Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar. Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte. Kor sikre tala er

Saksgangen for arkivsak 24/2785

Same arkivnummer går att i 4 handsaming(ar). Tittelen og utfallet under er attgitt slik dei står i kvar einskild protokoll for seg — dei kan skilje seg frå kvarandre mellom møta, og sida vel ikkje éi av dei som «rette» tittel.

PS 64/24

Plan- og kommunalteknisk utval · 2024-10-02

Landbrukssak GBNR 92/4 - Søknad om deling etter jordlova § 12 - Framlegg til vedtak

Framlegg 1

3–2 · vedteke Utvalsleiar på vegne av Herdis Helle (AP), Johannes Haugland (SP) og Ragnar Tyssebotn (FrP)
Vis heile framlegget
  • I medhald av jordlova §12 og gjeldande delegasjonsreglement gir Plan- og kommunalteknisk utval i Osterøy kommune løyve til frådeling av ein teig frå gbnr 92/4. Det vert synt til søknad journalført 15.07. 2024. Teigen det vert gitt løyve til frådeling for er den som er omtalt som «Restareal (gul farge)» i søknaden, men ikkje den teigen som ligg på sjøsida av fylkesvegen (i Mjøsvågen). I tillegg vert det gitt løyve til frådeling av eventulet anna areal på gbnr 92/4 som er omregulert til næringsareal. Det vert gitt avslag på frådeling av øvrig areal, medrekna dei delane av eigedommen som er omtalt som Teig A og Teig B. Eventuelle rettar (realservitutt) og lunnende som høyrer til gbnr. 92/4 fylgjer ikkje med i frådelinga av restareal og næringsareal, men vert liggande på attværande areal på gbnr 92/4 (som då i alle fall vil bestå av Teig A, Teig B og areal i Mjøsvågen).
  • Frådelingsvedtak vert treft på fylgjande vilkår, jf. jordlova § 12, femte ledd:
  • • Frådelt areal skal samanføyast med industrieigedommen (gbnr 92/16 eller gbnr 89/25?)
  • • Ved eventuelle behov for industriverksemda for vegrett/tilkomstrett og rett til vatn- og avlaupsledningar eller annan infrastruktur til den frådelte parsellen (energibrønn og rassikringsområdet, og eventuelle område regulert til næring), på gbnr 92/4, må naudsynte realservitutt tinglysast på sistnemde eigedom.
  • • Eventuelt areal på den frådelte parsellen som er fulldyrka i AR5 skal brukast til landbruksdrift gjennom jordleigeavtale med nabobruk i drift, fram til det eventuelt er omregulert eller det er gitt dispensasjon frå LNF-føremålet. Sjå kartvedlegg merka «Vedlegg 1 – Vilkår jordleige». Vilkåret gjeld for areal synt på kartvedlegget.
  • Med heimel i Forskrift om gebyr for behandling av konsesjons- og delingssaker § 2 vert det kravd kr 2000,- i gebyr for sakshandsaminga etter jordlova § 12. Søkar vil få brev med krav om gebyr for handsaminga, som skal vere betalt innan 30 dagar frå fakturadato. Med heimel i vilkårsføresegna i jordlova § 12, femte ledd vert det bestemt at samtykke til frådeling fell bort dersom:
  • 8. Deling av den frådelte parsellen ikkje er rekvirert innan 1.12. 2024.
  • 9. Det ikkje er søkt om naudsynt deling og eventuelle dispensasjonar etter plan- og bygningslova og gjeldande reguleringsplanar for den frådelte parsellen innan 1.12. 2024 eller
  • 10. Det ikkje er lagt fram avtale om sal av resterande del av gbnr. 92/4, medrekna eventuelle realservitutt og lunnende, til eitt eller fleire nabobruk i drift og søkt naudsynte løyve til dette etter jordlov, plan og bygningslov og konsesjonslov innan 1.12. 2024. Med at nabobruk skal vere i drift meiner plan- og kommunalteknisk utval i denne samanheng nabobruk som haustar innmark, nyttar foret, forvaltar utmark, held husdyr og har produksjonstilskot.
  • For det tilfellet samtykket til deling etter jordlova fell bort, ber plan- og kommunalteknisk utval kommunedirektøren førebu sak til snarleg oppfylling og gjennomføring av vilkår sett for konsesjonsvedtak for gbnr. 92/4 i 2009. Utvalet ber om at ei slik sak vert lagt fram for utvalet til orientering eller til vedtak seinast i mars 2025.
  • Grunngjeving for vedtaket:
  • Saka har delvis bakgrunn i fylgjande konsesjonsvedtak til Mjøs Metall treft av Osterøy kommune i 2007:
  • «Med det ein viser til rådmannen sin vurdering gjev Osterøy kommune med heimel i konsesjonslova av 28. november 2003 §§ 2 og 9 konsesjon til Mjøs Metallvarefabrikk AS på overtaking av «Hole», gnr. 92 bnr. 4 i Osterøy kommune på vilkår av at landbruksareala blir seld som tilleggsareal til nabobruk innan 01.01.2010 i samsvar med prisrundskriv M- 3/2002.» For å oppfylle konsesjonsvilkåra og gjennomført ei snarleg overdraging av den delen av gnr. 92 bnr 4 som Mjøs Metall ikkje har behov for til industriføremål og sikre dei sterke jordbruksomsyna som gjer seg gjeldande for gbnr 92/4, meiner plan- og kommunalteknisk utval at det mest føremålstenlege vil være å frådele arealet som i søknaden er omtalt som restareal (energibrønn og rassikringsområdet) med unntak av teigen på nedsida av fylkesvegen i Mjøsvågen. I tillegg kan frådelast eventuelt anna areal som er regulert til næringsareal. Øvrige delar av landbrukseigedommen blir då liggande att som ei samla eining/landbrukseigedom med tilhøyrande rettar og lunnende som seinare kan søkjast overført til nabobruk i drift, slik saksutgreiinga til konsesjonsvedtaket syner at vilkåret om nabobruk skal tolkast. Omsynet til industribedrifta er tilstrekkeleg ivaretatt ved at bedrifta får frådele det som eventuelt er omregulert til næringsføremål og det arealet som er aktuelt for energibrønnar, rassikring og hensynssoner. Omsyn til eventuelle landbruksinteresser på arealet det vert gitt løyve til å frådele, er tilstrekkeleg sikra gjennom vilkår om jordleige. Arealet det vert gitt løyve til å frådele er eit relativt tydeleg avgrensa og inneklemt areal der omsynet til industriverksemda gjer seg langt sterkare gjeldande enn interessene til jordbruket, og der fordelane med deling etter jordlova, samt dispensasjon frå arealføremålet og deling etter plan- og bygningslovgjevinga (Sjå sak 65/24), er klart større enn ulempene. Det vert synt til skriv frå Mjøs Metall av 14.07.2024 og den særskilte grunngjevinga for verksemda sine behov på dette arealet tatt inn i saksutgreiinga. Grunnen til at plan og bygningsutvalet gjer vedtaket om frådeling tidsavgrensa/set vilkår om overføring av resterande del av landbrukseigedommen til nabobruk i drift, er at det er lenge sidan konsesjonsvedtaket vart treft, at vedtaket no er gått ut og det er på overtid å sikre dei jordbruksinteressene som er knytt til gbnr 92/4. For det tilfellet samtykket til deling etter jordlova fell bort, ber plan- og kommunalteknisk utval, som det går fram av vedtaket over, kommunedirektøren om å førebu sak til snarleg oppfylling og gjennomføring av vilkår sett for konsesjonsvedtak for gbnr. 92/4 i 2009. Plan- og kommunalteknisk utval vil at arealet skal overdragast til nabobruk i drift. Etter det utvalet har fått opplyst, er det per no berre to nabobruk i drift i området. For å ivareta dei jordbrukspolitiske omsyna som lenge har vore skadelidande, er det sett frist for å legge fram slik sak for utvalet.

Utfall: vedteke · Presisjon: partifordeling · for: 3 · mot: 2

For 3

  • AP 1
  • FRP 1
  • SP 1

Mot 2

  • H 1
  • KRF 1

Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei. Opne protokollen (PDF)

PartiSideRøysterKjelde
APfor 1 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
FRPfor 1 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
SPfor 1 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
Hmot 1 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
KRFmot 1 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Kommunedirektøren si innstilling og fellesframlegg frå Ap, Frp og Sp vart sett opp mot kvarandre.
Fellesframlegg frå Ap, Frp og Sp vart vedteke, 3 røyster for fellesframlegget (Ap, Frp, og Sp) og 2 røyster for innstillinga til kommunedirektøren (Krf og H).

utleidd frå totalen · Sjå heile saklistesaka →

PS 73/24

Plan- og kommunalteknisk utval · 2024-10-24

Omgjering utan klage etter fvl § 35 første ledd av vedtak i sak PS 64/24: Landbrukssak GBNR 92/4 - Søknad om deling etter jordlova § 12

Framlegg 1

vedteke Utvalsleiar

Utvalsleiar kom med framlegg om å oppheve vedtaket.

Utfall: vedteke · Presisjon: samroystes

Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Forslaget frå utvalsleiar om å oppheve vedtak frå 02.10.2024 vart samrøystes vedteke.

Framlegg 2

4–1 · vedteke Herdis Helle (Ap), Johannes Haugland (Sp) og Ragnar Tyssebotn (FrP)
Vis heile framlegget
  • Plan og kommunalteknisk utval omgjer vedtak treft i møte 2. oktober 2024 i sak PS 64/24, jf.
  • forvaltningslova § 35 første ledd og treff slikt nytt vedtak:
  • I medhald av jordlova §12 og gjeldande delegasjonsreglement gir plan- og kommunalteknisk
  • utval i Osterøy kommune avslag på løyve til frådeling av to teigar frå gbnr. 92/4. Det vert
  • synt til søknad journalført 15.07. 2024.
  • Med heimel i Forskrift om gebyr for behandling av konsesjons- og delingssaker § 2 vert det
  • kravd kr 2000,- i gebyr for sakshandsaminga etter jordlova § 12. Søkar vil få brev med krav
  • om gebyr for handsaminga, som skal vere betalt innan 30 dagar frå fakturadato.
  • Dersom det ikkje er lagt fram avtale om sal av gbnr. 92/4 – eventuelt attverande del av
  • eigedommen dersom noko av arealet (energibrønnområdet) ved seinare vedtak får løyve til
  • frådeling etter jordlova og/eller plan og bygningslova – til eitt eller fleire nabobruk i drift og
  • søkt naudsynte løyve til dette etter relevant lovverk innan utløpet av mars 2025, skal
  • kommunedirektøren starte sak om oppfylling og gjennomføring av vilkår sett i
  • konsesjonsvedtaket. Plan- og kommunalteknisk utval skal haldast orientert.
  • Grunngjeving for vedtaket:
  • Saka har delvis bakgrunn i fylgjande konsesjonsvedtak til Mjøs Metall treft av Osterøy
  • kommune i 2007:
  • «Med det ein viser til rådmannen sin vurdering gjev Osterøy kommune med heimel i
  • konsesjonslova av 28. november 2003 §§ 2 og 9 konsesjon til Mjøs Metallvarefabrikk
  • AS på overtaking av «Hole», gnr. 92 bnr. 4 i Osterøy kommune på vilkår av at
  • landbruksareala blir seld som tilleggsareal til nabobruk innan 01.01.2010 i samsvar
  • med prisrundskriv M-3/2002.»
  • Konsesjonsvilkåret har vore forlenga ei rekke gonger. Slik plan- og kommunalteknisk utval
  • har forstått tidlegare orienteringar til utvalet, er fristen gått ut no, utan at det er søkt om
  • eller gitt ny frist.
  • Plan- og kommunalteknisk utval kan ikkje sjå at frådeling som omsøkt vil legge til rette for at
  • omsyna bak jordlova og konsesjonsvilkåret vert ivaretatt i tilstrekkeleg grad. Slik utvalet ser
  • det, vil det ikkje gje ein tenleg bruksstruktur i landbruket å dele teig A og teig B frå
  • landbrukseigedommen, heller ikkje om gards- og bruksnummeret 92/4 fylgjer med teigane.
  • Utvalet har ikkje tilstrekkelege opplysningar om kva som då vert liggande att på restarealet
  • hjå industribedrifta. Det gjeld til dømes for teigen på nedsida av fylkesvegen i Mjøsvågen.
  • Der kan gbnr 92/4 – utan at utvalet har konkrete opplysningar om at det faktisk er slik – ha
  • naust-, tilflotts- eller båtfesterettar. Dei kan det verte vanskeleg å nytte fullt ut dersom
  • eigedomsretten til denne teigen, og eventuelle bygingar eller anlegg der, vert liggande att i
  • industribedrifta og ikkje på garden. Utvalet meiner at landbrukseigedommen, fram til det er
  • klart kva nabobruk i drift som skal overta den, bør verte verande som ein samla eigedom
  • med rettar og lunnende. Dette med unntak av areal til energibrønnar, rassikring og
  • omsynssone.
  • Dersom Mjøs Metall vil halde fram å eige areal til energibrønnar, rassikring og omsynssone –
  • noko utvalet ser at industribedrifta har stort behov for etter å ha vore på synfaring – vil det
  • som best sikrar jordbruket vere å søke dette arealet frådelt og samanføyd med
  • industribedrifta. Utvalet tek ikkje stilling til om det ved ein slik søknad også vil vere naudsynt
  • å søke om omdisponering etter jordlova § 9. Det er mogeleg at eit alternativ kan vere å
  • behalde dette som eit LNF-område fordi dei landbrukspolitiske interessene som knyter seg
  • til denne ‘teigen’ kan sikrast tilstrekkeleg på annan måte, eksempelvis gjennom
  • jordleigeavtale. Det må eventuelt gjerast greie for i seinare søknad og saksutgreiing. For det
  • tilfellet at det blir søkt om frådeling om teigen i Mjøsvågen, må det også gjerast naudsynte
  • vurderingar i saksutgreiing opp mot jordlov og konsesjonsvilkår av denne.
  • Grunnen til at plan- og kommunalteknisk utval ber kommunedirektøren førebu sak til
  • oppfylling og gjennomføring av vilkår sett i konsesjonsvedtaket, dersom det ikkje er lagt
  • fram avtale om sal av gbnr. 92/24 til nabobruk i drift m.m. innan utløpet av mars 2025, er at
  • det er lenge sidan konsesjonsvedtaket vart treft, at tidsfristen no er gått ut og det er på
  • overtid å sikre dei jordbruksinteressene som er knytt til gbnr 92/4. Etter det utvalet kjenner
  • til, er det per no berre to nabobruk i drift i området og dei har begge gitt uttrykk for at dei
  • treng meir produksjonsareal

Utfall: vedteke · Presisjon: partifordeling · for: 4 · mot: 1

For 4

  • AP 2
  • FRP 1
  • SP 1

Mot 1

  • H 1

Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei. Opne protokollen (PDF)

PartiSideRøysterKjelde
APfor 2 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
FRPfor 1 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
SPfor 1 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
Hmot 1 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Johannes Borge sitt forslag og fellesframlegget frå Ap, Frp og Sp vart sett opp mot kvarandre.
Fellesframlegget frå Ap, Frp og Sp vart vedteke, 4 røyster for fellesframlegget (Ap, Ap, Frp, og Sp) og 1 røyst for framlegget til Johannes Borge (H).

Framlegg 3

1–4 · falt Johannes Borge (H)
Vis heile framlegget
  • «I medhald av jordlova § 12 og gjeldande delegasjonsreglement gir Plan- og
  • kommunalteknisk utval i Osterøy kommune løyve til frådeling av to teigar frå gbnr. 92/4 i
  • samsvar med søknad journalført motteke 15.07.2024
  • Vilkår, jf. jordlova § 12, 5. ledd:
  • 1. Gards- og bruksnummeret 92/4 skal følgje med dei to frådelte teigane
  • 2. Frådelt areal skal overførast som tilleggsareal til nabobruk i samsvar med vilkår for
  • konsesjon sett av formannskapet i vedtak av 25.02.2009
  • 3. Attverande areal av 92/4 på Mjøs Metall sin eigedom skal få nytt gards- og
  • bruksnummer eller overførast som tilleggsareal til eksisterande gards- og
  • bruksnummer med Mjøs Metall som heimelshavar
  • 4. Attverande areal av 92/4 som er registrert som fulldyrka i AR5 innanfor
  • reguleringsplanen sitt område L1, skal nyttast til landbruksdrift gjennom avtale
  • med nabobruket som overtar areal i samsvar med vilkår 2 over, jf. kartvedlegg
  • merka "Vedlegg 1 – Vilkår jordleige". Vilkåret gjeld til areal vist på kartvedlegget
  • eventuelt vert godkjent brukt til anna føremål enn landbruk, enten gjennom
  • vedtak om endra bruk, ny arealplan eller dispensasjon frå LNF-føremålet
  • Dersom deling ikkje er rekvirert innan tre år etter at samtykke til deling er gitt, fell
  • samtykket bort, jf. jordlova § 12, 8. avsnitt. Grunngjevinga for vedtaket går fram av
  • saksutgreiing og vurdering nedanfor.
  • Med heimel i Forskrift om gebyr for behandling av konsesjons- og delingssaker § 2 vert det
  • krevd kr. 2.000,- i gebyr for sakshandsaming etter jordlova § 12. Søkar vil få tilsendt krav
  • på gebyr for handsaminga, som skal vere betalt innan 30 dagar frå fakturadato».

Utfall: falt · Presisjon: partifordeling · for: 1 · mot: 4

For 1

  • H 1

Mot 4

  • AP 2
  • FRP 1
  • SP 1

Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei. Opne protokollen (PDF)

PartiSideRøysterKjelde
Hfor 1 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
APmot 2 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
FRPmot 1 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
SPmot 1 følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Johannes Borge sitt forslag og fellesframlegget frå Ap, Frp og Sp vart sett opp mot kvarandre.
Fellesframlegget frå Ap, Frp og Sp vart vedteke, 4 røyster for fellesframlegget (Ap, Ap, Frp, og Sp) og 1 røyst for framlegget til Johannes Borge (H).

utleidd frå totalen · Sjå heile saklistesaka →

PS 9/25

Plan- og kommunalteknisk utval · 2025-02-04

GBNR. 92/4 - Klage på avslag etter jordlova § 12

Framlegg 1

3–2 · vedteke Herdis Helle (Ap), Johannes Haugland (Sp) og Ruben Nilsen (Frp)
Vis heile framlegget
  • Klagen vert ikkje tatt til fylgje. Saka vert sendt Statsforvaltaren i Vestland for vidare handsaming.
  • Grunngjeving:
  • I brev av 25. november 2024 påklaga Mjøs Metall Osterøy kommune sitt vedtak av 24. oktober 2024 i sak PS 73/24 . Det vart gjort gjeldande at avslaget på frådeling er i strid med jordlova og konsesjonsvilkåret og ugyldig på grunn av sakshandsamings- og rettsanvendelsesfeil. Kommunedirektøren deler denne oppfatninga. Sjå e-postutvekslingar med utvalet v/ utvalsleiar av 29. og 30. januar 2025 og 31. januar til 3. februar 2025. Utvalet vurderer på si side at avslaget er gyldig og ser heller ikkje andre grunnar til å treffe nytt og endra vedtak.
  • Slik utvalet forstår det, er klagar av den oppfatninga at konsesjonsvedtaket og gjeldande plan- og reguleringsstatus i Mjøsvågen gjev verksemda eit rettskrav på å få behalde naustteigen/teigen på nedsida av fylkesvegen. Klagar meiner difor det var eit ulovleg omsyn når kommunen – som ein del av grunngjevinga for å avslå samtykke til frådeling av teig A og B – synte til at det kunne være uheldig om naust og eventuelle tilflotts- og båtfesterettar o. l. hamna på ulike eigedommar. Vidare synes klagar å meine at plan- og reguleringsstatus stengjer for at naustteigen kan overførast til (andre) landbrukseigedommar. Utvalet har vanskar med å fylgje denne argumentasjonsrekkja, og kan uansett ikkje sjå at ho medfører at avslagsvedtaket er ugyldig.
  • Dersom klagar ynskjer å behalde både «energibrønnområdet» og «naustteigen», må det sendast ny frådelingssøknad og ny søknad om oppretting av ny matrikkel/grunneigedom på dei delene av eigedommen Mjøs Metall vil behalde og eventuelt meiner å ha rettskrav på å behalde. Vi vil i tilfelle rå klagar til å innrette søknaden slik at areal som ikkje trengs til industrielle føremål kan seljast til nabobruk i drift så raskt som råd, jf. jordlova § 12, 8. ledd. Utvalet meiner at det er på tide at dette arealet blir brukt til å styrke næringsgrunnlaget til dei som har yrket sitt i landbruket.
  • Utvalet har ikkje tilstrekkelege opplysningar – eksempelvis oppmålingsforretningar i kjølvatnet av grunnerverva til Statens Vegvesen, utskiljing av garasjetomt og hyttetomt etc frå gbnr 92/4 – til å ta stilling til om eigedommen var av ein slik storleik at det låg føre konsesjonsplikt då Mjøs Metall kjøpte han. Vi ser difor ikkje grunn til å gå nærmare inn på dette.

Utfall: vedteke · Presisjon: berre totaltal — protokollen seier ikkje kven som røysta kva · for: 3 · mot: 2

For 3

  • ikkje fordelt 3

Mot 2

  • ikkje fordelt 2

Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Framlegg til vedtak frå Johannes O Borge (H) vart satt opp mot fellesforslag frå Ap, Sp og Frp.
Fellesforslag frå Ap, Sp og Frp vart vedteke med 3 stemmer for og 2 stemmer for forslaget frå Johannes O Borge (H).

Framlegg 2

2–3 · falt Johannes O Borge (H)
Vis heile framlegget
  • Klagen blir tatt til følge. Utvalet vedtek opprinnelig innstilling frå kommunedirektøren frå møtet 2/10-24:
  • «I medhald av jordlova § 12 og gjeldande delegasjonsreglement gir Plan- og kommunalteknisk utval i Osterøy kommune løyve til frådeling av to teigar frå gbnr. 92/4 i samsvar med søknad journalført motteke 15.07.2024 Vilkår, jf. jordlova § 12, 5. ledd: 1.Gards- og bruksnummeret 92/4 skal følgje med dei to frådelte teigane 2.Frådelt areal skal overførast til som tilleggsareal til nabobruk i samsvar med vilkår for konsesjon sett av formannskapet i vedtak av 25.02.2009 3.Attverande areal av 92/4 på Mjøs Metall sin eigedom skal få nytt gards- og bruksnummer eller overførast som tilleggsareal til eksisterande gards- og bruksnummer med Mjøs Metall som heimelshavar 4.Attverande areal av 92/4 som er registrert som fulldyrka i AR5 innanfor reguleringsplanen sitt område L1, skal nyttast til landbruksdrift gjennom avtale med nabobruket som overtarareal i samsvar med vilkår 2 over, jf. kartvedlegg merka "Vedlegg 1 – Vilkår jordleige". Vilkåret gjeld til areal vist på kartvedlegget eventuelt vert godkjent brukt til anna føremål enn landbruk, enten gjennom vedtak om endra bruk, ny arealplan eller dispensasjon frå LNF-føremålet Dersom deling ikkje er rekvirert innan tre år etter at samtykke til deling er gitt, fell samtykket bort, jf. jordlova § 12, 8. avsnitt. Grunngjevinga for vedtaket går fram av saksutgreiing og vurdering nedanfor.

Utfall: falt · Presisjon: berre totaltal — protokollen seier ikkje kven som røysta kva · for: 2 · mot: 3

For 2

  • ikkje fordelt 2

Mot 3

  • ikkje fordelt 3

Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.

Råtekst frå protokollen: protokollen (PDF)

Framlegg til vedtak frå Johannes O Borge (H) vart satt opp mot fellesforslag frå Ap, Sp og Frp.
Fellesforslag frå Ap, Sp og Frp vart vedteke med 3 stemmer for og 2 stemmer for forslaget frå Johannes O Borge (H).

· Sjå heile saklistesaka →

RS 22/25

Plan- og kommunalteknisk utval · 2025-06-11

92/4 - Vedtak i klagesak som gjelder deling etter jordloven

Ingen voteringar registrerte for denne handsaminga.

· Sjå heile saklistesaka →