Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar. Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte. Kor sikre tala er

Saksgangen for arkivsak 24/2783

Same arkivnummer går att i 6 handsaming(ar). Tittelen og utfallet under er attgitt slik dei står i kvar einskild protokoll for seg — dei kan skilje seg frå kvarandre mellom møta, og sida vel ikkje éi av dei som «rette» tittel.

PS 63/24

Plan- og kommunalteknisk utval · 2024-10-02

Gbnr 89/2 - Søknad om dispensasjon og deling av to parsellar, tun og parkeringsareal

Framlegg 1

3–2 · vedteke Utvalsleiar på vegne av Herdis Helle (AP), Johannes Haugland (SP) og Ragnar Tyssebotn (FrP)
Vis heile framlegget
  • • Kommunen avslår dispensasjon frå plan- og bygningslova §§12-4 og 12-5 nr. 5 til frådeling av parsell med bygningar (tunet) på gnr. 89 bnr. 2, jf. plan og bygningslova §19-2.
  • • Med heimel i plan og bygningslova § 26-1 jf. §§ 20-1 bokstav m, 20-2 bokstav d og 26-1 gjev kommunen løyve til frådeling av parsell med parkeringsplass frå gnr. 89 bnr. 2 og løyve til å opprette ny grunneigedom for denne med om lag 1, 67 daa. Løyve til frådeling omfattar ikkje vegen over parkeringsplassen og opp til tunet på gbnr 89/2.
  • • Vedtaket vert treft på fylgjande vilkår:
  • • Parsellen med parkeringsplassen skal samanføyast med industrieigedommen (gbnr. 89/25 ?).
  • • Tiltaket skal plasserast som synt i situasjonsplan vedlagt brev av 14.08.2024.
  • • Gbnr 89/2 beheld eigedomsretten til tilkomstvegen over parkeringsplassen og vegrett for industrieigedommen (89/25?) må tinglysast på gbnr 89/2.
  • • Eventuell rett for industrieigedommen (gbnr. 89/25?) til å føre vass- og avlaupsleidningar og annan infrastruktur etc. over gbnr 89/2 må også tinglysast.
  • Dersom det ikkje er rekvirert kart og delingsforretning og samanføyning av parsellen med parkeringsplassen med industrieigedommen innan 1.12. 2024, fell vedtaket bort, jf. vilkårsføresegna i jordlova § 12, femte ledd.
  • Grunngjeving for vedtaket:
  • Plan- og kommunalteknisk utval kan ikkje sjå at sterke bustadpolitiske eller industrielle omsyn talar for å dele tunet og tilkomstvegen frå gbnr 89/2 eller at fordelen med å gje dispensasjon til slik frådeling frå gbnr 89/2 er større enn ulempene. Det vert synt til dei jordbruksomsyna som gjer seg gjeldande i saka, og som er nærmare gjort greie for i grunngjevinga i sak PS 62/24. Vidare vert det synt til Statsforvaltaren sitt brev av 15.08.2024 som ligg ved saksframlegget. Utvalet meiner omsynet til søkar, på det noverande tidspunktet, er tilstrekkeleg ivaretatt dersom han får frådele, opprette ny grunneigedom og samanslå parkeringsplass med industrieigedommen og tinglyse vegrett m.m på gbnr 89/2.
  • Eventuell dispensasjon for frådeling av tun, kan verte aktuelt å vurdere seinare. Til dømes i samband med ny sak om omgjering av konsesjonsvilkår for gbnr 89/2 og avhending av eigedommen til eitt eller fleire bruk med aktiv landbruksdrift og eigne våningshus og driftsbygningar. Utvalet vil likevel allereie no signalisere ein innleiande skepsis mot at tunet i ein slik situasjon vert søkt slått saman med industrigeigedommen.

Utfall: vedteke · Presisjon: partifordeling · for: 3 · mot: 2

For 3

  • AP 1
  • FRP 1
  • SP 1

Mot 2

  • H 1
  • KRF 1

Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei. Opne protokollen (PDF)

PartiSideRøysterKjelde
APfor 1 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
FRPfor 1 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
SPfor 1 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
Hmot 1 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
KRFmot 1 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Kommunedirektøren si innstilling og fellesframlegg frå Ap, Frp og Sp vart sett opp mot kvarandre.
Fellesframlegg frå Ap, Frp og Sp vart vedteke, 3 røyster for fellesframlegget (Ap, Frp, og Sp) og 2 røyster for innstillinga til kommunedirektøren (Krf og H).

utleidd frå totalen · Sjå heile saklistesaka →

PS 72/24

Plan- og kommunalteknisk utval · 2024-10-24

Omgjering utan klage etter fvl § 35 første ledd av vedtak i sak PS 63/24: Gbnr 89/2 - Søknad om dispensasjon og deling av to parsellar, tun og parkeringsareal

Framlegg 1

vedteke Utvalsleiar

Utvalsleiar kom med framlegg om å oppheve vedtaket.

Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes

Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Forslaget frå utvalsleiar om å oppheve vedtak frå 02.10.2024 vart samrøystes vedteke.

Framlegg 2

3–2 · vedteke Herdis Helle (Ap), Johannes Haugland (Sp) og Ragnar Tyssebotn (FrP)
Vis heile framlegget
  • Plan og kommunalteknisk utval omgjer vedtak treft i møte 2. oktober 2024 i sak PS 63/24, jf.
  • forvaltningslova § 35 første ledd og treff slikt nytt vedtak:
  • • Kommunen gjev ikkje dispensasjon frå plan- og bygningslova §§12-4 og 12-5 nr. 5 til
  • frådeling av parsell med bygningar (tunet) på gnr. 89 bnr. 2, jf. plan og bygningslova
  • §19-2.
  • • Kommunen gjev ikkje løyve til å opprette ny grunneigedom for parsell med
  • bygningar (tunet) på gnr. 89 bnr. 2.
  • • Med heimel i plan og bygningslova § 26-1 jf. §§ 20-1 bokstav m, 20-2 bokstav d og
  • 26-1 gjev kommunen løyve til frådeling av parsell med parkeringsplass frå gnr. 89
  • bnr. 2 og løyve til å opprette ny grunneigedom for denne med om lag 1, 67 daa.
  • Vedtaket vert treft på fylgjande vilkår:
  • • Parsellen med parkeringsplassen skal samanføyast med industrieigedommen (gbnr.
  • 89/25).
  • • Tiltaket skal plasserast som synt i situasjonsplan vedlagt brev av 14.08.2024, jf. plan
  • og bygningslova § 29-4.
  • • Gbnr 89/2 beheld eigedomsretten til tilkomstvegen (veglegemet) over
  • parkeringsplassen og industriverksemda må ordne seg vegrett for tilkomst til
  • parkeringsplassen. Naudsynt tinglysing må sytast for.
  • • Eventuell rett for industrieigedommen (gbnr. 89/25?) til å føre vass- og
  • avlaupsleidningar og annan infrastruktur etc. over gbnr 89/2 må tinglysast.
  • Grunngjeving for vedtaket:
  • Plan- og kommunalteknisk utval kan ikkje sjå at det er grunnlag for å gje dispensasjon til
  • frådeling av tunet og oppretting av ny grunneigedom når det ikkje er gjeve løyve til frådeling
  • etter jordlova. Sjå vedtak i sak 71/24.
  • Eventuell dispensasjon for frådeling av tun, kan verte aktuelt å vurdere seinare. Til dømes i
  • samband med seinare jordlovssak og/eller konsesjonslovsak om avhending og samanslåing
  • av gnr. 89 bnr. 2 til eitt eller fleire bruk med aktiv landbruksdrift og eigne våningshus og
  • driftsbygningar. I tilfelle lyt momenta som er løfta fram i Statsforvaltaren sitt brev som ligg
  • ved saka vurderast nærmare.
  • Utvalet meiner omsynet til søkar, på det noverande tidspunktet, er tilstrekkeleg ivaretatt
  • dersom han får frådele, opprette ny grunneigedom og samanslå parkeringsplass med
  • industrieigedommen og får vegrett over denne.

Utfall: vedteke · Presisjon: partifordeling · for: 3 · mot: 2

For 3

  • AP 1
  • FRP 1
  • SP 1

Mot 2

  • H 1
  • KRF 1

Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei. Opne protokollen (PDF)

PartiSideRøysterKjelde
APfor 1 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
FRPfor 1 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
SPfor 1 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
Hmot 1 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
KRFmot 1 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Johannes Borge sitt framlegg og fellesframlegget frå Ap, Frp og Sp vart sett opp mot kvarandre.
Fellesframlegg frå Ap, Frp og Sp vart vedteke, 3 røyster for fellesframlegget (Ap, Frp, og Sp) og 2 røyster for framlegget til Johannes Borge (Krf og H).

Framlegg 3

2–3 · falt Johannes Borge (H)
Vis heile framlegget
  • Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak:
  • "Kommunen gjev dispensasjon frå plan- og bygningslova §§ 12-4 og 12-5 nr. 5 til frådeling
  • av tun med bygningar på gnr. 89 bnr. 2, jf. plan- og bygningslova § 19-2.
  • Vilkår:
  • • Den fråskilde parsellen skal ha nytt gbnr og gjerdeplikt mot attverande del av gbnr
  • 89/2."
  • "Med heimel i plan- og bygningslova § 26-1, jf. §§ 20-1, bokstav m, 20-2, bokstav d og 26-1
  • vert det gjeve løyve til oppretting av 2 nye grunneigedomar på om lag 4,67 daa kvar frå
  • gnr. 89 bnr. 2 på følgjande vilkår:
  • • Parkeringsplassen m.m. skal samanføyast med gbnr. 89/25.
  • • Tiltaket skal plasserast som synt i situasjonsplan i brev av 14.08.2024, jf. plan- og
  • bygningslova § 29-4.
  • • Eventuell rett til å føre vass- og avlaupsleidningar over andre sin grunn må
  • tinglysast, jf. plan- og bygningslova §§ 27-1 og 27-2.
  • • Eventuell vegrett over andre sin grunn må tinglysast, jf. pbl. § 27-4, 1. ledd."
  • Grunngjeving:
  • Omsyna bak regelen det er søkt om dispensasjon i frå og omsyna i føremålsreglane i lova
  • vert ikkje vesentleg tilsidesett.
  • Etter ei samla vurdering er fordelen med å gje dispensasjon klårt større enn ulempene.
  • Det er i tillegg føremålstenleg å gje dispensasjon til tiltaket.

Utfall: falt · Presisjon: partifordeling · for: 2 · mot: 3

For 2

  • H 1
  • KRF 1

Mot 3

  • AP 1
  • FRP 1
  • SP 1

Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei. Opne protokollen (PDF)

PartiSideRøysterKjelde
Hfor 1 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
KRFfor 1 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
APmot 1 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
FRPmot 1 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
SPmot 1 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Johannes Borge sitt framlegg og fellesframlegget frå Ap, Frp og Sp vart sett opp mot kvarandre.
Fellesframlegg frå Ap, Frp og Sp vart vedteke, 3 røyster for fellesframlegget (Ap, Frp, og Sp) og 2 røyster for framlegget til Johannes Borge (Krf og H).

utleidd frå totalen · Sjå heile saklistesaka →

PS 12/25

Plan- og kommunalteknisk utval · 2025-02-04

Gbnr 89/2 - Søknad om oppretting av ny grunneigedom - handsaming av klage

Framlegg 1

3–2 · vedteke Herdis Helle (Ap), Johannes Haugland (Sp) og Ruben Nilsen (FrP
Vis heile framlegget
  • Kommune sitt vedtak av 24/10/2024, saknr. 72/2024 vert oppretthalde. Saka vert sendt Statsforvaltaren i Vestland for vidare handsaming, jf. pbl § 1-9 jf. fvl § 33. Grunngjeving:
  • I brev av 25. november 2024 klaga Mjøs Metall på Osterøy kommune sitt vedtak i overnevnte sak. Det vart gjort gjeldande at avslaget på oppretting av ny grunneigedom for tundelen av 89/2 var ugyldig. Det vart også gjort gjeldande at avslaget på å overføre eigedomsretten til veglegemet frå 89/2 til eigar av den delen det vart gitt løyve til oppretting av ny grunneigedom for, var ugyldig.
  • Utvalet kan ikkje sjå at dette kan føre fram. Det er ikkje berekraftig samfunnsutvikling å opprette ny grunneigedom for eit gardstun som det pt er høgst usikkert om klagar vil få samtykke til frådeling for etter jordlova, jf. pbl § 1-1. Utvalet meiner også at klagar tek feil når han hevdar at kommunen ikkje kan bestemme at eit gardsbruk skal behalde eigedomsretten til tilkomstvegen til tunet, som vilkår for vedtak om oppretting av ny grunneigedom. Analogiane frå andre reglar om privatrettslege forhold i plan og bygningsretten, er ikkje treffande i saker som denne der vedtak etter konsesjonslovgjevinga og jordbruksomsyna dei skal sikre står sentralt

Utfall: vedteke · Presisjon: blanda · for: 3 · mot: 2

For 3

  • ikkje fordelt 3

Mot 2

  • H 1
  • KRF 1

Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei. Opne protokollen (PDF)

PartiSideRøysterKjelde
Hmot 1 utleidd frå namn
KRFmot 1 utleidd frå namn

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Framlegg til vedtak frå Johannes O Borge (H) vart satt opp mot fellesforslag frå Ap, Sp og Frp.
Fellesforslag frå Ap, Sp og Frp vart vedteke med 3 stemmer for og 2 stemmer for forslaget frå Johannes O Borge (H) og Kari Mjøs (Krf).

Framlegg 2

2–3 · falt Johannes O Borge (H)

Klagen blir tatt til følge. Utvalet vedtek opprinnelig innstilling frå kommunedirektøren frå møtet 2/10-24.

Utfall: falt · Presisjon: blanda · for: 2 · mot: 3

For 2

  • H 1
  • KRF 1

Mot 3

  • ikkje fordelt 3

Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei. Opne protokollen (PDF)

PartiSideRøysterKjelde
Hfor 1 utleidd frå namn
KRFfor 1 utleidd frå namn

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Framlegg til vedtak frå Johannes O Borge (H) vart satt opp mot fellesforslag frå Ap, Sp og Frp.
Fellesforslag frå Ap, Sp og Frp vart vedteke med 3 stemmer for og 2 stemmer for forslaget frå Johannes O Borge (H) og Kari Mjøs (Krf).

utleidd frå namn · Sjå heile saklistesaka →

RS 20/25

Plan- og kommunalteknisk utval · 2025-06-11

89/2 - kopi - vedtak - frådeling

Ingen voteringar registrerte for denne handsaminga.

· Sjå heile saklistesaka →

RS 33/25

Plan- og kommunalteknisk utval · 2025-10-22

89/2 og 92/2 - Kopi - Vedtak - sakskostnader - Osterøy - tre saker om frådeling - Advokatfirmaet Kyrre

Ingen voteringar registrerte for denne handsaminga.

· Sjå heile saklistesaka →

RS 48/25

Heradsstyret · 2025-11-06

89/2 og 92/2 - Kopi - Vedtak - sakskostnader - Osterøy - tre saker om frådeling - Advokatfirmaet Kyrre

Ingen voteringar registrerte for denne handsaminga.

· Sjå heile saklistesaka →