Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
Uttrekket for denne saka er merkt uklar — tala under kan
vere ufullstendige eller feil. Sjå råteksten for kvar votering for den opphavlege
kjelda.
Framlegg 1
9–17 · faltHerdis Helle(AP)
Vis heile framlegget
1) Høyring av skulebruksplan 2026 - 2035 vert utsett til våren 2027.
2) Sak om skulestruktur vert lagt fram for nytt heradsstyre.
Grunngjeving:
Skulestruktur på Osterøy er noko innbyggjarane bør få seie si meining om gjennom val. Vi slit med rekrutteringa til heradsstyret. Ein skuledebatt i valkampen vil vonleg bidra til at nye får lyst å stå på liste og bli med i kommunepolitikken.
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
Uavklart i protokollen
Partitala på for-sida summerer til 8, men protokollen oppgir 9.
Tala går ikkje opp, og vi har ikkje retta på det: protokollen står som han
står, og råteksten under viser kva som faktisk er skrive.
sjå
protokollen (PDF)
Utsetjingsframlegget frå Herdis Helle (Ap) fall med 9 røyster for (INP, 6 Frp, Geir Olsen (Ap) og Herdis Helle (Ap)) og 17 røyster imot.
Framlegg 2
17–9 · vedtekeAlexander Thunestvedt(Ap)
Vis heile framlegget
Heradsstyret legg Skulebruksplan 2026–2035 ut til offentleg høyring i perioden 01.08.2026–30.09.2026.
Administrasjonen får fulmakt til å gjere forbedringar i skulebruksplanen på følgjande punkt før planen vert lagt ut på høyring.
1. Barnets beste
o Ei nærare vurdering av konsekvensar for læringsmiljø, trivsel, sosial tilknyting og tryggleik for elevane ved dei ulike alternativa.
o Skildring av konkrete overgangsordningar og oppfølgingstiltak for elevar ved eventuelle skuleflyttingar.
o Særskild vurdering av konsekvensar for dei yngste elevane.
2. Skuleskyss og reiseveg
o Oversikt over venta reisetid for elevar ved dei ulike alternativa.
o Tal på elevar som får vesentleg lengre reiseveg.
o Vurdering av behov for buss- og drosjeløysingar, samt dei økonomiske konsekvensane av desse.
3. Økonomiske konsekvensar
o Oppdatert økonomisk analyse som inkluderer:
▪ skuleskyss
▪ naudsynte tilpassingar ved mottakarskular
▪ investeringsbehov
▪ framtidige drifts- og vedlikehaldskostnader
o Vurdering av kor robuste dei estimerte innsparingane er under ulike utviklingsforløp.
4. Risiko knytt til elevgrunnlag
o Analyse som viser økonomiske og driftsmessige konsekvensar dersom:
▪ 25 %, 50 % eller 75 % av elevane frå Fotlandsvåg vel privat skule etter ei eventuell nedlegging
▪ 25 %, 50 % eller 75 % av elevane frå Haus vel ein ny privat skule som blir etablert i området etter ei eventuell nedlegging
o Vurdering av korleis slike scenario påverkar berekna samla innsparingspotensial.
5. Fagmiljø og organisering
o Vurdering av alternative organisatoriske modellar for å styrkja fagmiljøa utan skulenedlegging.
o Vurdering av om lærarar og fagressursar kan organiserast meir på tvers av skulane gjennom felles fagmiljø, kompetansenettverk og delte stillingar.
o Vurdering av Osterøyskulen som eit samla profesjonsfellesskap med undervisning på fleire geografiske lokasjonar.
6. Konsekvensar for lokalsamfunn og samfunnsutvikling
o Vurdering av kva skulane har å seia for busetjing, tilflytting, frivillig arbeid og lokal samfunnsutvikling.
o Vurdering av konsekvensar for Haus og Fotlandsvåg som bygdesenter ved ei eventuell skulenedlegging.
7. Alternative løysingar
o Vurdering av ein modell der alle fire skulane blir oppretthaldne med fastsette minimumsgrenser for elevtal før ny politisk behandling.
o Vurdering av oppveksttun-modellar med barnehage og småskuletrinn.
o Vurdering av om ny skulestruktur bør sjåast i samanheng med kommunen sitt øvrige investeringsbehov, særleg Omsorg+, og om større strukturelle endringar bør vurderast på nytt i samband med komande økonomiplanperiode.
Endeleg vedtak om framtidig skulestruktur vert gjort etter gjennomført høyring og vidare politisk behandling.
Uavklart i protokollen
Partitala på mot-sida summerer til 6, men protokollen oppgir 9.
Tala går ikkje opp, og vi har ikkje retta på det: protokollen står som han
står, og råteksten under viser kva som faktisk er skrive.
sjå
protokollen (PDF)