Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
Framlegg 1
3–2 · vedteke
Utvalsleiar på vegne av Herdis Helle (AP), Johannes Haugland (SP) og Ragnar Tyssebotn (FrP)
Vis heile framlegget
- • Kommunen avslår dispensasjon frå plan- og bygningslova §§12-4 og 12-5 nr. 5 til frådeling av parsell med bygningar (tunet) på gnr. 89 bnr. 2, jf. plan og bygningslova §19-2.
- • Med heimel i plan og bygningslova § 26-1 jf. §§ 20-1 bokstav m, 20-2 bokstav d og 26-1 gjev kommunen løyve til frådeling av parsell med parkeringsplass frå gnr. 89 bnr. 2 og løyve til å opprette ny grunneigedom for denne med om lag 1, 67 daa. Løyve til frådeling omfattar ikkje vegen over parkeringsplassen og opp til tunet på gbnr 89/2.
- • Vedtaket vert treft på fylgjande vilkår:
- • Parsellen med parkeringsplassen skal samanføyast med industrieigedommen (gbnr. 89/25 ?).
- • Tiltaket skal plasserast som synt i situasjonsplan vedlagt brev av 14.08.2024.
- • Gbnr 89/2 beheld eigedomsretten til tilkomstvegen over parkeringsplassen og vegrett for industrieigedommen (89/25?) må tinglysast på gbnr 89/2.
- • Eventuell rett for industrieigedommen (gbnr. 89/25?) til å føre vass- og avlaupsleidningar og annan infrastruktur etc. over gbnr 89/2 må også tinglysast.
- Dersom det ikkje er rekvirert kart og delingsforretning og samanføyning av parsellen med parkeringsplassen med industrieigedommen innan 1.12. 2024, fell vedtaket bort, jf. vilkårsføresegna i jordlova § 12, femte ledd.
- Grunngjeving for vedtaket:
- Plan- og kommunalteknisk utval kan ikkje sjå at sterke bustadpolitiske eller industrielle omsyn talar for å dele tunet og tilkomstvegen frå gbnr 89/2 eller at fordelen med å gje dispensasjon til slik frådeling frå gbnr 89/2 er større enn ulempene. Det vert synt til dei jordbruksomsyna som gjer seg gjeldande i saka, og som er nærmare gjort greie for i grunngjevinga i sak PS 62/24. Vidare vert det synt til Statsforvaltaren sitt brev av 15.08.2024 som ligg ved saksframlegget. Utvalet meiner omsynet til søkar, på det noverande tidspunktet, er tilstrekkeleg ivaretatt dersom han får frådele, opprette ny grunneigedom og samanslå parkeringsplass med industrieigedommen og tinglyse vegrett m.m på gbnr 89/2.
- Eventuell dispensasjon for frådeling av tun, kan verte aktuelt å vurdere seinare. Til dømes i samband med ny sak om omgjering av konsesjonsvilkår for gbnr 89/2 og avhending av eigedommen til eitt eller fleire bruk med aktiv landbruksdrift og eigne våningshus og driftsbygningar. Utvalet vil likevel allereie no signalisere ein innleiande skepsis mot at tunet i ein slik situasjon vert søkt slått saman med industrigeigedommen.
Utfall: vedteke · Presisjon: partifordeling
· for: 3
· mot: 2
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
| Parti | Side | Røyster | Kjelde |
| AP | for |
1 |
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet |
| FRP | for |
1 |
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet |
| SP | for |
1 |
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet |
| H | mot |
1 |
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet |
| KRF | mot |
1 |
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet |
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Kommunedirektøren si innstilling og fellesframlegg frå Ap, Frp og Sp vart sett opp mot kvarandre.
Fellesframlegg frå Ap, Frp og Sp vart vedteke, 3 røyster for fellesframlegget (Ap, Frp, og Sp) og 2 røyster for innstillinga til kommunedirektøren (Krf og H).