Alle kommunar
/ Osterøy
/ Plan- og kommunalteknisk utval
/ PS 33/24
Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
PS 33/24 Gbnr 14/108 Hatland - Søknad om dispensasjon frå kravet til utnytting for fasadeendring og oppføring av tilbygg til einebustad
Sjå heile saksgangen for denne saka →
Framlegg 1
vedteke
Johannes Borge (H), Johannes Haugland (SP), Ragnar Tyssebotn (FrP) og utvalsleiaren
Vis heile framlegget
"Kommunen gjev dispensasjon frå kravet til utnytting i områderegulering Lonevåg føresegn
2.14, jf. plan- og bygningslova §§ 12-4 og 12-7 nr. 1 til oppføring av tilbygg på gnr. 14 bnr.
108, jf. plan- og bygningslova § 19-2.
Grunngjeving:
Omsyna bak regelen det er søkt om dispensasjon i frå og omsyna i føremålsreglane i lova
vert ikkje vesentleg tilsidesett.
Det er ingen innvendingar på utsendte nabovarslar, høgda på huset vert ikkje auka og
tiltaket vil ikkje ha negativ påverknad på utsyn for naboane. Utbygging av altan som er det
største arealet vender vekk frå annan bebyggelse og er ikkje sjenanse for andre. Utbygginga
vil gje plass til fleire soverom og utbygging av kjøkken. Det ligg ikkje til rette for ytterligare
fortetting på tomten og tiltaket tar i svært liten grad av eksisterande uteareal på tomten.
Etter ei samla vurdering er fordelane med å gje dispensasjon større enn ulempene."
Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
AVRØYSTING:
Samrøystes vedteke