Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
1. Osterøy heradsstyre tek ikkje klagene frå Statens vegvesen og Statsforvaltaren i Vestland til følgje.
2. Vedtak om godkjenning av Reguleringsplan for Øvre Klubbelia, PlanID 4630_2021003, fatta i sak 76/2025 den 18.09.25, blir oppretthalde slik det ligg føre.
3. Heradsstyret vurderer at dei påpeika forholda knytt til sakshandsaming ikkje kan seiast å ha vore avgjerande for vedtaket sitt innhald, jf. forvaltningslova § 41.
4. Saka blir oversendt Statsforvaltaren i Vestland for endeleg klagehandsaming.
5. Dersom det i vidare prosess blir kravd ny handsaming som følgje av forhold på kommunen si side, skal det ikkje krevjast nye plan- eller handsamingsgebyr frå forslagsstillar for denne delen av prosessen.
Grunngjeving:
Heradsstyret viser til at reguleringsplanen har vore gjennom ordinær planprosess og politisk handsama to gonger. Trafikktryggleik har vore eit sentralt tema i planarbeidet, og det er gjort vurderingar av trafikkauke og forholdsmessigheit mellom tiltak og prosjektet sitt omfang.
Heradsstyret legg til grunn at:
• Trafikkauken som følgje av 9+3 bueiningar er avgrensa.
• Krav om større vegutbetringar må vurderast opp mot prosjektet sin storleik og gjennomførbarheit.
• Dei planfaglege og politiske vurderingane ligg innanfor kommunen sitt frie skjønn etter plan- og bygningslova.
Når det gjeld dei påpeika sakshandsamingsforholda, vurderer heradsstyret at desse ikkje utan vidare kan seiast å ha vore bestemmende for vedtaket sitt innhald, jf. forvaltningslova § 41. Planen inneheld vurderingar av trafikktryggleik, og problemstillinga har vore kjent i den politiske handsaminga.
Heradsstyret meiner difor at det er rett å oppretthalde vedtaket og overlate til Statsforvaltaren å gjere endeleg vurdering av klagene.
Samtidig legg heradsstyret til grunn at forslagsstillar ikkje skal belastast med nye gebyr dersom vidare prosess heilt eller delvis skuldast forhold på kommunen si side.
Innstilling frå Plan- og kommunalteknisk utval 03.02.2026 vart sett opp mot framlegg til vedtak frå Stian Torp (Frp).
Innstilling frå Plan- og kommunalteknisk utval vart vedteke med 19 røyster for og 5 røyster(4Frp, Inp) for framlegget til Stian Torp(Frp).
Votering — vedteke
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.