Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
PS 11/25 GBNR. 89/2 - Klage på avslag etter jordlova § 12
3–2 · vedtekeHerdis Helle (Ap), Johannes Haugland (Sp) og Ruben Nilsen (Frp)
Vis heile framlegget
Klagen vert ikkje tatt til fylgje. Saka vert sendt Statsforvaltaren i Vestland for vidare handsaming av Osterøy kommune sitt vedtak av 24. oktober 2024 i sak 71/24 . Grunngjeving
I brev av 25. november 2024 klaga Mjøs Metall på Osterøy kommune sitt vedtak av 24. oktober 2024 i sak 71/24 . Det er gjort gjeldande at avslaget på samtykke til deling etter jordlova § 12 er ugyldig på grunn av feil sakshandsaming og feil rettsbruk/lovforståing. Utvalet er ikkje samd med at det er gjort slike feil. Som sagt i det påklaga vedtaket gav ikkje søknaden utvalet tilstrekkelege opplysningar til å vurdere om gbnr 89/2 og gbnr 91/2 ville bli driven forsvarleg som ein landbrukseigedom etter samanslåinga, slik konsesjonsvilkåret krev. At Øystein Hole har søkt tilskot for å drive jorda på gbnr 91/2 i 2023 og 2024 og at Jan Sigurd Thomassen hadde slikt tilskot for gbnr 89/2 i 2023, endrar ikkje på det. Slik utvalet ser det, er saka på det noværande tidspunktet difor ikkje tilstrekkeleg opplyst til at det kan gjevast samtykke til frådeling av tunet på gbnr 89/2.
Utvalet har ikkje instruert kommunedirektøren til å omgjere konsesjonsvedtaket. Vi har bedt kommunedirektøren vurdere om omgjering kan vere aktuelt for det tilfellet ‘bruket ikkje vil kome i aktiv landbruksdrift att gjennom ei samanslåing med gbnr. 91/2. Utvalet ynskjer at gbnr 89/2 skal brukast til å styrke næringsgrunnlaget til dei som har yrket sitt i landbruket. Det er ikkje utelukka at dette kan skje gjennom ei samanslåing med 91/2, men utvalet treng fleire opplysningar for å ta stilling til det. Vi antar at Statsforvaltaren vil kunne rettleie klagar, og eventuelt eigar av gbnr 91/2, nærmare om dette. Det bør også gjevast rettleiing om korleis konsesjonsvilkåret om 5 års driveplikt skal tolkast når det ikkje lenger gjeld ei 5 års tidsavgrensing etter gjeldande konsesjonslov.
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
Framlegg til vedtak frå Johannes O Borge (H) vart satt opp mot fellesforslag frå Ap, Sp og Frp.
Fellesforslag frå Ap, Sp og Frp vart vedteke med 3 stemmer for og 2 stemmer for forslaget frå Johannes O Borge (H) og Kari Mjøs (Krf).
Framlegg 2
2–3 · faltJohannes O Borge (H)
Klagen blir tatt til følge. Utvalet vedtek opprinnelig innstilling frå kommunedirektøren frå møtet 2/10-24.
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
Framlegg til vedtak frå Johannes O Borge (H) vart satt opp mot fellesforslag frå Ap, Sp og Frp.
Fellesforslag frå Ap, Sp og Frp vart vedteke med 3 stemmer for og 2 stemmer for forslaget frå Johannes O Borge (H) og Kari Mjøs (Krf).