Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
PS 9/25 GBNR. 92/4 - Klage på avslag etter jordlova § 12
3–2 · vedtekeHerdis Helle (Ap), Johannes Haugland (Sp) og Ruben Nilsen (Frp)
Vis heile framlegget
Klagen vert ikkje tatt til fylgje. Saka vert sendt Statsforvaltaren i Vestland for vidare handsaming.
Grunngjeving:
I brev av 25. november 2024 påklaga Mjøs Metall Osterøy kommune sitt vedtak av 24. oktober 2024 i sak PS 73/24 . Det vart gjort gjeldande at avslaget på frådeling er i strid med jordlova og konsesjonsvilkåret og ugyldig på grunn av sakshandsamings- og rettsanvendelsesfeil. Kommunedirektøren deler denne oppfatninga. Sjå e-postutvekslingar med utvalet v/ utvalsleiar av 29. og 30. januar 2025 og 31. januar til 3. februar 2025. Utvalet vurderer på si side at avslaget er gyldig og ser heller ikkje andre grunnar til å treffe nytt og endra vedtak.
Slik utvalet forstår det, er klagar av den oppfatninga at konsesjonsvedtaket og gjeldande plan- og reguleringsstatus i Mjøsvågen gjev verksemda eit rettskrav på å få behalde naustteigen/teigen på nedsida av fylkesvegen. Klagar meiner difor det var eit ulovleg omsyn når kommunen – som ein del av grunngjevinga for å avslå samtykke til frådeling av teig A og B – synte til at det kunne være uheldig om naust og eventuelle tilflotts- og båtfesterettar o. l. hamna på ulike eigedommar. Vidare synes klagar å meine at plan- og reguleringsstatus stengjer for at naustteigen kan overførast til (andre) landbrukseigedommar. Utvalet har vanskar med å fylgje denne argumentasjonsrekkja, og kan uansett ikkje sjå at ho medfører at avslagsvedtaket er ugyldig.
Dersom klagar ynskjer å behalde både «energibrønnområdet» og «naustteigen», må det sendast ny frådelingssøknad og ny søknad om oppretting av ny matrikkel/grunneigedom på dei delene av eigedommen Mjøs Metall vil behalde og eventuelt meiner å ha rettskrav på å behalde. Vi vil i tilfelle rå klagar til å innrette søknaden slik at areal som ikkje trengs til industrielle føremål kan seljast til nabobruk i drift så raskt som råd, jf. jordlova § 12, 8. ledd. Utvalet meiner at det er på tide at dette arealet blir brukt til å styrke næringsgrunnlaget til dei som har yrket sitt i landbruket.
Utvalet har ikkje tilstrekkelege opplysningar – eksempelvis oppmålingsforretningar i kjølvatnet av grunnerverva til Statens Vegvesen, utskiljing av garasjetomt og hyttetomt etc frå gbnr 92/4 – til å ta stilling til om eigedommen var av ein slik storleik at det låg føre konsesjonsplikt då Mjøs Metall kjøpte han. Vi ser difor ikkje grunn til å gå nærmare inn på dette.
Utfall: vedteke · Presisjon: berre totaltal — protokollen seier ikkje kven som røysta kva
· for: 3
· mot: 2
For3
ikkje fordelt 3
Mot2
ikkje fordelt 2
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Framlegg til vedtak frå Johannes O Borge (H) vart satt opp mot fellesforslag frå Ap, Sp og Frp.
Fellesforslag frå Ap, Sp og Frp vart vedteke med 3 stemmer for og 2 stemmer for forslaget frå Johannes O Borge (H).
Framlegg 2
2–3 · faltJohannes O Borge (H)
Vis heile framlegget
Klagen blir tatt til følge. Utvalet vedtek opprinnelig innstilling frå kommunedirektøren frå møtet 2/10-24:
«I medhald av jordlova § 12 og gjeldande delegasjonsreglement gir Plan- og kommunalteknisk utval i Osterøy kommune løyve til frådeling av to teigar frå gbnr. 92/4 i samsvar med søknad journalført motteke 15.07.2024 Vilkår, jf. jordlova § 12, 5. ledd: 1.Gards- og bruksnummeret 92/4 skal følgje med dei to frådelte teigane 2.Frådelt areal skal overførast til som tilleggsareal til nabobruk i samsvar med vilkår for konsesjon sett av formannskapet i vedtak av 25.02.2009 3.Attverande areal av 92/4 på Mjøs Metall sin eigedom skal få nytt gards- og bruksnummer eller overførast som tilleggsareal til eksisterande gards- og bruksnummer med Mjøs Metall som heimelshavar 4.Attverande areal av 92/4 som er registrert som fulldyrka i AR5 innanfor reguleringsplanen sitt område L1, skal nyttast til landbruksdrift gjennom avtale med nabobruket som overtarareal i samsvar med vilkår 2 over, jf. kartvedlegg merka "Vedlegg 1 – Vilkår jordleige". Vilkåret gjeld til areal vist på kartvedlegget eventuelt vert godkjent brukt til anna føremål enn landbruk, enten gjennom vedtak om endra bruk, ny arealplan eller dispensasjon frå LNF-føremålet Dersom deling ikkje er rekvirert innan tre år etter at samtykke til deling er gitt, fell samtykket bort, jf. jordlova § 12, 8. avsnitt. Grunngjevinga for vedtaket går fram av saksutgreiing og vurdering nedanfor.
Utfall: falt · Presisjon: berre totaltal — protokollen seier ikkje kven som røysta kva
· for: 2
· mot: 3
For2
ikkje fordelt 2
Mot3
ikkje fordelt 3
Ingen partifordeling registrert — sjå råteksten under.
Framlegg til vedtak frå Johannes O Borge (H) vart satt opp mot fellesforslag frå Ap, Sp og Frp.
Fellesforslag frå Ap, Sp og Frp vart vedteke med 3 stemmer for og 2 stemmer for forslaget frå Johannes O Borge (H).