Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
Framlegg 1
3–2 · vedteke
Utvalsleiar på vegne av Herdis Helle (AP), Johannes Haugland (SP) og Ragnar Tyssebotn (FrP)
Vis heile framlegget
- Osterøy kommune gjev delvis medhald og delvis avslag på søknad etter jordlova § 12 om frådeling av parsell med parkeringsplass og bygningar (tun) frå Gbnr 89/2. I medhald av jordlova § 12 og gjeldande delegasjonsreglement gjev Plan- og kommunalteknisk utval i Osterøy kommune løyve til deling av landbrukseigedomen gbnr. 89/2 ved frådeling av den delen av omsøkte parsell som er parkeringsplass, men med unntak for tilkomstvegen som går opp til tun-delen av parsellen. Vilkår etter jordlova § 12, 5. ledd:
- -Parsellen med parkeringsplass blir slått saman med industrieigedommen (gbnr 89/25?) og
- -Naudsynt vegrett for industrieigedommen/parkeringsplassen skal tinglysast på gbnr 89/2. Dersom deling ikkje er rekvirert innan 1.12. 2024, fell samtykket bort. I medhald av jordlova § 12 og gjeldande delegasjonsreglement avslår Plan- og kommunalteknisk utval i Osterøy kommune løyve til frådeling av den delen av omsøkte parsell som har bygningar (tunet) på landbrukseigedomen gbnr. 89/2. Med heimel i Forskrift om gebyr for behandling av konsesjons- og delingssaker § 2 vert det kravd kr 2000,- i gebyr for sakshandsaminga etter jordlova § 12. Søkar vil få brev med krav om gebyr for handsaminga, som skal vere betalt innan 30 dagar frå fakturadato. Kommunedirektøren skal legge fram ei ny sak, for plan- og kommunalteknisk utval, om gbnr 89/2 med framlegg til korleis konsesjonsvedtaket med vilkår (frå 2008) best kan oppfyllast. Mellom anna skal det vurderast om overføring til/samanslåing med gbnr 91/2 framleis er godt eigna til å realisere føremåla bak jordlova og føremålet om fortsatt aktivt landbruksdrift som grunngav vilkårsdelen av konsesjonsvedtaket frå 2008, alternativt om dei jordbrukspolitiske omsyna som gjer seg gjeldande for gbnr 89/2 betre kan ivaretakast på anna måte.
- Grunngjeving for vedtaket:
- Ein viktig del av bakgrunnen for frådelingssøknaden er eit konsesjonsvedtak med konsesjonsvilkår treft av Osterøy kommune 26. mars 2008. Det lyer slik:
- «Osterøy kommune gjev med heimel i konsesjonslova av 28. november 2003 §§ 2 og 9 og med visning til rådmannen sin vurdering konsesjon til Mjøs Metallvarefabrikk AS for erverv av gnr. 89 bnr. 2 i Osterøy kommune på vilkår av at landbruksareala blir seld vidare som tilleggsjord til 91/2. Det vert sett som vilkår at landbruksareala på konsesjonsbruket blir slått saman med gnr. 91 bnr. 2 og blir driven forsvarleg som ein landbrukseigedom i minst 5 år i samanheng, jf. § 11.» Plan- og kommunalteknisk utval kan, ut frå saksutgreiinga, ikkje sjå at dei omsyna som konsesjonsvedtaket og jordlova skal sikre vert tilstrekkeleg ivaretatt for gbnr 89/2 dersom den delen av parsellen som har bygningar (tunet) og vegen som ligg på parkeringsdelen av parsellen vert frådelt landbrukseigedommen. Frådeling vil korkje leie til ein tenleg eller variert bruksstruktur i landbruket eller ivareta omsynet til busetjinga i området. For parsellen med parkeringsplass vert det derimot vurdert at det – med unntak av vegen opp til tunet – er ei god løysing for bruksstrukturen i landbruket at den vert frådelt. Landbrukseigedommen gbnr 89/2 er etter det vi forstår nesten 200 daa stor og har parsellar fleire stader i kommunen. Eit vilkår etter konsesjonsvedtaket er at eigedommen, etter samanslåinga med gbnr 91/2, skal drivast forsvarleg som ein landbrukseigedom i minst 5 år i samanheng. Plan og kommunalteknisk utval kan, av saksutgreiinga eller søknaden, ikkje sjå om gbnr 91/2 vil vere i stand til å drive gbnr. 89/2 forsvarleg som ein landbrukseigedom i minst 5 år etter ei eventuell samanslåing og korleis det eventuelt er tenkt gjennomført. Vi har ikkje opplysningar om gbnr 91/2 er ein landbrukseigedom i drift. Til dømes om innmark vert hausta og foret nytta eller om utmark vert forvalta aktivt, om det er husdyr på garden som vert vinterfora og brukar beitearealet, om skogen vert driven eller om garden har produksjonstilskot. Vi ser heller ikkje korleis det er tenkt at gbnr 91/2 skal drive gbnr 89/2 vidare som ein landbrukseigedom. Plan- og kommunalteknisk utval kan, slik saka er opplyst, ikkje sjå at omsynet til Mjøs Metall sitt behov for ein arbeidarbustad og lager, gjer seg tilstrekkeleg sterkt gjeldande til at det er grunnlag for å la dei frådele den delen av parsellen som har bygningar (tunet) og tilkomstvegen over parkeringsplassen og føye den saman med industrieigedommen. Slik situasjonen ligg an, må omsynet til jordbruket gå framom Mjøs Metall sine behov for denne delen av den omsøkte parsellen. Føremonene med å la Mjøs Metall dele frå og overta tunet, er etter utvalet si vurdering klart mindre enn ulempene. Det gjer seg heller ikkje gjeldande sterke bustadpolitiske omsyn. Det er elles ikkje opplyst i søknad eller saksutgreiing om eventuelle realservitutt og lunnende – som naust- og tilflotsrettar, almenningsrettar, stølsrettar, beiterettar, jakt- og fiskerettar m.m – er tenkt liggande att på tunet som er søkt frådelt eller om det er meint å fylgje med resterande delar av gbnr. 89/2 i ei eventuell seinare samanslåing med gbnr 91/2. Utvalet syner elles til omsyna som Statsforvaltaren trekkjer fram i sitt brev av 15.08.2024, i sak PS 63/24 om dispensasjon og deling. Slik utvalet ser det, gjer desse omsyna seg minst like sterkt gjeldande for jordlovsaka som for dispensasjons- og delingssaka. Plan- og kommunalteknisk utval ber vidare kommunedirektøren om å få framlagt ei ny sak om gbnr 89/2 med framlegg til korleis konsesjonsvedtaket med vilkår, sitert over, best kan oppfyllast. Vi ber om at den vert lagt fram for utvalet i møte innan utløpet av mars 2025. Det har gått svært lang tid sidan konsesjonsvedtaket vart treft, og utvalet er usikre på om, og eventuelt korleis, dei omsyna som ligg bak konsesjonsvedtaket og konsesjonsvilkåret kan la seg realisere i dag dersom attverande deler av landbrukseigedommen vert slått saman med Gbnr 91/2. For utvalet er det viktig at gbnr 89/2 framover blir nytta i aktiv landbruksdrift.
- Vi stiller spørsmål ved om ikkje dei landbruksomsyna som knyter seg til 89/2 – og som grunngav vilkåret om minst 5 års forsvarleg drift etter samanslåing – betre vil kunne realiserast på annan måte enn ved samanslåing med gbnr. 91/2. Vi ber kommunedirektøren gjere greie for dette og kome med framlegg til vedtak. Vi ynskjer mellom anna vurdert om dei omsyna jordlova skal ivareta vil verte betre realisert dersom gbnr 89/2 vert behalde som ein eigedom med våningshus og driftsbygning og avhenda som det (med vilkår om bu- og/eller driveplikt), eventuelt at eigedommen vert avhenda til og slått saman med eitt eller fleire nabobruk med eksisterande og aktiv drift (med dyr og produksjonstilskot). Vi ber også om ei vurdering av om det er grunnlag for å omgjere den delen av konsesjonsvedtaket av
- 26. mars 2008 som seier at gbnr. 89/2 skal slåast saman med gbnr 91/2, og treffe eit nytt vedtak som betre sikrar dei jordbruksomsyna som i dag knyter seg til gbnr 89/2. Vi syner på dette punktet til rundskriv M2/2021 https://www.regjeringen.no/contentassets/beb3fd0cb9d7401180d962e0e98ba854/rundskr iv-jordloven-m-2-2021.pdf
Utfall: vedteke · Presisjon: partifordeling
· for: 3
· mot: 2
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
| Parti | Side | Røyster | Kjelde |
| AP | for |
1 |
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet |
| FRP | for |
1 |
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet |
| SP | for |
1 |
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet |
| H | mot |
1 |
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet |
| KRF | mot |
1 |
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet |
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Kommunedirektøren si innstilling og fellesframlegg frå Ap, Frp og Sp vart sett opp mot kvarandre.
Fellesframlegg frå Ap, Frp og SP vart vedteke, 3 røyster for fellesframlegget (Ap, Frp, og Sp) og 2 røyster for innstillinga til kommunedirektøren (Krf og H).