Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
Same arkivnummer går att i 6 handsaming(ar). Tittelen og
utfallet under er attgitt slik dei står i kvar einskild protokoll for seg — dei kan
skilje seg frå kvarandre mellom møta, og sida vel ikkje éi av dei som «rette» tittel.
PS 56/25
Heradsstyret · 2025-06-19
Førebels Budsjett 2026 og Økonomiplan 2026-2029
Framlegg 1
vedteke
Alexander Thunestvedt(Ap)
Vis heile framlegget
- Heradsstyret ynskjer i større grad å kunne velge og prioritere mellom ulike tiltak når me handsamar budsjett. Me ber difor Kommunedirektøren å greie ut og legge til rette fleire valmoglegheiter å prioritere mellom til årets budsjetthandsaming.
- Heradsstyret meiner at det krevst større grep enn «ostehøvel» for å kome i mål med omstillinga. Men saker som omhandlar store strukturendringar, bør som hovudregel handsamast som eigne politiske saker, med separat påverknadsprosess og ikkje i budsjettsamanheng som ein del av større «pakke».
- Heradsstyret legg følgande føringar til og styrringsignal og ber kommunedirektøren:
- Å aktivt søka interkommunalt samarbeid, både for å kunne kutte kostnader men og for å styrke kompetansenivå og fagmiljø.
- Å sette i gong ein prosess der ein avhender kommunal eigedom som ikkje er av strategisk viktighet for kommunen å eige.
- Vurdere eigedomsmassen og vurdere avhending/sanering av eigedom som er i særs dårleg stand.
- Forsøke å avhende skog og vurdere å avhende skogseigedomar
- Halde fram satsinga på lærlingar
- Halde fram satsing på vikarpool og vurdere å utvide ordninga og i andre tenester
- Vurdere tenestenivået i alle tenester og sikre at nivået samsvarar med inntektsnivået
- Prioritere og intensivere tiltak for redusert sjukefråvær
- Styrke samarbeidet med private for å etablere fleire bufelleskap for psykisk utviklingshemma
- Utnytte tilboda i Husbanken betre, gjerne i samarbeid med både profesjonelle utbyggarar og ideelle aktørar.
- Vurdere alle ikkje-lovpålagte tenester, inkludert nyleg vedtatte satsingar.
- Legge fram forslag til driftstilskot til Osterøy Utvikling.
- Administrasjonen må la seg informere frå andre kommunar som har gjennomgått lignande transformasjonar som den Osterøy kommune står overfor, døme Gjesdal kommune / Vestre Toten kommune og andre. KS har OU midlar / Organisasjonsutviklingsmidlar til slik utvikling, må spesifiserast at det er «lederutvikling», Gjesdal kommune fekk dekka 70/80% av sine kostnader til sin omstilling ved OU midlar.'
- Den eksterne hjelpa som kjem inn må dokumentere varige resultat frå andre kommunar. Resultata bør i hovudsak ha komme fram ved hjelp av involvering av alle tilsette og ein kontinuerlig forbedringskultur på alle nivå.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Innstilling frå Formannskapet og Framlegg 1 til vedtak frå Alexander Thunestvedt(Ap) vart samrøystes vedteke.
Framlegg 2
19–7 · vedteke
Alexander Thunestvedt(Ap)
Halde fram arbeidet med å samlokalisere og fjerne «satelitter»
Utfall: vedteke · Presisjon: namneliste
· for: 19
· mot: 7
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
| Parti | Side | Røyster | Kjelde |
| AP | for |
4 |
utleidd frå namn |
| H | for |
4 |
utleidd frå namn |
| INP | for |
1 |
utleidd frå namn |
| KRF | for |
2 |
utleidd frå namn |
| SP | for |
7 |
utleidd frå namn |
| V | for |
1 |
utleidd frå namn |
| FRP | mot |
7 |
utleidd frå namn |
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Framlegg 2 til vedtak frå Alexander Thunestvedt(Ap) vart vedteke med 19 røyster for og 7 røyster mot.
Røyster for: Alexander Thunestvedt (AP), Ann Kristin Borge (AP), Geir Olsen (AP), Herdis Helle (AP), Aksel Mjøs (H), Roald Waldemar Martinsen (H), Atle Solberg (H), Tor Georg Hella (H), Roy Husebø (INP), Bjarte Hammer Aarland (KrF), Jarle Skeidsvoll (KrF), Frode Flesland (SP), Gerd Karin Njaastad (SP), Helge Valestrand Edvardsdal (SP), Johannes Haugland (SP), Kjellaug Hartveit (SP), Lars Fjeldstad (SP), Turid Bjørndal Njåstad (SP), Kjersti Ingolvsdotter Vevatne (V)
Røyster mot: Ann Helen Solberg (FrP), Kim Andre Hartveit (FrP), Kurt Ove Øksnes (FrP), Ragnar J Tyssebotn (FrP), Ruben Nielsen (FrP), Sigmund Arve Faugstad (FrP), Stian Torp (Frp)
Framlegg 3
vedteke
Alexander Thunestvedt(Ap)
Det bør sjåast på moglegheiter for å øke inntekter på lengre sikt.
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Tilleggsforslag frå Alexander Thunestvedt(Ap) vart samrøystes vedteke.
utleidd frå namn · Sjå heile saklistesaka →
PS 112/25
Heradsstyret · 2025-12-11
Budsjett 2026 og Økonomiplan 2026-2029
Uttrekket for denne handsaminga er merkt uklar — tala under
kan vere ufullstendige eller feil.
Framlegg 1
10–17 · falt
Kim Andre Hartveit(Frp)
Vis heile framlegget
- det vert gjeve driftstøtte til båtruta i indre Osterfjord på inntil kroner 350000kr.
- midlane vert tatt av ekstra rammeløyvingar som kommunen nyligt har fått frå regjeringa.
- avsettning til disposijonsfondet vert endra likelydande.
Utfall: falt · Presisjon: ukjend
· for: 10
· mot: 17
Mot
17
- AP 3
- H 4
- SP 7
- SV 1
- ikkje fordelt 2
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
Uavklart i protokollen
Partitala på mot-sida summerer til 15, men protokollen oppgir 17.
Tala går ikkje opp, og vi har ikkje retta på det: protokollen står som han
står, og råteksten under viser kva som faktisk er skrive.
sjå
protokollen (PDF)
| Parti | Side | Røyster | Kjelde |
| AP | for |
1 |
utleidd frå namn |
| FRP | for |
7 |
eksplisitt |
| INP | for |
1 |
eksplisitt |
| V | for |
1 |
eksplisitt |
| AP | mot |
3 |
utleidd frå namn |
| H | mot |
4 |
eksplisitt |
| SP | mot |
7 |
eksplisitt |
| SV | mot |
1 |
eksplisitt |
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Tilleggsforslag frå Kim Andre Hartveit(Frp) falt med 10 røyster for og 17 røyster mot.
10 Røyster for: Herdis Helle(Ap), V, Inp, 7Frp.
17 Røyster mot: 7Sp, Sv, 4H, Alexander Thunestvedt (Ap), Geir Olsen(Ap), Ann Kristin Borge(Ap)
Framlegg 2
5–22 · falt
Alexander Thunestvedt(Ap)
- 200 000 vert brukt på å oppretthalde frivilligsentralen.
- Pengane vert henta frå disposisjonsfondet.
Utfall: falt · Presisjon: ukjend
· for: 5
· mot: 22
Mot
22
- AP 1
- FRP 7
- H 4
- INP 1
- KRF 1
- SP 7
- SV 1
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
Uavklart i protokollen
Partitala på for-sida summerer til 4, men protokollen oppgir 5.
Tala går ikkje opp, og vi har ikkje retta på det: protokollen står som han
står, og råteksten under viser kva som faktisk er skrive.
sjå
protokollen (PDF)
| Parti | Side | Røyster | Kjelde |
| AP | for |
3 |
utleidd frå namn |
| KRF | for |
1 |
utleidd frå namn |
| AP | mot |
1 |
utleidd frå namn |
| FRP | mot |
7 |
eksplisitt |
| H | mot |
4 |
eksplisitt |
| INP | mot |
1 |
eksplisitt |
| KRF | mot |
1 |
utleidd frå namn |
| SP | mot |
7 |
eksplisitt |
| SV | mot |
1 |
eksplisitt |
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Endringsforslag frå Alexander Thunestvedt(Ap) falt med 5 røyster for og 22 røyster mot.
5 Røyster for: Alexander Thunestvedt (Ap), Geir Olsen(Ap), Ann Kristin Borge(Ap), Jarle Skeidsvoll(Krf)
22 Røyster mot: Herdis Helle(Ap),Bjarte Aarland(Krf) , Inp Sv, 4H, 7Sp,7Frp,
Framlegg 3
vedteke
Turid Bjørndal Njåstad(Sp)
Verbalpunkt: "Vidare drift av utstyrssentralen skal løysast av biblioteket"
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Tilleggsforslag frå Turid Bjørndal Njåstad(Sp) vart samrøystes vedteke.
Framlegg 4
10–17 · falt
Frp og Herdis Helle (Ap)
Vis heile framlegget
- Budsjett for 2026, økonomiplan 2026-2029 samt investeringsplan for 2026-2029 vert vedteke på grunnlag av kommunedirektøren si saksutgreiing til formannskapet inkl budsjettdokument og hovudoversikter med fylgjande endringar, og der kommunedirektøren skal justere framlegget til driftsrammer for 2026 i samsvar med vedtekne endringar:
- Driftsbudsjettet
- Kommunedirektøren skal gjennomføre fylgjande kutt/innsparingstiltak:
- 1) Avvikle frivilligsentralen. Arbeidet med utstyrssentralen/utstyrsbiblioteket skal søkast vidareført ved hjelp av andre deler av kultursektoren/Smia.
- 2) Avvikle Levekårsutvalet. Formannskapet overtek sakene til dette utvalet.
- 3) Avvikle/'rekommunalisere' Osterøy Utvikling AS. Prosessen skal søkast gjennomført som ei verksemdsoverdraging med det føremål å behalde dagleg leiar som næringskonsulent, som skal sortere under sektor for samfunnsutvikling, for det tilfellet ho ynskjer og er motivert for ei slik ordning. Kommunedirektøren skal fylgje opp avviklinga med ei sak til heradsstyret med tilråding av om dei faste eigedommane til selskapet skal seljast eller behaldast i kommunal eige.
- 4) I feriane skal det vere felles SFO på berre ein av dei kommunale skulane, om dette gjev innsparing. Det kan vurderast SFO på to heller enn ein skule dersom det vil gje større innsparing.
- 5) Kutte to årsverk i kulturskulen. Forslagsstillarane er innforstått med at dette vil leie til mindre breidde i tilbodet og kan gå ut over kvaliteten på undervisninga/muligheten til undervisning i mindre grupper.
- 6) Undersøke om talet på årsverk på Lonevåg skule kan reduserast, med minimum to, sidan elevtalet der går ned. Opne for at elevar i den tidlegare Haugekrinsen kan søke og få skuleplass på Lonevåg skule for å få ei jamnare elevfordeling mellom Valestrand og Lonevåg skulane.
- 7) Iverksetje strakstiltak for å prøve og redusere sjukefråvær i skule, som ligg på om lag 11%.
- 8) Det er vanskeleg å få tak i nok pedagogar til barnehage og skule. For å sikre at vi beheld dei vi har og får tak i eit tilstrekkeleg tal nye, bør kommunedirektøren prøve å skjerme pedagogisk personale for merkantilt arbeid og arbeid som miljøarbeidarar og pedagogiske assistentar kan gjere. Ved naturleg avgang av pedagogar bør det – dersom avgang utløyser personalbehov – undersøkast om det alternativt kan tilsetjast miljøarbeidar, pedagogisk assistent og fagarbeidar handel og kontor. Føremålet er å avlaste det pedagogiske personalet og skuleleiinga med oppgåver som ikkje er knytt til undervisning og pedagogisk leiing, samt redusere lønskostnader.
- 9) Kommunedirektøren skal i løpet av 2026 eller 2027 undersøke om det kan gje innsparing å opprette ei forsterka skuleavdeling på Lonevåg skule der ein samlar eit team av ressursar – eksempelvis spesialpedagog, miljøarbeidar og vernepleiar – i lokale med god universell utforming og tilpassa utstyr. Dette er tenkt som eit frivillig tilbod som foreldre kan søke på. Målgruppa skal vere barn med så store helseutfordringar og/eller pedagogiske behov at det er dyrt og vanskeleg å gje eit fullgodt tilbod på kvar einskild nærskule, og der det er meir føremålstenleg å samle ressursane kring denne elevgruppa og bygge kompetanse på ein av skulane for å gje eit betre kvalitativt og pedagogisk tilbod.
- 10) Innleige frå vikarbyrå, skal berre skje etter avtale med fagforeining med innstillingsrett. Det gjeld ikkje dersom det er fare for liv og helse eller for uforsvarleg arbeidsbelastning på tilsette, og heller ikkje ved eventuell innleige av lege. Dei tillitsvalde skal likevel i slike høve underrettast om at det har blitt leigd inn og, dersom kommunedirektøren vurderer det som mogeleg, takast med på drøfting av om mellombelse personalbehov kan løysast på annan måte enn ved innleige frå vikarbyrå.
- 11) Frå budsjettåret 2027 og ut økonomiplanperioden skal talet på flyktningar kommunen tek i mot reduserast frå 25 til 10. Vi har mangel på høvelege bustader til denne gruppa og den statlege finansieringa gjev ikkje full utgiftsdekning.
- 12) 'Tilsetjingsstopp' i administrative stillingar og leiarstillingar. Ved naturleg avgang eller ved behov for oppretting av nye stillingar i denne kategorien, skal kommunedirektøren legge fram sak om stillingsheimel for heradsstyret. I hastesaker har formannskapet fullmakt til å ta avgjerd. Kommunedirektør avgjer, i samråd med ordførar, om det er ei hastesak.
- Innsparingane i tiltaka over skal, saman med reduksjonane i finanskostnader som framlegget til kutt investeringsbudsjettet vil gje, nyttast slik:
- 1) Barnehagesektoren skal så langt som råd skjermast frå kutt/kutta som er foreslått reverserast. Dette er ein hardt belasta sektor som, på trass av høgt arbeidspress, har klart å halde sjukefråværet så vidt lågt som 4%. Kutt i denne sektoren vil medføre risiko for auka sjukefråvær med den belastninga/kvalitetsreduksjonen det medfører for barnehagebarna og dei tilsette.(Finansiert gjennom nedlegging av Frivilligsentralen).
- 2) Kommunedirektøren skal vurdere ei prøveordning med VTO-arbeidsplassar i barnehage (finansiert ved nytt statleg tilskot på kr 310 520 kroner), og eventuelt også i skule og helse, dersom det kan gje innsparingar.
- 3) Styrke vedlikehald av kommunale vegar med ein sum som svarer til det kommunen sparar på å kutte to årsverk i kulturskulen.
- 4) 0,25% auke i sjukepleiarstilling Osterøytunet (finansiert gjennom nedlegging/rekommunalisering av Osterøy utvikling)
- 5) 1,5 årsverk helsefagarbeidar i heimetenesta (finansiert gjennom nedlegging/rekommunalisering av Osterøy utvikling)
- 6) Det skal gjennomførast ei sanering/nedbrenning av Tysse skule som ledd i ei brannøving (finansiert gjennom nedlegging av Levekårsutvalet).
- 7) Eventuelle resterande innsparingar skal inn på disposisjonsfondet.
- 8) Årets estimerte underskot på kroner 10 millionar skal leggast inn i posten Dekning av tidlegare års meirforbruk i driftsrekneskapen for 2026 eller 2027, og kommunedirektøren må syne i sektorane sine budsjett korleis inndekning av dette underskotet er fordelt.
- Investeringsbudsjettet
- Kommunedirektøren skal gjennomføre fylgjande kutt:
- 1) Omsorg Pluss – Første byggesteg vert redusert. Første byggesteg skal vere å byggje 16 nye heildøgns omsorgsbustader på Hauge som dei som bur på bufelleskapet på Osterøytunet skal flytte inn i. Det kan budsjetterast med ein kvadratmeterkostnad på opptil 65 000 kroner. Første byggesteg skal også omfatte ombygging av bufelleskapsfløyen på Osterøytunet (der det i dag er 16 leiligheter) til minst 20 nye sjukeheimsplassar. Nokre av romma skal vere så store at ektepar, og andre som ynskjer det, kan bu saman. Sidan det ikkje kjem kostnader til opparbeiding av tomt/grunnarbeid og 'råbygg' for denne ombygginga, skal det budsjetterast med ein kvadratmeterkostnad som ligg vesentleg under dei 65 000 kronene som vi må estimere at eit nytt helsebygg med nye heildøgns omsorgsbustader vil koste. Byggelånsrenter for Omsorg Pluss må plussast på i investeringsbudsjettet om det skal finansierast der. Desse renteutgiftene kjem ikkje fram i kommunedirektøren sitt framlegg til investeringsbudsjett sjølv om det er planlagt tatt der. Fellesareal som nye kontor til heimesjukepleie, butikk, kafe, livsynsnøytralt seremonirom, velveresenter m.m blir tatt ut av første byggesteg i Omsorg Pluss. Det vert heller ikkje budsjettert med nytt legesenter i Omsorg Pluss. Kommunen skal gå i dialog med Hauge helselag med spørsmål om dei kan utvide Haugatun med mellom 5 til 10 nye bueiningar som kommunen kan disponere/framleige. Hovudmålgruppa skal vere eldre i utkanten av kommunen eller som bur i ueigna bustadmasse, og som er ressurskrevjande for kommunen å gje tilstrekkelege heimetenester til der dei bur i dag.
- 2) Avlastningsbustader og nytt dagsenter på Hauge blir tatt ut av budsjett- og økonomiplanen. Det skal likevel setjast av midlar i budsjettet til planlegging av eit slikt tiltak på Geitryggen, eventuelt i kombinasjon med oppgradering av eksisterande bustadmasse. Første byggesteg skal vere nye bustader. Føremålet er å avvikle einetiltak andre stader i kommune og samle desse for å redusere driftsutgifter. Dei resterande delane av prosjekt avlastningsbustader og nytt dagsenter, medrekna nye kontor for BUA, blir byggesteg 2. Dersom kommunen får kapasitet til å starte bygging av byggesteg 1 i budsjettperioden, kan kommunedirektøren be om auka løyvingar i samband med sak om revidert budsjett. Alternativt kan slik løyving handsamast i samband med budsjetthandsaming neste år. Byggesteg 2 blir ikkje iverksett i denne økonomiplanperioden.
- 3) Kjøp av eigedom/ innløysning av grunn blir sett til null i investeringsbudsjettet. Dersom kommunen får behov for å kjøpe fast eigedom i investeringsplanperioden, skal det opp som sak i formannskapet. Formannskapet får fullmakt til å løyve inntil kroner 3 million årleg til dette føremålet, ved konkret behov, og oppjustere investeringsbudsjettet i samsvar med det.
- 4) Posten ombygging rådhus blir halvert frå 6 millionar til 3 millionar.
- 5) Det vert sett av 3 millionar til ombygging på Familiens hus med sikte på oppgraderingar som styrkar tryggleiken til dei tilsette i barnevernstenesta.
- På inntektssida i investeringsbudsjettet skal det setjast opp:
- 1) Sal av kommunal eigedom med kroner 3 millionar årleg i budsjett og økonomiplanperioden.
- Disposisjonsfondet
- Dei auka rammene/frie midlane kommunen har fått etter handsaming av statsbudsjettet i Stortinget, skal setjast inn på disposisjonsfondet.
- Fullmakt til kommunedirektør – justeringar av talgrunnlag
- Kommunedirektøren får fullmakt til å gjere naudsynte justeringar i budsjett- og økonomiplanframlegget (oppdatere talgrunnlaget) i samsvar med dei endringane i utgifter, inntekter, kostnadar og investeringar som ho estimerer at dette budsjett- og økonomiplanvedtaket medfører.
- Dersom kommunedirektøren finn at endringane over ikkje gjev inndekning for auke i sjukepleiarstilling og helsefagarbeidarstillingar, skal desse tiltaka ikkje leggast inn i driftsbudsjettet.
- Oppfylging av det løpande økonomiarbeidet i budsjett- og økonomiplanperioden
- 1) Kommunedirektøren skal kome med framlegg til nytt økonomireglement som gjev formannskapet auka økonomifullmakter.
- 2) Økonomiutvikling og oppfylging skal vere fast sak på alle formannskapsmøte.
- 3) Kommunedirektøren skal gjere framlegg om naudsynte budsjettrevisjonar til heradsstyret når årsrekneskapen viser meirforbruk og dersom tertialrapportane syner vesentlege avvik på inntekt eller utgiftsida, slik at heradsstyret får høve til å ta stilling til: a) om postar i driftsbudsjettet skal aukast b) om den aktuelle sektoren må gjennomføre inndekning av meirforbruk i eigne budsjett c) om det må gjennomførast innsparingar i andre sektorar d) om eventuelle auka inntekter skal gje rom for auke i driftsbudsjett e) om eventuelle reduserte inntekter skal føre til kutt i driftsbudsjettet f) om postar i investeringsbudsjettet skal aukast eller reduserast g) om det er mogeleg å få til større låneavdrag h) om det er mogeleg å få til større avsetning til disposisjonsfond
Utfall: falt · Presisjon: blanda
· for: 10
· mot: 17
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
| Parti | Side | Røyster | Kjelde |
| AP | for |
2 |
utleidd frå namn |
| FRP | for |
7 |
eksplisitt |
| INP | for |
1 |
eksplisitt |
| AP | mot |
2 |
utleidd frå namn |
| H | mot |
4 |
eksplisitt |
| KRF | mot |
2 |
eksplisitt |
| SP | mot |
7 |
eksplisitt |
| SV | mot |
1 |
eksplisitt |
| V | mot |
1 |
eksplisitt |
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Innstilling frå Formannskapet vart sett opp mot fellesforslaget frå Herdis Helle(Ap) og Frp.
Innstilling frå Formannskapet vart vedteke med 17 røyster for og 10 røyster for fellesforslaget.
17 røyster for innstilling frå formannskapet: 7Sp, Sv, V, 4H, 2Krf, Alexander Thunestvedt (Ap), Ann Kristin Borge(Ap)
10 røyster for fellesforslaget frå Herdis Helle(Ap) og Frp: 7Frp, Inp, Herdis Helle(Ap), Geir Olsen(Ap)
Votering — falt
Utfall: falt · Presisjon: partifordeling
· for: 13
· mot: 14
| Parti | Side | Røyster | Kjelde |
| AP | for |
4 |
eksplisitt |
| FRP | for |
7 |
eksplisitt |
| INP | for |
1 |
eksplisitt |
| SV | for |
1 |
eksplisitt |
| H | mot |
4 |
eksplisitt |
| KRF | mot |
2 |
eksplisitt |
| SP | mot |
7 |
eksplisitt |
| V | mot |
1 |
eksplisitt |
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Votering over delar av innstillinga frå formannskapet:
Driftstilskotet til Osterøy utvikling skal vera på 1,5 millionar i 2026
500 000 vert sett på disposisjonsfond.
Punktet falt med 13 røyster for og 14 røyster mot:
13 Røyster for: SV, 4Ap, 7Frp Inp
14 Røyster mot: 4H, 7Sp, 2Krf, V
Votering — vedteke
Utfall: vedteke · Presisjon: blanda
· for: 21
· mot: 6
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
| Parti | Side | Røyster | Kjelde |
| AP | for |
4 |
eksplisitt |
| FRP | for |
7 |
eksplisitt |
| H | for |
3 |
utleidd frå namn |
| INP | for |
1 |
eksplisitt |
| SP | for |
5 |
utleidd frå namn |
| V | for |
1 |
eksplisitt |
| H | mot |
1 |
utleidd frå namn |
| KRF | mot |
2 |
eksplisitt |
| SP | mot |
2 |
utleidd frå namn |
| SV | mot |
1 |
eksplisitt |
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Votering over delar av innstillinga frå formannskapet:
Kommunedirektøren skal vurdere ei prøveordning med VTO-arbeidsplassar i barnehage (finansiert ved nytt statleg tilskot på kr 310 520 kroner), og eventuelt også i skule og helse, dersom det kan gje innsparingar.
Punktet vart vedteke med 21 røyster for og 6 røsyter mot:
21 Røyster for: 7Frp, 4Ap, V, Inp, Aksel Mjøs(H), Tor Georg Hella(H), Roald Martinsen(H), Kjellaug Hartveit(Sp), Janne Daltveit Tveit(Sp), Gerd Karin Njaastad(Sp), Turid Bjørndal Njåstad(Sp), Lars Fjelstad(Sp)
6 Røyster mot: Sv, 2Krf, Johannes Haugland(Sp), Helge Valestrand Edvardsdal(Sp), Johannes Borge(H)
Votering — vedteke
Utfall: vedteke · Presisjon: blanda
· for: 17
· mot: 10
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
| Parti | Side | Røyster | Kjelde |
| AP | for |
2 |
utleidd frå namn |
| H | for |
4 |
eksplisitt |
| KRF | for |
2 |
eksplisitt |
| SP | for |
7 |
eksplisitt |
| SV | for |
1 |
eksplisitt |
| V | for |
1 |
eksplisitt |
| AP | mot |
2 |
utleidd frå namn |
| FRP | mot |
7 |
eksplisitt |
| INP | mot |
1 |
eksplisitt |
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Samla votering over budsjettet:
Det samla budsjettet vart vedteke med 17 røyster for og 10 røyster mot.
17 Røyster for: 7Sp, Sv, V, 4H, 2Krf, Alexander Thunestvedt (Ap), Ann Kristin Borge(Ap)
10 Røyster mot: 7Frp, Inp, Herdis Helle(Ap), Geir Olsen(Ap)
blanda: tal frå protokollen og utleidd frå namn · Sjå heile saklistesaka →