Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
Framlegg 1
3–2 · vedteke
Utvalsleiar på vegne av Herdis Helle (AP), Johannes Haugland (SP) og Ragnar Tyssebotn (FrP)
Vis heile framlegget
- I medhald av jordlova §12 og gjeldande delegasjonsreglement gir Plan- og kommunalteknisk utval i Osterøy kommune løyve til frådeling av ein teig frå gbnr 92/4. Det vert synt til søknad journalført 15.07. 2024. Teigen det vert gitt løyve til frådeling for er den som er omtalt som «Restareal (gul farge)» i søknaden, men ikkje den teigen som ligg på sjøsida av fylkesvegen (i Mjøsvågen). I tillegg vert det gitt løyve til frådeling av eventulet anna areal på gbnr 92/4 som er omregulert til næringsareal. Det vert gitt avslag på frådeling av øvrig areal, medrekna dei delane av eigedommen som er omtalt som Teig A og Teig B. Eventuelle rettar (realservitutt) og lunnende som høyrer til gbnr. 92/4 fylgjer ikkje med i frådelinga av restareal og næringsareal, men vert liggande på attværande areal på gbnr 92/4 (som då i alle fall vil bestå av Teig A, Teig B og areal i Mjøsvågen).
- Frådelingsvedtak vert treft på fylgjande vilkår, jf. jordlova § 12, femte ledd:
- • Frådelt areal skal samanføyast med industrieigedommen (gbnr 92/16 eller gbnr 89/25?)
- • Ved eventuelle behov for industriverksemda for vegrett/tilkomstrett og rett til vatn- og avlaupsledningar eller annan infrastruktur til den frådelte parsellen (energibrønn og rassikringsområdet, og eventuelle område regulert til næring), på gbnr 92/4, må naudsynte realservitutt tinglysast på sistnemde eigedom.
- • Eventuelt areal på den frådelte parsellen som er fulldyrka i AR5 skal brukast til landbruksdrift gjennom jordleigeavtale med nabobruk i drift, fram til det eventuelt er omregulert eller det er gitt dispensasjon frå LNF-føremålet. Sjå kartvedlegg merka «Vedlegg 1 – Vilkår jordleige». Vilkåret gjeld for areal synt på kartvedlegget.
- Med heimel i Forskrift om gebyr for behandling av konsesjons- og delingssaker § 2 vert det kravd kr 2000,- i gebyr for sakshandsaminga etter jordlova § 12. Søkar vil få brev med krav om gebyr for handsaminga, som skal vere betalt innan 30 dagar frå fakturadato. Med heimel i vilkårsføresegna i jordlova § 12, femte ledd vert det bestemt at samtykke til frådeling fell bort dersom:
- 8. Deling av den frådelte parsellen ikkje er rekvirert innan 1.12. 2024.
- 9. Det ikkje er søkt om naudsynt deling og eventuelle dispensasjonar etter plan- og bygningslova og gjeldande reguleringsplanar for den frådelte parsellen innan 1.12. 2024 eller
- 10. Det ikkje er lagt fram avtale om sal av resterande del av gbnr. 92/4, medrekna eventuelle realservitutt og lunnende, til eitt eller fleire nabobruk i drift og søkt naudsynte løyve til dette etter jordlov, plan og bygningslov og konsesjonslov innan 1.12. 2024. Med at nabobruk skal vere i drift meiner plan- og kommunalteknisk utval i denne samanheng nabobruk som haustar innmark, nyttar foret, forvaltar utmark, held husdyr og har produksjonstilskot.
- For det tilfellet samtykket til deling etter jordlova fell bort, ber plan- og kommunalteknisk utval kommunedirektøren førebu sak til snarleg oppfylling og gjennomføring av vilkår sett for konsesjonsvedtak for gbnr. 92/4 i 2009. Utvalet ber om at ei slik sak vert lagt fram for utvalet til orientering eller til vedtak seinast i mars 2025.
- Grunngjeving for vedtaket:
- Saka har delvis bakgrunn i fylgjande konsesjonsvedtak til Mjøs Metall treft av Osterøy kommune i 2007:
- «Med det ein viser til rådmannen sin vurdering gjev Osterøy kommune med heimel i konsesjonslova av 28. november 2003 §§ 2 og 9 konsesjon til Mjøs Metallvarefabrikk AS på overtaking av «Hole», gnr. 92 bnr. 4 i Osterøy kommune på vilkår av at landbruksareala blir seld som tilleggsareal til nabobruk innan 01.01.2010 i samsvar med prisrundskriv M- 3/2002.» For å oppfylle konsesjonsvilkåra og gjennomført ei snarleg overdraging av den delen av gnr. 92 bnr 4 som Mjøs Metall ikkje har behov for til industriføremål og sikre dei sterke jordbruksomsyna som gjer seg gjeldande for gbnr 92/4, meiner plan- og kommunalteknisk utval at det mest føremålstenlege vil være å frådele arealet som i søknaden er omtalt som restareal (energibrønn og rassikringsområdet) med unntak av teigen på nedsida av fylkesvegen i Mjøsvågen. I tillegg kan frådelast eventuelt anna areal som er regulert til næringsareal. Øvrige delar av landbrukseigedommen blir då liggande att som ei samla eining/landbrukseigedom med tilhøyrande rettar og lunnende som seinare kan søkjast overført til nabobruk i drift, slik saksutgreiinga til konsesjonsvedtaket syner at vilkåret om nabobruk skal tolkast. Omsynet til industribedrifta er tilstrekkeleg ivaretatt ved at bedrifta får frådele det som eventuelt er omregulert til næringsføremål og det arealet som er aktuelt for energibrønnar, rassikring og hensynssoner. Omsyn til eventuelle landbruksinteresser på arealet det vert gitt løyve til å frådele, er tilstrekkeleg sikra gjennom vilkår om jordleige. Arealet det vert gitt løyve til å frådele er eit relativt tydeleg avgrensa og inneklemt areal der omsynet til industriverksemda gjer seg langt sterkare gjeldande enn interessene til jordbruket, og der fordelane med deling etter jordlova, samt dispensasjon frå arealføremålet og deling etter plan- og bygningslovgjevinga (Sjå sak 65/24), er klart større enn ulempene. Det vert synt til skriv frå Mjøs Metall av 14.07.2024 og den særskilte grunngjevinga for verksemda sine behov på dette arealet tatt inn i saksutgreiinga. Grunnen til at plan og bygningsutvalet gjer vedtaket om frådeling tidsavgrensa/set vilkår om overføring av resterande del av landbrukseigedommen til nabobruk i drift, er at det er lenge sidan konsesjonsvedtaket vart treft, at vedtaket no er gått ut og det er på overtid å sikre dei jordbruksinteressene som er knytt til gbnr 92/4. For det tilfellet samtykket til deling etter jordlova fell bort, ber plan- og kommunalteknisk utval, som det går fram av vedtaket over, kommunedirektøren om å førebu sak til snarleg oppfylling og gjennomføring av vilkår sett for konsesjonsvedtak for gbnr. 92/4 i 2009. Plan- og kommunalteknisk utval vil at arealet skal overdragast til nabobruk i drift. Etter det utvalet har fått opplyst, er det per no berre to nabobruk i drift i området. For å ivareta dei jordbrukspolitiske omsyna som lenge har vore skadelidande, er det sett frist for å legge fram slik sak for utvalet.
Utfall: vedteke · Presisjon: partifordeling
· for: 3
· mot: 2
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
| Parti | Side | Røyster | Kjelde |
| AP | for |
1 |
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet |
| FRP | for |
1 |
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet |
| SP | for |
1 |
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet |
| H | mot |
1 |
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet |
| KRF | mot |
1 |
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet |
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Kommunedirektøren si innstilling og fellesframlegg frå Ap, Frp og Sp vart sett opp mot kvarandre.
Fellesframlegg frå Ap, Frp og Sp vart vedteke, 3 røyster for fellesframlegget (Ap, Frp, og Sp) og 2 røyster for innstillinga til kommunedirektøren (Krf og H).