Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
PS 10/25 92/4 - Søknad om dispensasjon for frådeling av 2 teigar - handsaming av klage
3–2 · vedtekeHerdis Helle (Ap), Johannes Haugland (Sp) og Ruben Nilsen (Frp)
Vis heile framlegget
Klagen vert ikkje tatt til fylgje. Avslag på frådeling/oppretting av matrikkeleining på to teigar (A og B) og avslag på dispensasjon for teig B vert oppretthalden. Saka vert sendt Statsforvaltaren i Vestland for vidare handsaming, jf. pbl § 1-9 jf. fvl § 33. Grunngjeving:
Klagen er grunngitt med at dei påståtte ugyldiggrunnane som heftar ved vedtak av 24. oktober 2024 i sak PS 73/24 medfører at også vedtaket om å avslå frådeling/oppretting av ny matrikkeleining på to teigar (A og B) og nekte dispensasjon for deler av den eine teigen (B) er ugyldig.
Utvalet meiner, som det går fram av sak PS 9/25 at vedtaket i sak PS 73/24 er gyldig og har ikkje tatt klagen til fylgje. Vi kan på den bakgrunnen ikkje sjå at klagen på vedtaket etter plan og bygningslova kan føre fram. Det er ikkje berekraftig samfunnsutvikling å gje løyve til oppretting av nye matrikkeleiningar eller dispensasjonar med sikte på tiltak som uansett ikkje kan gjennomførast på grunn av manglande samtykke til deling etter jordlova, jf. pbl § 1-1.
Utvalet er forøvrig usikker på om det vil vere naudsynt med ein dispensasjon for å overføre den vesle delen av teig B som ligg i byggjeområde bustad til ein (annan) landbrukseigedom saman med resterande deler av gbnr 92/4. Det harmonerer i alle høve dårleg med det som var kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak i jordlovsaka på same eigedom. Der gjekk innstillinga ut på at teig A og B skulle behalde gbnr 92/4 og rettar og lunnende ville bli liggande på garden. Der vil det være øvrige teigar på garden (naustteigen og energibrønnområdet) som vil få nye gards- og bruksnummer og som eventuelt ville ha måtte blitt vurdert for eventuelle dispensasjonar etter plan- og bygningslova. Vi antar at Statsforvaltaren vil kunne rettleie klagar nærmare om dette.
Utfall: vedteke · Presisjon: berre totaltal — protokollen seier ikkje kven som røysta kva
· for: 3
· mot: 2
For3
ikkje fordelt 3
Mot2
ikkje fordelt 2
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Framlegg til vedtak frå Johannes O Borge (H) vart satt opp mot fellesforslag frå Ap, Sp og Frp.
Fellesforslag frå Ap, Sp og Frp vart vedteke med 3 stemmer for og 2 stemmer for forslaget frå Johannes O Borge (H).
Framlegg 2
2–3 · faltJohannes O Borge (H)
Klagen blir tatt til følge. Utvalet vedtek opprinnelig innstilling frå kommunedirektøren frå møtet 2/10-24.
Utfall: falt · Presisjon: berre totaltal — protokollen seier ikkje kven som røysta kva
· for: 2
· mot: 3
For2
ikkje fordelt 2
Mot3
ikkje fordelt 3
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Framlegg til vedtak frå Johannes O Borge (H) vart satt opp mot fellesforslag frå Ap, Sp og Frp.
Fellesforslag frå Ap, Sp og Frp vart vedteke med 3 stemmer for og 2 stemmer for forslaget frå Johannes O Borge (H).