Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
Saksgangen for arkivsak 24/2784
Same arkivnummer går att i 7 handsaming(ar). Tittelen og
utfallet under er attgitt slik dei står i kvar einskild protokoll for seg — dei kan
skilje seg frå kvarandre mellom møta, og sida vel ikkje éi av dei som «rette» tittel.
PS 62/24
Plan- og kommunalteknisk utval · 2024-10-02
Landbrukssak GBNR 89/2 - Søknad om deling etter jordlova - Framlegg til vedtak
Framlegg 1
3–2 · vedtekeUtvalsleiar på vegne av Herdis Helle (AP), Johannes Haugland (SP) og Ragnar Tyssebotn (FrP)
Vis heile framlegget
Osterøy kommune gjev delvis medhald og delvis avslag på søknad etter jordlova § 12 om frådeling av parsell med parkeringsplass og bygningar (tun) frå Gbnr 89/2. I medhald av jordlova § 12 og gjeldande delegasjonsreglement gjev Plan- og kommunalteknisk utval i Osterøy kommune løyve til deling av landbrukseigedomen gbnr. 89/2 ved frådeling av den delen av omsøkte parsell som er parkeringsplass, men med unntak for tilkomstvegen som går opp til tun-delen av parsellen. Vilkår etter jordlova § 12, 5. ledd:
-Parsellen med parkeringsplass blir slått saman med industrieigedommen (gbnr 89/25?) og
-Naudsynt vegrett for industrieigedommen/parkeringsplassen skal tinglysast på gbnr 89/2. Dersom deling ikkje er rekvirert innan 1.12. 2024, fell samtykket bort. I medhald av jordlova § 12 og gjeldande delegasjonsreglement avslår Plan- og kommunalteknisk utval i Osterøy kommune løyve til frådeling av den delen av omsøkte parsell som har bygningar (tunet) på landbrukseigedomen gbnr. 89/2. Med heimel i Forskrift om gebyr for behandling av konsesjons- og delingssaker § 2 vert det kravd kr 2000,- i gebyr for sakshandsaminga etter jordlova § 12. Søkar vil få brev med krav om gebyr for handsaminga, som skal vere betalt innan 30 dagar frå fakturadato. Kommunedirektøren skal legge fram ei ny sak, for plan- og kommunalteknisk utval, om gbnr 89/2 med framlegg til korleis konsesjonsvedtaket med vilkår (frå 2008) best kan oppfyllast. Mellom anna skal det vurderast om overføring til/samanslåing med gbnr 91/2 framleis er godt eigna til å realisere føremåla bak jordlova og føremålet om fortsatt aktivt landbruksdrift som grunngav vilkårsdelen av konsesjonsvedtaket frå 2008, alternativt om dei jordbrukspolitiske omsyna som gjer seg gjeldande for gbnr 89/2 betre kan ivaretakast på anna måte.
Grunngjeving for vedtaket:
Ein viktig del av bakgrunnen for frådelingssøknaden er eit konsesjonsvedtak med konsesjonsvilkår treft av Osterøy kommune 26. mars 2008. Det lyer slik:
«Osterøy kommune gjev med heimel i konsesjonslova av 28. november 2003 §§ 2 og 9 og med visning til rådmannen sin vurdering konsesjon til Mjøs Metallvarefabrikk AS for erverv av gnr. 89 bnr. 2 i Osterøy kommune på vilkår av at landbruksareala blir seld vidare som tilleggsjord til 91/2. Det vert sett som vilkår at landbruksareala på konsesjonsbruket blir slått saman med gnr. 91 bnr. 2 og blir driven forsvarleg som ein landbrukseigedom i minst 5 år i samanheng, jf. § 11.» Plan- og kommunalteknisk utval kan, ut frå saksutgreiinga, ikkje sjå at dei omsyna som konsesjonsvedtaket og jordlova skal sikre vert tilstrekkeleg ivaretatt for gbnr 89/2 dersom den delen av parsellen som har bygningar (tunet) og vegen som ligg på parkeringsdelen av parsellen vert frådelt landbrukseigedommen. Frådeling vil korkje leie til ein tenleg eller variert bruksstruktur i landbruket eller ivareta omsynet til busetjinga i området. For parsellen med parkeringsplass vert det derimot vurdert at det – med unntak av vegen opp til tunet – er ei god løysing for bruksstrukturen i landbruket at den vert frådelt. Landbrukseigedommen gbnr 89/2 er etter det vi forstår nesten 200 daa stor og har parsellar fleire stader i kommunen. Eit vilkår etter konsesjonsvedtaket er at eigedommen, etter samanslåinga med gbnr 91/2, skal drivast forsvarleg som ein landbrukseigedom i minst 5 år i samanheng. Plan og kommunalteknisk utval kan, av saksutgreiinga eller søknaden, ikkje sjå om gbnr 91/2 vil vere i stand til å drive gbnr. 89/2 forsvarleg som ein landbrukseigedom i minst 5 år etter ei eventuell samanslåing og korleis det eventuelt er tenkt gjennomført. Vi har ikkje opplysningar om gbnr 91/2 er ein landbrukseigedom i drift. Til dømes om innmark vert hausta og foret nytta eller om utmark vert forvalta aktivt, om det er husdyr på garden som vert vinterfora og brukar beitearealet, om skogen vert driven eller om garden har produksjonstilskot. Vi ser heller ikkje korleis det er tenkt at gbnr 91/2 skal drive gbnr 89/2 vidare som ein landbrukseigedom. Plan- og kommunalteknisk utval kan, slik saka er opplyst, ikkje sjå at omsynet til Mjøs Metall sitt behov for ein arbeidarbustad og lager, gjer seg tilstrekkeleg sterkt gjeldande til at det er grunnlag for å la dei frådele den delen av parsellen som har bygningar (tunet) og tilkomstvegen over parkeringsplassen og føye den saman med industrieigedommen. Slik situasjonen ligg an, må omsynet til jordbruket gå framom Mjøs Metall sine behov for denne delen av den omsøkte parsellen. Føremonene med å la Mjøs Metall dele frå og overta tunet, er etter utvalet si vurdering klart mindre enn ulempene. Det gjer seg heller ikkje gjeldande sterke bustadpolitiske omsyn. Det er elles ikkje opplyst i søknad eller saksutgreiing om eventuelle realservitutt og lunnende – som naust- og tilflotsrettar, almenningsrettar, stølsrettar, beiterettar, jakt- og fiskerettar m.m – er tenkt liggande att på tunet som er søkt frådelt eller om det er meint å fylgje med resterande delar av gbnr. 89/2 i ei eventuell seinare samanslåing med gbnr 91/2. Utvalet syner elles til omsyna som Statsforvaltaren trekkjer fram i sitt brev av 15.08.2024, i sak PS 63/24 om dispensasjon og deling. Slik utvalet ser det, gjer desse omsyna seg minst like sterkt gjeldande for jordlovsaka som for dispensasjons- og delingssaka. Plan- og kommunalteknisk utval ber vidare kommunedirektøren om å få framlagt ei ny sak om gbnr 89/2 med framlegg til korleis konsesjonsvedtaket med vilkår, sitert over, best kan oppfyllast. Vi ber om at den vert lagt fram for utvalet i møte innan utløpet av mars 2025. Det har gått svært lang tid sidan konsesjonsvedtaket vart treft, og utvalet er usikre på om, og eventuelt korleis, dei omsyna som ligg bak konsesjonsvedtaket og konsesjonsvilkåret kan la seg realisere i dag dersom attverande deler av landbrukseigedommen vert slått saman med Gbnr 91/2. For utvalet er det viktig at gbnr 89/2 framover blir nytta i aktiv landbruksdrift.
Vi stiller spørsmål ved om ikkje dei landbruksomsyna som knyter seg til 89/2 – og som grunngav vilkåret om minst 5 års forsvarleg drift etter samanslåing – betre vil kunne realiserast på annan måte enn ved samanslåing med gbnr. 91/2. Vi ber kommunedirektøren gjere greie for dette og kome med framlegg til vedtak. Vi ynskjer mellom anna vurdert om dei omsyna jordlova skal ivareta vil verte betre realisert dersom gbnr 89/2 vert behalde som ein eigedom med våningshus og driftsbygning og avhenda som det (med vilkår om bu- og/eller driveplikt), eventuelt at eigedommen vert avhenda til og slått saman med eitt eller fleire nabobruk med eksisterande og aktiv drift (med dyr og produksjonstilskot). Vi ber også om ei vurdering av om det er grunnlag for å omgjere den delen av konsesjonsvedtaket av
26. mars 2008 som seier at gbnr. 89/2 skal slåast saman med gbnr 91/2, og treffe eit nytt vedtak som betre sikrar dei jordbruksomsyna som i dag knyter seg til gbnr 89/2. Vi syner på dette punktet til rundskriv M2/2021 https://www.regjeringen.no/contentassets/beb3fd0cb9d7401180d962e0e98ba854/rundskr iv-jordloven-m-2-2021.pdf
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
Parti
Side
Røyster
Kjelde
AP
for
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
FRP
for
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
SP
for
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
H
mot
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
KRF
mot
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
Kommunedirektøren si innstilling og fellesframlegg frå Ap, Frp og Sp vart sett opp mot kvarandre.
Fellesframlegg frå Ap, Frp og SP vart vedteke, 3 røyster for fellesframlegget (Ap, Frp, og Sp) og 2 røyster for innstillinga til kommunedirektøren (Krf og H).
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
Parti
Side
Røyster
Kjelde
AP
for
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
FRP
for
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
SP
for
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
H
mot
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
KRF
mot
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
Johannes Borge sitt framlegg og fellesframlegget frå Ap, Frp og Sp vart sett opp mot kvarandre.
Fellesframlegg frå Ap, Frp og Sp vart vedteke, 3 røyster for fellesframlegget (Ap, Frp, og Sp) og 2 røyster for framlegget til Johannes Borge (Krf og H).
Framlegg 3
2–3 · faltJohannes Borge (H)
Vis heile framlegget
«I medhald av jordlova § 12 og gjeldande delegasjonsreglement gir Plan- og
kommunalteknisk utval i Osterøy kommune løyve til frådeling av to teigar frå gbnr. 92/4 i
samsvar med søknad journalført motteke 15.07.2024
Vilkår, jf. jordlova § 12, 5. ledd:
1. Gards- og bruksnummeret 92/4 skal følgje med dei to frådelte teigane
2. Frådelt areal skal overførast som tilleggsareal til nabobruk i samsvar med vilkår for
konsesjon sett av formannskapet i vedtak av 25.02.2009
3. Attverande areal av 92/4 på Mjøs Metall sin eigedom skal få nytt gards- og
bruksnummer eller overførast som tilleggsareal til eksisterande gards- og
bruksnummer med Mjøs Metall som heimelshavar
4. Attverande areal av 92/4 som er registrert som fulldyrka i AR5 innanfor
reguleringsplanen sitt område L1, skal nyttast til landbruksdrift gjennom avtale
med nabobruket som overtar areal i samsvar med vilkår 2 over, jf. kartvedlegg
merka "Vedlegg 1 – Vilkår jordleige". Vilkåret gjeld til areal vist på kartvedlegget
eventuelt vert godkjent brukt til anna føremål enn landbruk, enten gjennom
vedtak om endra bruk, ny arealplan eller dispensasjon frå LNF-føremålet
Dersom deling ikkje er rekvirert innan tre år etter at samtykke til deling er gitt, fell
samtykket bort, jf. jordlova § 12, 8. avsnitt. Grunngjevinga for vedtaket går fram av
saksutgreiing og vurdering nedanfor.
Med heimel i Forskrift om gebyr for behandling av konsesjons- og delingssaker § 2 vert det
krevd kr. 2.000,- i gebyr for sakshandsaming etter jordlova § 12. Søkar vil få tilsendt krav
på gebyr for handsaminga, som skal vere betalt innan 30 dagar frå fakturadato».
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
Parti
Side
Røyster
Kjelde
H
for
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
KRF
for
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
AP
mot
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
FRP
mot
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
SP
mot
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
Johannes Borge sitt framlegg og fellesframlegget frå Ap, Frp og Sp vart sett opp mot kvarandre.
Fellesframlegg frå Ap, Frp og Sp vart vedteke, 3 røyster for fellesframlegget (Ap, Frp, og Sp) og 2 røyster for framlegget til Johannes Borge (Krf og H).
3–2 · vedtekeHerdis Helle (Ap), Johannes Haugland (Sp) og Ruben Nilsen (Frp)
Vis heile framlegget
Klagen vert ikkje tatt til fylgje. Saka vert sendt Statsforvaltaren i Vestland for vidare handsaming av Osterøy kommune sitt vedtak av 24. oktober 2024 i sak 71/24 . Grunngjeving
I brev av 25. november 2024 klaga Mjøs Metall på Osterøy kommune sitt vedtak av 24. oktober 2024 i sak 71/24 . Det er gjort gjeldande at avslaget på samtykke til deling etter jordlova § 12 er ugyldig på grunn av feil sakshandsaming og feil rettsbruk/lovforståing. Utvalet er ikkje samd med at det er gjort slike feil. Som sagt i det påklaga vedtaket gav ikkje søknaden utvalet tilstrekkelege opplysningar til å vurdere om gbnr 89/2 og gbnr 91/2 ville bli driven forsvarleg som ein landbrukseigedom etter samanslåinga, slik konsesjonsvilkåret krev. At Øystein Hole har søkt tilskot for å drive jorda på gbnr 91/2 i 2023 og 2024 og at Jan Sigurd Thomassen hadde slikt tilskot for gbnr 89/2 i 2023, endrar ikkje på det. Slik utvalet ser det, er saka på det noværande tidspunktet difor ikkje tilstrekkeleg opplyst til at det kan gjevast samtykke til frådeling av tunet på gbnr 89/2.
Utvalet har ikkje instruert kommunedirektøren til å omgjere konsesjonsvedtaket. Vi har bedt kommunedirektøren vurdere om omgjering kan vere aktuelt for det tilfellet ‘bruket ikkje vil kome i aktiv landbruksdrift att gjennom ei samanslåing med gbnr. 91/2. Utvalet ynskjer at gbnr 89/2 skal brukast til å styrke næringsgrunnlaget til dei som har yrket sitt i landbruket. Det er ikkje utelukka at dette kan skje gjennom ei samanslåing med 91/2, men utvalet treng fleire opplysningar for å ta stilling til det. Vi antar at Statsforvaltaren vil kunne rettleie klagar, og eventuelt eigar av gbnr 91/2, nærmare om dette. Det bør også gjevast rettleiing om korleis konsesjonsvilkåret om 5 års driveplikt skal tolkast når det ikkje lenger gjeld ei 5 års tidsavgrensing etter gjeldande konsesjonslov.
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
Framlegg til vedtak frå Johannes O Borge (H) vart satt opp mot fellesforslag frå Ap, Sp og Frp.
Fellesforslag frå Ap, Sp og Frp vart vedteke med 3 stemmer for og 2 stemmer for forslaget frå Johannes O Borge (H) og Kari Mjøs (Krf).
Framlegg 2
2–3 · faltJohannes O Borge (H)
Klagen blir tatt til følge. Utvalet vedtek opprinnelig innstilling frå kommunedirektøren frå møtet 2/10-24.
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
Framlegg til vedtak frå Johannes O Borge (H) vart satt opp mot fellesforslag frå Ap, Sp og Frp.
Fellesforslag frå Ap, Sp og Frp vart vedteke med 3 stemmer for og 2 stemmer for forslaget frå Johannes O Borge (H) og Kari Mjøs (Krf).
89/2 - Klage på avslag etter jordlova § 12 - Ny handsaming
Framlegg 1
2–3 · faltHerdis Helle(Ap)
Vis heile framlegget
Frådelingsvedtaket vert gjort på vilkår av at det vert dokumentert at gbnr 91/2 er i aktiv drift.
Grunngjeving:
Ein landbrukseigedom som skal drivast godt må normalt ha våningshus og driftsbygning. Nasjonale føringar legg imidlertid til rette for at frådeling av tun på små og mellomstore bruk kan tillatast når resterande areal vert selt som tilleggsareal til aktive brukarar og salet fører til ei driftsmessig god løysing.
Det vil vere uheldig for landbruket og arealressursane om kommunen opnar for ein praksis med å dele i frå gardstun med føremål om å overdra inn- og utmarka til nedlagde gardsbruk. Tillet kommunen dette i denne saka, må vi opne for det i seinare saker også. Ein slik praksis kan på sikt verte skadeleg for jordbruket i kommunen. At jorda vert drive aktivt er viktig for forvaltninga av arealressursane. For dei få som framleis har yrket sitt i landbruket, er det dessutan stor etterspurnad både etter slåttemark og innmarksbeite. Det er også tilfelle i Hosanger/Mjøsdalen der gbnr 91/2 og gbnr 89/2 ligg.
I denne saka har det vore omstridd om gbnr 91/2 er eit nedlagt bruk eller eit bruk i aktiv drift. Det er på det reine at eigar ikkje driv/har produksjonstilskot sjølv. Det kan truleg heller ikkje stillast opp som krav for å få løyve til frådeling av tun etter jordlova § 12. Til samanlikning opnar jordlova for at driveplikt kan oppfyllast gjennom bortleige av dyrkajord og innmarksbeite. Dei nærmare vilkåra for dette går fram av jordlova § 8 andre ledd. Etter det utvalet har fått opplyst, frå Mjøs Metall og Eimund Øvsthus, har dyrkajorda på gbnr 91/2 vore bortleigd til Øystein Hole som er bonde på eit nærliggande bruk i om lag 15 år. Øystein Hole leiger også på gbnr 89/2. I fylgje Eimund Mjøs er det planar om å vidareføre dette. Øystein Hole har ikkje uttalt seg. Gjeldande jordleigeavtale på gbnr 91/2 er ikkje ein del av saksdokumenta og utvalet kjenner ikkje det nærmare innhaldet av denne. Slik vi forstår saksutgreiinga er heller ikkje denne eller tidlegare leigeavtalar sendt til/eller lagt fram for kommuneadministrasjonen.
Utvalet manglar dermed grunnlag for å ta stilling til om frådeling som omsøkt vil gje ein tenleg bruksstruktur med godt vern om arealressursane og gode driftsmessige løysingar. Dette må kommunedirektøren bringe på det reine gjennom å få dokumentert gjeldande jordleigeavtale. Utvalet overlet til kommunedirektøren å setje ein passande tidsfrist for partane til å levere naudsynt dokumentasjon og å kontrollere dokumentasjonen opp mot vilkåret om at gbnr 91/2 skal vere i aktiv drift.
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
Parti
Side
Røyster
Kjelde
AP
for
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
FRP
for
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
H
mot
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
SP
mot
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
U
mot
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet