Maskinelt utlese med KI frå Osterøy sine offentlege møteprotokollar.
Dette er eit uttrekk under utprøving, ikkje ein protokoll: det inneheld
feil, og tal må kontrollerast mot kjelda før dei blir brukte.
Kor sikre tala er
PS 36/26 Avklaring av planinitiativ - Espevoll næringsområde del 2
1) Heradsstyret tek planinitiativet for detaljregulering av Espevoll næringsområde del 2 til orientering, og legg til grunn at planarbeidet kan startast opp.
2) Vidare planarbeid skal byggje på gjeldande områderegulering for Espevoll.
3) I det vidare planarbeidet skal det særskilt avklarast og dokumenterast: Trafikkgenerering og trafikktryggleik, tilkomst og intern infrastruktur, naturmangfald og myr/karbonrike areal, massehandtering, VAO og overvatn, støy i anleggs- og driftsfasen og eventuelle rekkefylgjekrav for lokale- og områdeinterne tiltak.
4) Vedtaket er ei prosessavklaring av planinitiativet. Det er ikkje ei endeleg avklaring av planløysing, arealbruk, utnytting eller innhald i framtidige føresegner. Endeleg standpunkt blir teke ved politisk handsaming av planframlegget etter høyring og offentleg ettersyn.
Grunngjeving:
Ei eventuell fjerning eller endring av rekkefylgjekrav på utbetring av Vesetgjelet bør avklarast i samband med handsaming av KPA og sjåast i samanheng med anna næringsutvikling/trafikal utvikling i kommunen. Det vil verte trafikalt krevjande med ei full utbygging av Espevoll før, eller parallelt med at, Vesetgjelet, vert utbetra – særleg om der kjem verksemder med mange tilsette og aktivitet som genererer ein større auke i ÅDT. Vesetgjelet er hovudinnfartsåra til store deler av Osterøy. Strekningen er ulukkesutsett og trafikken der stoggar gjerne opp i mange timar ved bilberging e.l. Dette betyr ikkje nødvendigvis at det treng kome heilt ny veg – slik fylkeskommunen no er i ferd med å regulere – før Espevoll kan byggast fullt ut. Det er mogeleg at punktutbetringar, i form av at ein får fjerna nokre av dei verste svingane og utvida vegen noko, kan vere eit tilstrekkeleg godt utbetringstiltak. Det er vanskeleg å sjå at dette kan karakteriserast som eit uforholdsmessig eller urealistisk rekkjefylgekrav/tiltak.
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
Parti
Side
Røyster
Kjelde
H
mot
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
SP
mot
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
U
mot
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
Kommunedirektøren sitt framlegg vart sett opp mot framlegg frå Herdis Helle(Ap):
Kommunedirektøren sitt framlegg vart vedteke med 3 røyster for(Sp, U, H) og 2 røsyter for framlegg til vedtak frå Herdis Helle (Ap).
Framlegg 2
2–3 · faltKari Mjøs(U)
Vis heile framlegget
Planutvalget vil særleg leggje vekt på avsnittet om naturmangfold, myr og klima. Den «gamle» reguleringsplanen er frå 2010, og den nye detaljreguleringen skal byggje på oppdatert kunnskapsgrunnlag, særleg med tanke på nedbygging av myr og avrenning til bekken.
Partitala i denne røystinga står ikkje slik i protokollen — dei er utleidde
av teksten. Kontroller mot protokollen før du brukar dei.
Opne protokollen (PDF)
Parti
Side
Røyster
Kjelde
H
for
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
U
for
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
AP
mot
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
FRP
mot
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet
SP
mot
1
følgjer av totalen — protokollen skreiv ikkje talet