Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar. Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte. Kor sikre tala er

Saksgangen for arkivsak 26/1469

Same arkivnummer går att i 2 handsaming(ar). Tittelen og utfallet under er attgitt slik dei står i kvar einskild protokoll for seg — dei kan skilje seg frå kvarandre mellom møta, og sida vel ikkje éi av dei som «rette» tittel.

PS 24/26

Levekårsutvalet · 2026-06-16

Skulebruksplan 2026-2035

Votering — vedteke

Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes

Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Tilrådning frå RMNF, Ungdomsråd, og Eldrerådet vart samrøystes vedte.

· Sjå heile saklistesaka →

PS 49/26

Heradsstyret · 2026-06-18

Skulebruksplan 2026-2035

Uttrekket for denne handsaminga er merkt uklar — tala under kan vere ufullstendige eller feil.

Framlegg 1

9–17 · falt Herdis Helle(AP)
Vis heile framlegget
  • 1) Høyring av skulebruksplan 2026 - 2035 vert utsett til våren 2027.
  • 2) Sak om skulestruktur vert lagt fram for nytt heradsstyre.
  • Grunngjeving:
  • Skulestruktur på Osterøy er noko innbyggjarane bør få seie si meining om gjennom val. Vi slit med rekrutteringa til heradsstyret. Ein skuledebatt i valkampen vil vonleg bidra til at nye får lyst å stå på liste og bli med i kommunepolitikken.

Utfall: falt · Presisjon: ukjend · for: 9 · mot: 17

For 9

  • AP 2
  • FRP 6
  • ikkje fordelt 1

Mot 17

  • ikkje fordelt 17

Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei. Opne protokollen (PDF)

Uavklart i protokollen Partitala på for-sida summerer til 8, men protokollen oppgir 9. Tala går ikkje opp, og vi har ikkje retta på det: protokollen står som han står, og råteksten under viser kva som faktisk er skrive. sjå protokollen (PDF)

PartiSideRøysterKjelde
APfor 2 utleidd frå namn
FRPfor 6 eksplisitt

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Utsetjingsframlegget frå Herdis Helle (Ap) fall med 9 røyster for (INP, 6 Frp, Geir Olsen (Ap) og Herdis Helle (Ap)) og 17 røyster imot.

Framlegg 2

17–9 · vedteke Alexander Thunestvedt(Ap)
Vis heile framlegget
  • Heradsstyret legg Skulebruksplan 2026–2035 ut til offentleg høyring i perioden 01.08.2026–30.09.2026.
  • Administrasjonen får fulmakt til å gjere forbedringar i skulebruksplanen på følgjande punkt før planen vert lagt ut på høyring.
  • 1. Barnets beste
  • o Ei nærare vurdering av konsekvensar for læringsmiljø, trivsel, sosial tilknyting og tryggleik for elevane ved dei ulike alternativa.
  • o Skildring av konkrete overgangsordningar og oppfølgingstiltak for elevar ved eventuelle skuleflyttingar.
  • o Særskild vurdering av konsekvensar for dei yngste elevane.
  • 2. Skuleskyss og reiseveg
  • o Oversikt over venta reisetid for elevar ved dei ulike alternativa.
  • o Tal på elevar som får vesentleg lengre reiseveg.
  • o Vurdering av behov for buss- og drosjeløysingar, samt dei økonomiske konsekvensane av desse.
  • 3. Økonomiske konsekvensar
  • o Oppdatert økonomisk analyse som inkluderer:
  • ▪ skuleskyss
  • ▪ naudsynte tilpassingar ved mottakarskular
  • ▪ investeringsbehov
  • ▪ framtidige drifts- og vedlikehaldskostnader
  • o Vurdering av kor robuste dei estimerte innsparingane er under ulike utviklingsforløp.
  • 4. Risiko knytt til elevgrunnlag
  • o Analyse som viser økonomiske og driftsmessige konsekvensar dersom:
  • ▪ 25 %, 50 % eller 75 % av elevane frå Fotlandsvåg vel privat skule etter ei eventuell nedlegging
  • ▪ 25 %, 50 % eller 75 % av elevane frå Haus vel ein ny privat skule som blir etablert i området etter ei eventuell nedlegging
  • o Vurdering av korleis slike scenario påverkar berekna samla innsparingspotensial.
  • 5. Fagmiljø og organisering
  • o Vurdering av alternative organisatoriske modellar for å styrkja fagmiljøa utan skulenedlegging.
  • o Vurdering av om lærarar og fagressursar kan organiserast meir på tvers av skulane gjennom felles fagmiljø, kompetansenettverk og delte stillingar.
  • o Vurdering av Osterøyskulen som eit samla profesjonsfellesskap med undervisning på fleire geografiske lokasjonar.
  • 6. Konsekvensar for lokalsamfunn og samfunnsutvikling
  • o Vurdering av kva skulane har å seia for busetjing, tilflytting, frivillig arbeid og lokal samfunnsutvikling.
  • o Vurdering av konsekvensar for Haus og Fotlandsvåg som bygdesenter ved ei eventuell skulenedlegging.
  • 7. Alternative løysingar
  • o Vurdering av ein modell der alle fire skulane blir oppretthaldne med fastsette minimumsgrenser for elevtal før ny politisk behandling.
  • o Vurdering av oppveksttun-modellar med barnehage og småskuletrinn.
  • o Vurdering av om ny skulestruktur bør sjåast i samanheng med kommunen sitt øvrige investeringsbehov, særleg Omsorg+, og om større strukturelle endringar bør vurderast på nytt i samband med komande økonomiplanperiode.
  • Endeleg vedtak om framtidig skulestruktur vert gjort etter gjennomført høyring og vidare politisk behandling.

Utfall: vedteke · Presisjon: ukjend · for: 17 · mot: 9

For 17

  • ikkje fordelt 17

Mot 9

  • FRP 6
  • ikkje fordelt 3

Uavklart i protokollen Partitala på mot-sida summerer til 6, men protokollen oppgir 9. Tala går ikkje opp, og vi har ikkje retta på det: protokollen står som han står, og råteksten under viser kva som faktisk er skrive. sjå protokollen (PDF)

PartiSideRøysterKjelde
FRPmot 6 eksplisitt

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Framlegg til vedtak frå Alexander Thunestvedt (Ap) vart vedteke med 17 røyster for og 9 røyster imot (6 Frp, INP).

blanda: tal frå protokollen og utleidd frå namn · Sjå heile saklistesaka →