Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
PS 62/25 89/2 - Klage på avslag etter jordlova § 12 - Ny handsaming
Frådelingsvedtaket vert gjort på vilkår av at det vert dokumentert at gbnr 91/2 er i aktiv drift.
Grunngjeving:
Ein landbrukseigedom som skal drivast godt må normalt ha våningshus og driftsbygning. Nasjonale føringar legg imidlertid til rette for at frådeling av tun på små og mellomstore bruk kan tillatast når resterande areal vert selt som tilleggsareal til aktive brukarar og salet fører til ei driftsmessig god løysing.
Det vil vere uheldig for landbruket og arealressursane om kommunen opnar for ein praksis med å dele i frå gardstun med føremål om å overdra inn- og utmarka til nedlagde gardsbruk. Tillet kommunen dette i denne saka, må vi opne for det i seinare saker også. Ein slik praksis kan på sikt verte skadeleg for jordbruket i kommunen. At jorda vert drive aktivt er viktig for forvaltninga av arealressursane. For dei få som framleis har yrket sitt i landbruket, er det dessutan stor etterspurnad både etter slåttemark og innmarksbeite. Det er også tilfelle i Hosanger/Mjøsdalen der gbnr 91/2 og gbnr 89/2 ligg.
I denne saka har det vore omstridd om gbnr 91/2 er eit nedlagt bruk eller eit bruk i aktiv drift. Det er på det reine at eigar ikkje driv/har produksjonstilskot sjølv. Det kan truleg heller ikkje stillast opp som krav for å få løyve til frådeling av tun etter jordlova § 12. Til samanlikning opnar jordlova for at driveplikt kan oppfyllast gjennom bortleige av dyrkajord og innmarksbeite. Dei nærmare vilkåra for dette går fram av jordlova § 8 andre ledd. Etter det utvalet har fått opplyst, frå Mjøs Metall og Eimund Øvsthus, har dyrkajorda på gbnr 91/2 vore bortleigd til Øystein Hole som er bonde på eit nærliggande bruk i om lag 15 år. Øystein Hole leiger også på gbnr 89/2. I fylgje Eimund Mjøs er det planar om å vidareføre dette. Øystein Hole har ikkje uttalt seg. Gjeldande jordleigeavtale på gbnr 91/2 er ikkje ein del av saksdokumenta og utvalet kjenner ikkje det nærmare innhaldet av denne. Slik vi forstår saksutgreiinga er heller ikkje denne eller tidlegare leigeavtalar sendt til/eller lagt fram for kommuneadministrasjonen.
Utvalet manglar dermed grunnlag for å ta stilling til om frådeling som omsøkt vil gje ein tenleg bruksstruktur med godt vern om arealressursane og gode driftsmessige løysingar. Dette må kommunedirektøren bringe på det reine gjennom å få dokumentert gjeldande jordleigeavtale. Utvalet overlet til kommunedirektøren å setje ein passande tidsfrist for partane til å levere naudsynt dokumentasjon og å kontrollere dokumentasjonen opp mot vilkåret om at gbnr 91/2 skal vere i aktiv drift.
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
Parti
Side
Røyster
Kjelde
AP
for
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
FRP
for
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
H
mot
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
SP
mot
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
U
mot
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet