av endring i eigarskap må også utgreiast. Ei endring i eigarskapstilhøva må ikkje føra til at idrettslaga får auka kostnader med å drifta anlegga. Konsekvensen av dette vil vere at idrettslaga må kompensere dette gjennom auka kontingent og treningsavgift for medlemmene. Ei slik auke vil vere svært uheldig, og strir mot prinsippet om at det skal vere økonomisk mogeleg for alle å delta i idrett.
Kostnader :
· Straum (kva betaler kommunen idag)
· Forsikring (både anleggsforsikring, bruksforsikring og personforsikring)
· Kommunale avgifter, vann, avløp, renovasjon
· Leige skule (vil ein framleis kunne bruke garderobe, toalett og gymsal vederlagsfritt)
Inntekter :
· Leige frå skule og barnehage (kva beløp er det tenkt årleg her og kor langvarige skal kontraktane vere?)
· Straumstøtte (kan dagens ordning vidareførast?)
· Driftstilskot (vil ein framleis kunne søkja om årleg driftstilskot i same storleik som før?)
· Investeringsstøtte (‘norma’ i dag er 25% av statleg stønad, vil den kunne vidareførast?)
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.