Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
Tomten som skal regulerast ligg i eit område med store trafikale utfordringar for mjuke trafikantar og som er skuleveg. Tiltaket vil føre til betydeleg auke i biltrafikken. Det er viktig at betre infrastruktur for fotgjengarar er på plass før det vert gitt mellombels bruksløyve. Det gjeld både krysningspunkt over fylkesveg og fortau frå busshaldeplass/Osterøytunet til butikktomten.
For å avgrense mogeleg overvannsproblematikk mot kommunal veg og fylkesveg, og for å få ein god estetikk, er det dessutan sentralt at skråningar mot fylkesveg og kommunal veg blir sådd i/beplanta før mellombels bruksløyve.
Tomten ligg i eit område der Osterøy kommune – i framlegget til ny KPA – signaliserer at det skal leggast ut nye store sentrumsareal. Det ligg også inne framlegg i KPA om at det skal etablerast ei gangbru i enden av Hodlebrautsvegen og over til den nye Strilaparket der det er opna for nye bustader og idrettsanlegg med 5000 sitjeplassar. Dette vil genererer ytterlegare trafikale utfordringar i området og det må setjast av tilstrekkeleg byggegrense mot fylkesveg og langs kommunal veg for å ta høgde for framtidige veganlegg. Det kan i framtida verte behov både for etablering av rundkøyring, utviding av fylkesveg og tosidig fortau langs Hodlebrautvegen. Det er difor behov for at byggegrensa mot fylkesveg vert sett til 30 meter og byggegrensa mot den kommunale vegen blir sett til 15 meter for å sikre framtidige arealbehov til trafikal infrastruktur.
Eit BRA på inntil 3000 meter er for stort til tomten. Det vil ikkje vere tilstrekkeleg parkeringsareal til eit så stort forretningsareal der, noko som skaper risiko for villparkering langs veger og parkering på andre tomtar i området. Det er ikkje infrastrukturen i Hodlebrautsvegen tilrettelagd for. 3000 kvm forretning er heller ikkje tilpassa områdesenteret
Punkter
1) Heradsstyret sender saka/planframlegget attende til ny handsaming, jf. pbl § 12-12 første ledd, fjerde punktum.
1) Heradstyret gjev fylgjande retningsliner for det vidare arbeidet med planen, jf. pbl § 12-12 første ledd, femte punktum:
a) Vurdere å endre byggegrensa til fylkesvegen frå 25 meter til 30 meter i plankartet.
b) Vurdere å teikne inn kryssningspunkt for fotgjengarar over fylkesveg på plankartet
c) Vurdere å legge inn rekkefylgjekrav i føresegnene på at fortau langs fylkesveg frå Hodlebrautsvegen langs Opro (som knyter butikkområdet saman med det fortauet fylkeskommunen held på å bygge) skal vere ferdigsstilt før mellombels bruksløyve.
d) Vurdere å legge inn rekkefylgjekrav i føresegnene på at fortau langs fylkesveg mot Lonevåg skal oppgraderast til dagens standard (i eksisterande fortau si lengde) før mellombels bruksløyve.
e) Vurdere å legge inn rekkefylgjekrav i føresegnene på at eksisterande fortau langs Holdebrautsvegen ved innkøyringa til butikken skal oppgraderast til dagens standard.
f) Vurdere å legge inn rekkefylgjekrav i føresegnene om at skråningar mot Hodlebrautsvegen og fylkesvegen skal såast i/beplantast, slik situasjonplan og illustrasjonar syner, før mellombels bruksløyve.
a) Vurdere å redusere maksimalt antal BRA til forretningsareal frå inntil 3000 kvadratmeter til 1500 kvadratmeter.
Innstilling frå Plan- og kommunalteknisk utval vart sett opp mot framlegg til vedtak frå Geir Olsen(Ap).
Innstilling frå Plan- og kommunalteknisk utval vart vedteke med 21 røyster for og 4 røyster(4Ap) for framlegg til vedtak frå Geir Olsen(Ap).
Framlegg 2
13–12 · vedtekeFrode Flesland(Sp)
Vis heile framlegget
Tillegg til kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak:
Heradsstyret har fylgjande merknad til planen og ber om at dette vert tatt konkret stilling til i høyringsperioden:
Det er ei generell bekymring for Heradsstyret at opparbeidinga av tiltaka for mjuke trafikantar ikkje er godt nok ivareteke i dagens planforslag.
Heradsstyret vurderer det som særs viktig det vert sikra opparbeid gode løysingar for mjuke trafikantar i samband realisering av resten av denne planen.
Ein ber om at ansvarsfordeling for opparbeiding vert klargjort til neste gong saka skal handsamast. Heradsstyret ber og konkret om:
a) Vurdere å legge inn krysningspunkt for fotgjengarar over fylkesveg på plankartet
b) Vurdere å legge inn rekkefylgjekrav i føresegnene på at fortau langs fylkesveg frå Hodlebrautsvegen forbi Opro til bussterminalen skal vere ferdigsstilt før mellombels bruksløyve.
c) Vurdere å legge inn rekkefylgjekrav i føresegnene på at fortau langs fylkesveg mot Lonevåg heilt til enden av butikktomten/planområdet skal vere ferdigsstilt før mellombels bruksløyve.