Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
PS 56/25 Førebels Budsjett 2026 og Økonomiplan 2026-2029
Heradsstyret ynskjer i større grad å kunne velge og prioritere mellom ulike tiltak når me handsamar budsjett. Me ber difor Kommunedirektøren å greie ut og legge til rette fleire valmoglegheiter å prioritere mellom til årets budsjetthandsaming.
Heradsstyret meiner at det krevst større grep enn «ostehøvel» for å kome i mål med omstillinga. Men saker som omhandlar store strukturendringar, bør som hovudregel handsamast som eigne politiske saker, med separat påverknadsprosess og ikkje i budsjettsamanheng som ein del av større «pakke».
Heradsstyret legg følgande føringar til og styrringsignal og ber kommunedirektøren:
Å aktivt søka interkommunalt samarbeid, både for å kunne kutte kostnader men og for å styrke kompetansenivå og fagmiljø.
Å sette i gong ein prosess der ein avhender kommunal eigedom som ikkje er av strategisk viktighet for kommunen å eige.
Vurdere eigedomsmassen og vurdere avhending/sanering av eigedom som er i særs dårleg stand.
Forsøke å avhende skog og vurdere å avhende skogseigedomar
Halde fram satsinga på lærlingar
Halde fram satsing på vikarpool og vurdere å utvide ordninga og i andre tenester
Vurdere tenestenivået i alle tenester og sikre at nivået samsvarar med inntektsnivået
Prioritere og intensivere tiltak for redusert sjukefråvær
Styrke samarbeidet med private for å etablere fleire bufelleskap for psykisk utviklingshemma
Utnytte tilboda i Husbanken betre, gjerne i samarbeid med både profesjonelle utbyggarar og ideelle aktørar.
Vurdere alle ikkje-lovpålagte tenester, inkludert nyleg vedtatte satsingar.
Legge fram forslag til driftstilskot til Osterøy Utvikling.
Administrasjonen må la seg informere frå andre kommunar som har gjennomgått lignande transformasjonar som den Osterøy kommune står overfor, døme Gjesdal kommune / Vestre Toten kommune og andre. KS har OU midlar / Organisasjonsutviklingsmidlar til slik utvikling, må spesifiserast at det er «lederutvikling», Gjesdal kommune fekk dekka 70/80% av sine kostnader til sin omstilling ved OU midlar.'
Den eksterne hjelpa som kjem inn må dokumentere varige resultat frå andre kommunar. Resultata bør i hovudsak ha komme fram ved hjelp av involvering av alle tilsette og ein kontinuerlig forbedringskultur på alle nivå.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)