Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
Framlegg 1
2–3 · falt
Herdis Helle (Ap)
Vis heile framlegget
- PKU innstiller på at
- 1) Heradsstyret sender saka/planframlegget attende til ny handsaming, jf. pbl § 12-12 første ledd, fjerde punktum
- 2) Heradstyret gjev fylgjande retningsliner for det vidare arbeidet med planen, jf. pbl § 12-12 første ledd, femte punktum:
- a) Vurdere å endre byggegrensa til fylkesvegen frå 25 meter til 30 meter i plankartet.
- b) Vurdere å legge inn krysningspunkt for fotgjengarar over fylkesveg på plankartet
- c) Vurdere å legge inn rekkefylgjekrav i føresegnene på at fortau langs fylkesveg frå Hodlebrautsvegen forbi Opro til bussterminalen skal vere ferdigsstilt før mellombels bruksløyve.
- d) Vurdere å legge inn rekkefylgjekrav i føresegnene på at fortau langs fylkesveg mot Lonevåg heilt til enden av butikktomten/planområdet skal vere ferdigsstilt før mellombels bruksløyve.
- e) Vurdere å legge inn rekkefylgjekrav i føresegnene om at skråningar mot Hodlebrautsvegen og fylkesvegen skal såast i/beplantast, slik situasjonplan og illustrasjonar syner, før mellombels bruksløyve.
- Grunngjeving:
- Tomten som skal regulerast ligg i eit område med store trafikale utfordringar for mjuke trafikantar og som er skuleveg. Tiltaket vil føre til betydeleg auke i biltrafikken. Det er viktig at betre infrastruktur for fotgjengarar er på plass før det vert gitt mellombels bruksløyve. Det gjeld både krysningspunkt over fylkesveg og fortau frå busshaldeplass/Osterøytunet til butikktomten.
- For å avgrense mogeleg overvannsproblematikk mot kommunal veg og fylkesveg, og for å få ein god estetikk, er det dessutan sentralt at skråningar mot fylkesveg og kommunal veg blir sådd i/beplanta før mellombels bruksløyve.
- Tomten ligg i eit område der Osterøy kommune – i framlegget til ny KPA – signaliserer at det skal leggast ut nye store sentrumsareal. Det ligg også inne framlegg i KPA om at det skal etablerast ei gangbru i enden av Hodlebrautsvegen og over til den nye Strilaparket der det er opna for nye bustader og idrettsanlegg med 5000 sitjeplassar. Dette vil genererer ytterlegare trafikale utfordringar i området og det må setjast av tilstrekkeleg byggegrense mot fylkesveg og langs kommunal veg for å ta høgde for framtidige veganlegg. Det kan i framtida verte behov både for etablering av rundkøyring, utviding av fylkesveg og tosidig fortau langs Hodlebrautvegen. Det er difor behov for at byggegrensa mot fylkesveg vert sett til 30 meter og byggegrensa mot den kommunale vegen blir sett til 15 meter for å sikre framtidige arealbehov til trafikal infrastruktur.
Utfall: falt · Presisjon: partifordeling
· for: 2
· mot: 3
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
| Parti | Side | Røyster | Kjelde |
| AP | for |
1 |
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet |
| SP | for |
1 |
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet |
| FRP | mot |
1 |
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet |
| H | mot |
1 |
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet |
| KRF | mot |
1 |
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet |
Råtekst frå protokollen:
protokollen (PDF)
Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak vart sett opp mot punkt 1 i framlegget til Herdis Helle (Ap).
Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak vart vedteke med 3 røyster for (Frp, Krf, H) og 2 røyster for(Ap, Sp) punkt 1 frå Herdis Helle (Ap). Det var etter dette ikkje aktuelt å røyste over del 2 av Herdis Helle sitt framlegg.