Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
PS 7/26 43/1 - Søknad om samtykke til deling etter jordlova
Plan- og kommunalteknisk utval innstiller formannskapet til å treffe slikt vedtak:
Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak: 03.02.2026 "Kommunen gjev ikkje samtykke til frådeling av tunparsell og sal av resteigedomen til gbnr. 43/3 som tilleggsareal, slik det er søkt om. Søknad journalført motteke 17.06.25 vert avslått.
Vedtaket er gjort med heimel i jordlova §§ 9 og 12.
Grunngjevinga for vedtaket går fram av kommunedirektøren si saksutgreiing, samt av supplerande merknader under.
Grunngjeving
Normalt er det kommunedirektøren som treff vedtak i saker etter jordlova om omdisponering og frådeling i første instans. Plan- og kommunalteknisk utval treff vedtak i klagesaker. Kommunedirektøren har likevel valt å legge denne saka fram for avgjerd i utvalet som første instans. Bakgrunnen er at kommunedirektøren ser på saka som prinsipiell og med vurderingar av politisk karakter.
Forslagsstillarane meiner plan- og kommunalteknisk utval her bør innstille til formannskapet, heller enn å treffe vedtak sjølv. Av Reglement for plan- og kommunalteknisk utval § 2 siste punktum går det fram at utvalet bør leggje fram enkeltsaker av prinsipiell karakter for formannskapet til endeleg avgjerd.
Forslagsstillarane meiner at så langt det ligg innanfor handlingsrommet i jordlova, bør kommunen gjennom si skjønnsutøving legge til rette for at jord som elles vert leigd bort vert overført til eige til aktive bønder. (Sjå s. 26 i rundskriv M-2/2021 Driveplikt, omdisponering og deling etter jordlova.)
Vi meiner det er ein slik politikk som best vil oppretthalde kunnskapen om matproduksjon og legge til rette for at jord- og husdyrhald vert halde i hevd i kommunen. Eit prinsippvedtak i denne saka vil synleggjere at dette er ei linje som vil bli søkt forfylgt også i framtidige saker og skape grunnlag for likebehandling.
Uavhengig av kva utfall denne saka får i formannskapet, bør ho etter forslagsstillarane sitt syn fylgjast opp med ein ny kommunal rettleiar for jordlovssaker om omdisponering, deling og driveplikt. Kommunen sine retningsliner for dette saksområdet er forelda og ikkje oppdaterte med ny lovgjeving og nye nasjonale retningsliner. Vi henstiller til formannskapet om å be kommunedirektøren prioritere arbeidet med nye kommunale retningsliner, og legge dei fram for heradsstyret til vedtak.
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
Parti
Side
Røyster
Kjelde
AP
for
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
FRP
for
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
SP
for
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
H
mot
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
U
mot
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
Votering:
Fellesframlegg frå Ap, Frp og Sp vart sett opp mot Johannes O Borge(H) sitt framlegg.
Fellesframlegg frå Ap, Frp og Sp vart vedteke med 3 røyster for( Ap, Sp,Frp) og 2 røyster for Johannes O Borge (H) sitt framlegg (U, H).
Framlegg 2
2–3 · faltJohannes O Borge (H)
Kommunen gjev samtykke til frådeling av tunparsell og sal av resteigedomen til gbnr. 43/3 som tilleggsareal, slik det er søkt om.